Skogen stend, men han skiftar sine tre

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han gav i alt ut seks samlingar med eigne dikt, var ein genial gjendiktar, mens brevsamlingar og dei monumentale dagbøkene syner at han også var ein stilsikker prosakunstnar.

I fembandsverket, Dagbok 1924-1994, vrimlar det med sentensar, ordtak, sitat og fyndord.

Hauge forma sjølv hundrevis av eigne aforismar, og boka presenterer eit mindre utval, både av dei lengre og av dei stutte.

Den som tømer skåli, får sjå rosa i botnen.Moten skifter med folk og tider. Den gode smak aldri. Lagnaden gjer mange til heltar.Veikt er det strået som stend åleine.Alt kan ein greida seg utan, berre ikkje umtanke.Elsk, so vert di likbåre ljuv som ei vogge!Skogen stend, men han skiftar sine tre.Kvinnfolki er livet - men og døden.Kva ser ei pil? Målet.Ros er ein giftig drykk.Det finst berre ein medisin for hjarta - gråt.Alle er profetar når dei ser attende.Nokre plager lyt ein ha, elles er ein ikkje frisk

ISBN: 9788252158212

Kategoriar: Olav H. Hauge

Emneknagg: 2001, Hefta,

Sjanger: Unknown Type


Meir frå Olav H. Hauge