Og alle ting vert nye: nye nynorske noveller
Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet.
Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal.
Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.
Sitat frå melding
["«En leseverdig bok ... Den tematiske fellesnevneren er tilhørighet
røtter
slekters gang og livet slik det kunne ha vært. Alle bidrag holder et jevnt over høyt nivå» - Sigmund Jensen
Stavanger Aftenblad "]
Rakel Solstad
Rakel Solstad (f. 1945) er fødd i Finnmark og bur i Trondheim. Ho debuterte med novellesamlinga Men kva veit vi om barna i 2013, og ho gav ut den andre boka si i 2015, Falle – også det noveller. Ho har arbeidd som lærar og har i mange år vore pedagogisk-psykologisk rådgivar. I for internatunge er Rakel Solstads første roman.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO