{"title":"Olav Vesaas","description":"\u003cp\u003eOlav Vesaas (f. 1935) har lærarskule- og cand.philol.-eksamen, og har kulturmedarbeidar i NRK i nesten 30 år frå 1968, bortsett frå to år som forlagssjef i Det Norske Samlaget., 1978-1980. Olav Vesaas har redigert fleire diktantologiar og har tidlegare gjeve ut Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985), Telemark. Dikt og draum (saman med Johan Brun) (1992), Rolf Jacobsen. En stifinner i hverdagen (1994), Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995), Tarjei i tale (taler og prologar av Tarjei Vesaas) (1997) og A. O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001). Han er no aktuell med biografien Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas.\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"tarjei-i-tale-taler-helsingar-og-prologar-av-tarjei-vesaas","title":"Tarjei i tale","description":"","brand":"Olav Vesaas","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257811407069,"sku":"9788252150353","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/products\/Tarjei-i-tale.jpg?v=1641235684"},{"product_id":"a-vera-i-livet","title":"Å vera i livet","description":"\u003cp\u003eHalldis Moren Vesaas (1907-1995) vart ein av våre mest folkekjære lyrikarar. Mellom debuten i 1929 og fram til 1955 gav ho ut sju diktsamlingar, alle med eit sterkt kvinneleg subjekt og i eit lettfattteleg formspråk. Den siste diktsamlinga, Livshus, kom ut få veker etter at ho døydde og vart ein dei mest selde diktsamlingane her i landet nokon gong. Halldis Moren Vesaas skreiv også barnebøker, essays og to minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas. Biografien fortel om ein markant og sentral kulturpersonlegdom som levde gjennom nesten heile det 20. hundreåret og som møtte fleire norske og nordiske kunstnarvener. Med denne grundige og ærlege boka om mor si har Olav Vesaas også gjeve livaktige glimt frå oppveksten i Trysil, ungdomsår i Europa og familielivet på Midtbø.\u003c\/p\u003e","brand":"Olav Vesaas","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257834148061,"sku":"9788252157154","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nX1KOCrkFEuu4b6x99V8PRBrZqr7VUEcA7l7WDJI.jpg?v=1716502723"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/olav-vesaas\/innbunden.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}