Billie: roman
Billie og Franck er to utskot, som på underleg vis finn saman. Ho er frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut.
På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Og medan Billie strever med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande - akkurat slik vi liker Gavalda.
Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje lèt fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.
Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt.
"Som en pose drops (...) De små vendepunktene, kunsten å suge på en sjelden karamell en stund til, det ekte vennskapet. Varmt, morsomt og veldig godt oversatt fra fransk. Anbefales!"
Elsebeth Danielsen, Kamille
"Anna Gavaldas «Billie» er feelgood-lesing på høgt nivå."
May Grethe Lerum, VG
Meldingar
Anna Gavalda
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO