Utfor

Sunniva Relling Berg

Mørk og medrivande roman

Saman med foreldra flyttar Lea frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.

Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein vennskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.

Ei ungdomsbok om ei jente som er flink i matematikk, men dårleg på vennskap, ei bok om å bli tvinga til å ta vanskelege val, om korleis det kjennest å falle utfor eit stup.

Frå Bokmeldingar

En ung forfatters svært godt skrevne debutroman.
Inger Østenstad, Barnebokkritikk.no

... uvanlig god. Språket er stramt, med mange gode bilder og metaforer, og få klisjeer. Persontegningene er treffende og troverdige ... «Utfor» er en bok du gjerne kan lese i en jafs, men det tar langt mer tid å legge den fra seg.
Marie Kleve, Dagbladet

Relling Berg skriv rasande godt. Ho skildrar stemningar så ein kjenner det i magen når ein les.
Toril Myren, Sunnmørsposten

Juryens grunngjeving ved nominasjonen til Brageprisen 2011, i klassen for barne- og ungdomsbøker


ISBN: 9788252182941

Kategoriar: Alle bøker, God pocketsommar!, Pocket, Sunniva Relling Berg

Emneknagg: 2011, Innbunden, Pocket

Sjanger: Unknown Type


Meir frå Sunniva Relling Berg