Norsk miljøorganisering mellom stat og lokalsamfunn

Øystein Bortne |
Hefta | ISBN: 9788252156133

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price350 kr
Boka tek for det organiserte miljøvernet i Noreg, og korleis det skil seg frå organisert miljøvern i andre land. Avslutningsvis diskuterer forfattarane kva framtidige utfordringar miljøorganisasjonane står overfor.

Boka Norsk miljøvernorganisering mellom stat og lokalsamfunn byggjer på ei undersøking av organisert miljøvern i Noreg. Forfattarane viser korleis det organiserte miljøvernet i Noreg er annleis enn i andre land. Det er to særtrekk som er påfallande: den sterke bindinga miljøorganisasjonane har til staten og til lokalsamfunnet. Forfattarane analyserer i kva grad desse særtrekka er spegla i haldningar og handlingar blant miljøvernarar.

Boka inneheld i tillegg analysar av korleis miljøvernarar plasserer seg når det gjeld sosiodemografiske kjenneteikn og politiske meiningar, samanlikna med nordmenn generelt. I den siste delen av boka diskuterer forfattarane korleis ein kan forstå det organiserte miljøvernet i Noreg, og kva utfordringar miljøorganisasjonane står overfor.

Boka er skriven både for studentar som tek miljø- eller ressursforvaltingsfag, og studentar som tek ulike samfunnsfag ved høgskolar og universitet, særleg statsvitskap, adm.org. og samfunnsgeografi.

Øystein Bortne

Du likar kanskje desse

Sist sett på