M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. Ho inviterer oss inn i New York-kvardagen sin, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tekne med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt.
M Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår tids største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto.
Meldingar
"[Hun formidler] et liv så enkelt og så rikt annerledes at det borer seg inn i hjerterota – og bevisstheten din. Smith er en intellektuell kapasitet med en drømmers følelsesliv. Det er så vakkert fortalt, og så utrolig nennsomt ikledt en prisverdig nynorsk språkdrakt av Brit Bildøen."
Anne Schäffer, Tara
"Artisten Patti Smith er ikke bare rockeikon, poet og forfatter. I hennes nye memoarer M Train, som nå er ute på norsk, viser hun mange andre sider."
Harald Fossberg, Aftenposten
"M Train er på mange måter en interessant memoarbok, med mange fine stykker og episoder. Patti Smith skriver vakkert og poetisk, og det hviler en dunkel melankoli over store deler av teksten."
Anita Ness, Bokbloggar
"Boka er mesterlig! Denne kan man lese om og om igjen uten å bli lei. […] Boka har gjort et uutslettelig inntrykk på meg, og går nå inn i samlingen av bokskatter som jeg aldri vil kvitte meg med! Jeg kvier meg for å bruke en forslitt klisjé: les sakte og nyt!"
Rose-Marie Christiansen, Bokbloggar
"Lesaren kjem nær Patti Smith i små og store tankar, men mest ved sjå verda gjennom blikket hennar. Ho har sett litt av kvart. (...) Patti Smith har skrive ei fin og litt melankolsk bok (...)"
Odd W. Surén, Dag og Tid
Bla-i-boka
Patti Smith
Patti Smith (f. 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria, og ho er også kjent som pønkens gudmor. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og har gitt ut fleire bøker. Just Kids (2012), Sanka ull (2013), M Train (2016) og Om å skrive (2018), er alle gitt ut på norsk. For Just Kids fekk ho National Book Award i 2010.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO