{"title":"Nynorske E-bøker","description":"\u003cp data-mce-fragment=\"1\"\u003eE-bøker er perfekt for deg som er i farta eller trivst med å ha alt digitalt. Eit stort utval av våre skjønnlitterære og biografiske bøker er derfor å finne også som E-bok.\u003cspan class=\"Apple-converted-space\" data-mce-fragment=\"1\"\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp data-mce-fragment=\"1\"\u003e\u003ca href=\"https:\/\/samlaget.no\/pages\/sporsmal-ebok-og-lydbok\" title=\"E-bok og lydbok på nynorsk\"\u003eTrykk her for å sjå korleis du nyttar E-bøker og lydbøker frå \u003cspan data-mce-fragment=\"1\"\u003esamlaget.no\u003c\/span\u003e.\u003cspan class=\"Apple-converted-space\" data-mce-fragment=\"1\"\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/a\u003e\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"livvakt-pa-innsida-av-politiets-sikkerheitsteneste-pst-1","title":"Livvakt: på innsida av PST","description":"Med pistolen klar.  \n \nEnkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. \n  \nVi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?  \n  \nHistoria til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.","brand":"Simon Frammarsvik Solheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737026424983,"sku":"9788234000720","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/LnNlQhf97ceWJ4KQtt7TzZY7SM6QVy8tJdg34na7.jpg?v=1716487672"},{"product_id":"innestengt-i-udyr","title":"Innestengt i udyr","description":"Romanen forteller bl.a. om to svært ulike figurer; Griseline fra Fabuland og Guru fra Legoland. Russetid og studieliv i Bergen utgjør rammehistorien. I boka skildres jeg-personens problematiske forhold til mat, menneskenes angst for hverandre og forakten for de svake. Jenteerfaringer blir formidlet på en gjenkjennelig måte og selv om mye er trist, finnes det håp om en endring til det bedre. Dette er forfatterens debutbok.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737041825943,"sku":"9788252176995","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"elefantmusikken-1","title":"Elefantmusikken","description":"Diktsamlinga inneheld humoristiske dikt som alle har referansar til andre litterære tekstar. Den inneheld m.a. Kveldssong for deg og meg, Vårdikt, Gøymespel og Luring.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737042022551,"sku":"9788252176810","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"den-som-ikkje-har-goymt-seg-no-2","title":"Den som ikkje har gøymt seg no","description":"Odd har spegla seg mot baksida av ei spiseskei og begynt å lure på om han er heilt som han skal. Ein dag stenger bestevennen Per Tore seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen. Han trur det kviler ei forbanning over han - det skjer jo så mange ulykker der han er. Mor til Per Tore vil at Odd skal snakke med han, men Odd er ikkje så flink til å snakke. Med seg sjølv og andre som innsats bestemmer han seg for å sette den innbilte forbanninga på prøve.","brand":"Arnfinn Kolerud","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043005591,"sku":"9788252176933","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"zoomarferien-roman-1","title":"Zoomarferien: roman","description":"Tenåringsgutane Per Tore og Odd får ikkje reise på sommarferie. I staden fotograferar  dei  ein mann idet han gjer noko ulovleg, og prøver å presse pengar ut av han. Odd er redd dei skal bli kjenningar av politiet, og at bygda skal hate dei. Boka er ei frittståande oppfølgjar til Den som ikkje har gløymt seg no.","brand":"Arnfinn Kolerud","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043267735,"sku":"9788252176940","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"utanfor-sesongen-1","title":"Utanfor sesongen","description":"Venge drar for å spore opp den forsvunne kona si. Det skjønar han snart at han ikkje burde gjort. Snart har han berre seg sjølv å lite på, og han er klar over at han er ein tvers gjennom upålitelig person.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737043792023,"sku":"9788252176773","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"naer-nok","title":"Nær nok","description":"Dette er ei novellesamling for ungdom, og temaet er forholdet mellom ungdom og familien deira. Boka inneheld ti noveller, og er forfattarens 2. novellesamling.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737044119703,"sku":"9788252177060","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"berre-du-som-veit","title":"Berre du som veit","description":"Boka inneheld 10 noveller med skolen som tema. Her møter vi bl.a. ein gut som må lure seg til skolen, ei jente som går med kniv i sekken og ein lærar, den vakre Rikarda Rosenlund, som byrjar å skulke.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737044578455,"sku":"9788252177053","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"paradis-1","title":"Paradis","description":"Etter et år i fengsel dukkar Roger opp hos den platinablonde Gloria. Han har ein dom for mord bak seg. Gloria meiner at det berre er skulejenter som vert imponert av slikt. Likevel lar ho han låne faren sin bil, og dagen etter er dei på full fart gjennom ferjekøar og langs fjordsider...","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045332119,"sku":"9788252176780","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"varselet-roman-1","title":"Varselet: roman","description":"Denne høsten har Langfyrkja blitt sett flere ganger i fjellbygda. Det mennesket som gjemmer seg bak hvite laken og plakater som varsler ulykke, skremmer både barn og voksne. En mann blir funnet død i et fiskevatn, og det viser seg senere at det ikke er snakk om en vanlig drukningsulykke. Dette er første roman med Kripos-etterforskeren Mons Strand.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737045627031,"sku":"9788252176629","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"nyryddinga-roman-3","title":"Nyryddinga: roman","description":"Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046118551,"sku":"9788252176964","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"brakk-roman-3","title":"Brakk: roman","description":"Geir er nitten år og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på Geir. Geir må til slutt konfrontere seg sjølv med eit val som for han er eksistensielt: Skal han levere alle dyra og avvikle drifta, eller skal han berre levere dei slakteferdige og halde fram? Brakk er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga (2003).","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046315159,"sku":"9788252176971","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"vi-har-sa-korte-armar-1","title":"Vi har så korte armar","description":"I Skoddeheimen er det godt å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin \"bondske\" oppvekst.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046380695,"sku":"9788252177008","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"fa-meg-pa-for-faen-1","title":"Få meg på, for faen","description":"Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737046511767,"sku":"9788252177015","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"weiter-gehts-nettside-laerar","title":"Weiter geht's: nettside lærar","description":null,"brand":"Anne-Marie Schulze","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737056276631,"sku":"9788252179309","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"weiter-gehts","title":"Weiter geht's app","description":null,"brand":"Anne-Marie Schulze","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737056407703,"sku":"9788252179323","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"weiter-gehts-nettside-elev","title":"Weiter geht's: nettside elev","description":null,"brand":"Anne-Marie Schulze","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737056538775,"sku":"9788252179330","price":0.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"der-det-finst-fuglar-roman","title":"Der det finst fuglar: roman","description":"Ein litterær pageturner. \n \n«Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. \n \nFor å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven? \n \n«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor. \n \nFrå dansk ved Ingvild Holvik.","brand":"Maren Uthaug","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737129021591,"sku":"9788234000836","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/C5hbyHqV5DdydokxVqQOz67Z2lYDmF0S4KEWVpE0.jpg?v=1716487696"},{"product_id":"noveller-i-samling-1","title":"Noveller i samling","description":"I denne boka er alle forfattarens noveller samla. Her finst blant anna historier som skildrar avstanden mellom dei menneska som burde vere nærast, og historier om håp og opningar mot lykka.","brand":"Frode Grytten","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737129709719,"sku":"9788252176674","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"aleine-i-alpane-prosa-i-utval-1","title":"Åleine i Alpane: prosa i utval","description":"Førsteutgåva av Åleine i Alpane inneheldt 20 ulike bøker i eitt, roman, skodespel, film, aforismar, dikt, falske minnebøker og ekte dagbøker, artiklar, essay, vitsar m.m. Dei var alle gjennomsyra av forfattarens uforliknelege fantasi og merkte av hans særeigne skriveklør. Her er boka i ny utgåve, der det beste av det beste er vald ut av forfattaren sjølv.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737130561687,"sku":"9788252176803","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"naustet-2","title":"Naustet: roman","description":"I løpet av nokre sommardagar utspelar det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten Knut'en og kona til Knut'en. Knut'en bur i byen, men er kommen heim til bygda på ferie. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande og suggererande stil. Det handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død. Sommardagane får ein brutal ende, uroa hjå eg-personen blir ikkje til å halde ut, og han bestemmer seg for å skrive ein roman.\n\nNaustet kom første gong ut i 1989 og var eit gjennombrot for Jon Fosse. Opningsreplikken i romanen har vorte ein klassikar.\n«Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.»\n\n\n«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» \nFrå grunngjevinga til Svenska Akademien.\n\n«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»\nAnders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.\n\nOm Naustet:\n\n«Han viderefører arven fra Vesaas.»\nSimen Skjønsberg, Dagbladet\n\n«Allerede i denne tidlige roman, som er blevet en norsk nyklassiker, havde han udviklet det lavmælte til perfektion.»\nKlaus Rothstein, Weekendavisen\n\n«Psykodrama»\nTove Valmot, VG\n","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737130791063,"sku":"9788252176650","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DEYS9EQ8ne66fWR6SlGa2CZOc70OZ3ynl5Y9in3g.jpg?v=1716516081"},{"product_id":"melancholia-i-ii-roman-1","title":"Melancholia I-II: roman","description":"\u003cem\u003eMelancholia I-II\u003c\/em\u003e er eit hovudverk i nyare norsk og europeisk litteratur og handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), målaren av lyset. Vi følgjer han ein haustdag i Düsseldorf i 1853, den dagen han blir kasta ut frå hybelen sin fordi han har forelska seg i dottera i huset. Vi møter han igjen julaftan 1856, den dagen Hertervig rømmer frå Gaustad etter å ha vore innlagd i to år. I Melancholia I-II er vi i Stavanger i 1902. Hovudpersonen er ei fiktiv søster til Lars Hertervig, Oline. Lars er død, men gjennom det skrøpelege minnet hennar opplever vi episodar frå livet hans.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFrå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eOm \u003cem\u003eMelancholia I-II\u003c\/em\u003e:\u003cbr\u003e«en helt praktfull roman» Henning Hagerup, Klassekampen\u003cbr\u003e«Den beste romanen jeg har lest det siste året.» Karl Ove Knausgård, Klassekampen\u003cbr\u003e«et sprogligt kunstværk, der bliver sin egen autonome størrelse, en kværn, der maler sine ofre, så skøn musik opstår» Torben Brostrøm, Information\u003cbr\u003e","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737131020439,"sku":"9788252176667","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jbDvKsMYA7lDccy6g41vJEQL4Xq3NInQtU3V4ff4.jpg?v=1716516084"},{"product_id":"ei-vinterreise-roman-1","title":"Ei vinterreise: roman","description":"Ei reise i det ukjende.\n\nLindemann er dratt ut for å finne Johanna, den jenta han var glad i, og som han no innser han burde ha valt den gongen det enno var mogleg. På vegen møter han Tomas i Dalen og den unge jenta Liv, som begge blir med på turen. Dei tre har alle noko dei vil legge bak seg, og noko dei leitar etter. Men reisa blir annleis enn dei hadde tenkt, for landskapet blir meir og meir draumeaktig, og heile tida har dei kjensla av at nokon følgjer etter dei.\n\nDen andre forteljinga i «Ei vinterreise» er ei dagbok. Han som skriv, har fått vite at han er sjuk, og med det kjem det livet han har, heilt tydeleg fram. Alt det som no blir viktig, formidlar han i skrift gjennom eit år: menneska rundt han, musikken han høyrer på, bøkene han les, samtalar, tankar og reiser. Slik blir dagboka ei «dokumentarisk» skildring av ei sjukdomshistorie og eit sjukehusopphald - og ei mental reise ut i det ukjende.\n\nLangs desse to vegane faldar romanen seg ut. Det er ei historie om små ting og store spørsmål, der dei som reiser, ikkje lenger veit kva spørsmåla er. Men svara ligg kanskje der historiene kryssar kvarandre.\n\nRagnar Hovland vann både Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for denne romanen.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737131643031,"sku":"9788252176841","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QiZyEiO957x2qDPhAfrYPIOj1iKQvkJRTZLM5m12.jpg?v=1716509418"},{"product_id":"med-berre-nevane-eit-forsvar-for-praktisk-arbeid","title":"Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid","description":"Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne. Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv; blant sta geiter, høygaflar og famlande motorsaging fann ho meistring og ro.  Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet? På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede.","brand":"Siri Helle","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737133707415,"sku":"9788252196665","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/3LhfzZXqyhqLfqxbtbaCpyfuguarwag8kOzi4mqB.jpg?v=1716514189"},{"product_id":"det-kvite-kortet-eit-skodespel-i-ei-akt","title":"Det kvite kortet: eit skodespel i éi akt","description":"Den usynlege kvitheita.  \nKvifor kjem så mange velmeinte forsøk på antirasistisk arbeid frå den kvite middelklassa til kort? Er det i det heile mogleg å nå ein felles røyndom for velmeinte, privilegerte kvite og svarte som kjenner rasismen på kroppen? Dette er sentrale spørsmål i Claudia Rankine, forfattaren av «Medborgar», sitt nye stykke, «Det kvite kortet». Ekteparet Virginia og Charles, to kvite kunstsamlarar, har invitert den gryande, svarte kunstnaren Charlotte til middag. Dei vil kjøpe kunsten hennar og prøver å smigre henne med refleksjon kring spørsmål om kunst, representasjon og rase.  \n \nSamtalen imploderer sakte, men sikkert, og stykket får lesaren til å vri seg i ubehag etter kvart som middagsselskapet havarerer. Det utforskar kva som skjer om ein er villig til å bli i rommet når det gjer vondt å lytte. Boka er like fullt humoristisk, og personane blir meir og meir melodramatiske etter kvart som selskapet utartar seg. «Det kvite kortet» er eit politisk lesestykke med stor aktualitet og samfunnsrelevans. Boka er ei rørande og avslørande destillering av raseskiljet slik det blir erfart i kvite rom; i stova, i kunstgalleria, i samfunnet og i vår eigen fantasi. \n \nFrå engelsk ved Kristina Leganger Iversen og Camara Lundestad Joof.","brand":"Claudia Rankine","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737134461079,"sku":"9788234001765","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/p6XJBIzRdzL0mBLJ0alS0Fj6IIeS3EA4h5c7GEH8.jpg?v=1716487953"},{"product_id":"seljefloyta-dikt","title":"Seljefløyta: dikt","description":"Hauges tidlege og etterlatne dikt samla for første gong! I Dagboka til Olav H. Hauge kan vi lese at han på slutten av 30-talet sende inn diktmanuset «Seljefløyta» til Norli forlag. Manuset blei refusert, men Hauge fekk fleire av dikta publiserte i diverse tidsskrift og aviser. Debutsamlinga Glør i oska kom i 1946, med berre få dikt frå dette manuset. I denne nye Seljefløyta er 24 dikt henta frå det opphavlege manuset. Med i boka er også einskilde dikt frå 1940-1979: Dei er kvasse og humoristiske kommentarar over livet og kvardagen. For første gong blir dette materialet samla i bokform, og boka gir oss eit utfyllande bilete av lyrikaren Olav H. Hauge. \nUtvalet er redigert av Bodil Cappelen.","brand":"Olav H. Hauge","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737134788759,"sku":"9788252195927","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/db57Nm6ZDoIZScWW4ElaZSLe8kknbLjMTyl4bUKU.jpg?v=1716514044"},{"product_id":"og-skipet-siglar-vidare-roman","title":"Og skipet siglar vidare: roman","description":"Eit skip siglar på fjorden, ein doktor deler ut medisin som skal halda folk friske. Men ein etter ein dør dei og blir kasta ut i fjorden, berre med ei bok på brystet og med eit dekke av fiskeskinn. Poll overtar vaskejobben på skipet etter sistemann som gjekk i fjorden. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under senga. Der ligg bøkene. Poll har aldri sett i ei bok før. Kan det skada om han opnar ei av dei? \nOg skipet siglar vidare er forteljinga om mannskapet på eit skip, som ikkje kjenner noko anna enn dette skipet og kvarandre, havet under dei og himmelkvelven over. Ein eventyrleg roman om det å finne sin plass i verda.   \nMads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Og skipet siglar vidare er hans første bok.","brand":"Mads Rage","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737145438359,"sku":"9788252195026","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/wAKL2rGJjfhMSugNdzlw4HhyyyMnSeMmaHgf04A7.jpg?v=1716513795"},{"product_id":"eit-ar-med-elena-ferrante-spaltene-fra-the-guardian-i-samling-1","title":"Eit år med Elena Ferrante: spaltene frå The Guardian i samling","description":"Meisterlege artiklar frå Ferrante. Elena Ferrante er ein av dei mest anerkjende og bestseljande forfattarane i vår tid, særleg kjend for Napoli-kvartetten. Ei av verdas største aviser, The Guardian, gav henne eit spanande oppdrag: å skrive ei fast helgespalte gjennom eit heilt år. Her får du tekstane samla. Ferrante skriv personleg og jordnært om røynda vi lever i: om alt frå sitt første kyss til kvinnefellesskap, frå plantevekstar til klimaendringar, frå beundring for ei kjend filmstjerne til redselen for å flytte og om kvinnefrigjering i eit enno mannsdominert samfunn.  \n \n«Eit år med Elena Ferrante» er ei skarp og vittig bok og eit must for alle Ferrante-fans.  \n \n«Eg høyrer til den kategorien menneske som ikkje liker seg sjølv, verken på foto eller film. [...] Men for ei tid sidan fann eg igjen eit fotografi av meg sjølv frå då eg var sytten år, og eg likte det så godt at eg fekk ramma det inn. [...] Litt etter litt måtte eg også erkjenne at eg likte det fotografiet nettopp fordi eg ikkje likna det minste på det bildet eg hadde av meg sjølv.»","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737146650775,"sku":"9788234001789","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Xo57Jc2jfZ7PfTZMFYB23a8HTjFxQOq5i24IOijQ.jpg?v=1716487957"},{"product_id":"fra-nora-til-karl-ove-og-84-andre-personar-i-norsk-litteratur-1","title":"Frå Nora til Karl Ove: og 84 andre personar i norsk litteratur","description":"Denne boka er ei skattkiste for alle som er glade i god litteratur. Kulturjournalist Jan H. Landro har nylese mengder av norsk skjønnlitteratur og valt å portrettere og skildre korleis 86 oppdikta personar tenkjer og handlar i fleire v dei beste norske bøkene hgjennom tidene, frå den norrøne sagalitteraturen og opp til dagens «verkelegheitsromanar». \n \nHer får du møte sagaens Gunnar frå Lidarende, Oskeladden, Wergelands Stella og Petter Dass i eigen person. Du kan lese om opprørske Inger-Johanna i Familien på Gilje, Tusten hos Tarjei