Teikneserieroman om vikingtida. I Soga om Olav Sleggja møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han. Soga om Olav Sleggja har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar.
Meldingar
"Kraftkaren Olav Sleggja er vikingtidens svar på Marv fra Sin City: Beinhard, bygd som et fjell, og med en upåklagelig om enn smått gjennomhullet moral."
Walter N. Wehus, Bergens Tidende
"Lenge leve Øystein Runde [...] Olav spiser opp en av sine fiender i åpningsscenen, og før du får sagt 'blodhevn' serverer Runde noen av de mest intense voldsscenene jeg har sett i noen norsk fortelling – uavhengig av sjanger."
"[Rundes] kompromissløse nynorsk, grundige kildearbeid og usensurerte svart-hvitt-tegninger er som skapt for en blodig viking-saga ... Runde imponerer også denne gangen med å veve dikt inn i teksten på en naturlig og sømløs måte ... Slik er Soga om Olav Sleggja blitt utmerket underholdning med et godt, gammeldags humanistisk tilsnitt."
(f. 1979) er teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Han gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, der han har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar. I Soga om Olav Sleggja møter vi trælen Olav, som står i gjeld til kong Olav Tryggvason. Han skal gjere eit siste oppdrag for kongen før han er fri: å drepe bror til kongen. Oppdraget endar med at Olav Sleggja blir lyst fredlaus. Sleggja har mykje å hemne, og etter kvart sit kroppsdelane laust rundt han. Soga om Olav Sleggja blei nominert til Sproingprisen for beste norske serie i 2009. Øystein Runde har i tillegg til dette gitt ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplattaren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner. Runde bur i Oslo.
Kultur- og kyrkjedepartementet sin teikneseriepris for barne- og ungdomslitteratur
For De Fire Store - Når De Døde Våkner
Spirit sin teikneseriekonkurranse Beste stripe 2001.
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO