Møte med psykiatrien

Liv Marie Austrem |
Hefta | ISBN: 9788252154238

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr

Korleis opplever pasientar og pårørande møte med psykiatrien? Og korleis kan desse erfaringane vere ein ressurs? Kva for utfordringar, dilemma og problem er fagfolk opptekne av? Det er tema i denne boka som held saman erfaringar frå brukarar, pårørande og fagfolk og slik utdjupar viktige problemstillingar i psykisk helsevern.

Boka byggjer på intervju med ei rekkje pasientar, pårørande og fagfolk. Tanken er at ein kan lære av kvarandre. Brukarperspektivet er ein ressurs og ei kunnskapskjelde som er lite nytta i psykisk helsevern. Viktige tema er tillitskaping, heilskapstenking, ettervern, tryggleik, medisinering og bruk av tvang. Ved å samanhalde erfaringar og refleksjonar både frå pasientar, pårørande og fagfolk, blir desse tema utdjupa frå ulike sysnvinklar. Slik kan røynslene komme alle til gode.

Boka vender seg til studentar og fagfolk som arbeider innan psykisk helsevern, til pasientar og pårørande, og dessutan til politikarar som legg rammene for psykisk helsevern.

Liv Marie Austrem

Du likar kanskje desse

Sist sett på