Vesaas og den gåtefulle «Lillelord» hos Johan Borgen. Ikkje minst får du vite meir om personar frå vår tids litteratur, som incestofferet Bergljot hos Vigdis Hjorth, kemner Bjørn Hansen hos Solstad og den heilt gjennomsnittlege Harry Lund i Gryttens Bikubesong. \n \nFrå Nora til Karl Ove er ei engasjerande og underhaldande bok, som opnar opp den norske litterære gullrekka for gamle og nye lesarar. \n \nJan H. Landro (f. 1948) er tidlegare journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende. Han har skrive ei rekkje bøker, mest om litteratur. Landro er i dag frilansjournalist og ein populær «bokbadar» og føredragshaldar.","brand":"Jan H. Landro","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737147797655,"sku":"9788252194739","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6eyCDNNEwf3rGa6jIKqTsqHjonl0w0aU2oz5rspb.jpg?v=1716513724"},{"product_id":"mork-sommar-1","title":"Mørk sommar","description":null,"brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737148256407,"sku":"9788252195354","price":239.2,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"finn-1","title":"Finn!","description":"Appellerande og finslipt bildebok om tre generasjonar Finn \n \nI denne appellerande og finslipte bildeboka møter lesaren tre generasjonar Finn: Finn, Vesle-Finn og Bittevesle-Finn, tre Finn-ar som alle leitar etter noko, men slett ikkje det same.  \n \nPappaen til Finn seier tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an! Han veit toget hans kan gå kor det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen!","brand":"Gyrid Axe Øvsteng","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737149075607,"sku":"9788252186239","price":179.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/GmSWuJ0gu1bvL3G8zV5JrMvEfy4de93VFnQZlg5v.jpg?v=1716511748"},{"product_id":"henrik-and-1","title":"Henrik And","description":"Humoristisk om å finne seg sjølv \n \nHenrik And er ei and. Ei heilt vanleg and, med ein heilt vanleg draum. Han vil vere noko anna.  \nFor om han var noko anna, ville han kunne gjere heilt andre ting, og alt ville vore annleis. Men han må tenkje seg nøye om, kva han vil vere ... Kanskje ein katt? Eller ein sjiraff? \n \nHenrik And har ein enkel tekst med regleelement og gjentakingar, slik ungar elskar. Dei vil òg fryde seg over alle dei merkelege dyra i boka, alle saman har nemleg hovudet til Henrik And.   \n \nEnkle, fargesterke illustrasjonar i collageteknikk.","brand":"Anna R. Folkestad","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737150353559,"sku":"9788252186208","price":179.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/2R8HdJx2kXLCiscJYmJXhMNoGX1QQYBxcGgtl6mS.jpg?v=1716511740"},{"product_id":"ein-halv-dag","title":"Ein halv dag","description":null,"brand":"Hildegunn Dale","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737164804247,"sku":"9788252188394","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"den-svarte-oksen-spenningsroman-1","title":"Den svarte oksen: spenningsroman","description":null,"brand":"Atle Hansen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737165230231,"sku":"9788252191868","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"eg-er-eg-er-eg-er-dikt-for-barn-1","title":"Eg er eg er eg er: dikt for barn","description":"Nominert til Brageprisen og Kritikarprisen 2016. \n \nGjennom trettini dikt skildrar «Eg er eg er eg er» korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.   \n  \nBrageprisvinnar Ruth Lillegraven som har fornya samtidslyrikken for vaksne, viser med «Eg er eg er eg er» at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.","brand":"Ruth Lillegraven","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737174765719,"sku":"9788252190144","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QeBRQHjoqNNUVtpdPL5YO4n1kfSYddpDsoVwbid4.jpg?v=1716512628"},{"product_id":"poesiar-etter-henrik-wergeland-dikt-1","title":"Poesiar: etter Henrik Wergeland : dikt","description":"Då Jon Fosse 2011 flytte inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturintesserte nordmenn flest. Han gjekk  \ni gang med å lesa meir både om og av den tidlegare Grotte-buaren. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans.  \nFosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga. Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna. \n \nJon Fosse (f. 1959) voks opp i Strandebarm. Han bur no i Statens æresbustad for fortente kunstnarar, Grotten i Oslo. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983 med romanen Raudt, svart, og har seinare skrive over tretti skodespel, mellom anna Nokon kjem til å komme, Draum om hausten og Eg er vinden. Forutan romanar og dramatikk har Fosse skrive dikt, essay, kortprosa og barnebøker. Han har motteke ei rekkje prestisjetunge prisar og blir rekna som ein av våre største og viktigaste samtidsforfattarar.","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737176633495,"sku":"9788252190496","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6NVFJ2gVWS0fnYIM4kmnicoUuBYilsbwPYcA4NcL.jpg?v=1716512738"},{"product_id":"mysteriet-i-trua-ein-samtale-mellom-jon-fosse-og-eskil-skjeldal-1","title":"Mysteriet i trua: ein samtale mellom  Jon Fosse og Eskil Skjeldal","description":"I 2013 konverterte Jon Fosse til katolisismen. Fosse melde seg i protest ut av Den norske statskyrkja som 16-åring, men fann seinare attende til ei religiøs livsforståing gjennom skrivinga. Han har vore oppteken av gnostisisme, kristen mystikk og har kjent seg nær kvekarrørsla, men er no altså katolikk. Kva har skjedd? \nTeologen og katolikken Eskil Skjeldal samtalar med Fosse om vegen fram til konverteringa. Dei snakkar om tru og Gud, om åndelege og mystiske opplevingar, om skriving, alkoholisme og sjukdom, om litteratur og kunst, kvardagen som katolikk og om kva Fosse tenkjer om standpunkta til den katolske kyrkja. Her kjem du tett på både Fosse og trua. Boka byggjer på samtalar, men svara er gjennomskrivne av Jon Fosse og mange av dei er \nsom små essay. ","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737177092247,"sku":"9788252187199","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/mg7gr5SYVg82TtXa45D0QYC473usUb6wUNoSEY5c.jpg?v=1716512022"},{"product_id":"det-enkle-og-det-einsame-1","title":"Det enkle og det einsame","description":"Asta Olivia Nordenhofs diktverk overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar og person, offentleg og privat. Samstundes tek dikta opp klassiske tema som sorg, kropp og begjær. Det handlar om å miste foreldra sine i ung alder, om ein far som slo, om prostitusjon, om Danmarks institusjonar og politiske oppløysing. Nordenhof gir stemme til dei i samfunnet som vanlegvis ikkje blir høyrde, og vekslar suverent mellom glede, desperasjon, ømheit, indignasjon, humor og raseri. Frå dansk ved Anna Kleiva. \n \nAsta Olivia Nordenhof (f. 1984) debuterte med romanen Et ansigt til Emily (2011). Hennar andre bok, det nemme og det ensomme, kom i 2013. For denne blei Nordenhof tildelt den prestisjefylte danske Montanas Litteraturpris.","brand":"Asta Olivia Nordenhof","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737178763415,"sku":"9788252190182","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/YUn1kmCG1jdVRYJRIfRcRG8MN5TKjesCdXT0oeUu.jpg?v=1716512648"},{"product_id":"eline-og-julie-tar-ferja-roman-1","title":"Eline og Julie tar ferja: roman","description":"Med hjelp frå barndomsvenninna Julie og privatdetektiven Herman, prøver Eline å finne ut kvifor kjærasten hennar, politimannen Ivar Martinsen, vart skoten.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737197047959,"sku":"9788252176797","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/xwxMiEgdd6fm1qkAJjqrpEJnaPPGqxHER1W2MT3n.jpg?v=1716509402"},{"product_id":"sargasso-ei-forteljing-1","title":"Sargasso: ei forteljing","description":"Ein mann kjem inn i resepsjonen på Hotell Limbo i Haugesund. Han er uteseglar som ventar på ny hyre. Han møter ei kvinne som arbeider på hotellet, det er kjærleik ved første blikk. Han går i land for siste gong, og finn seg ei hamn i kvinna si heimbygd. Mannens møte med øya blir skildra. Han kjenner seg som ein innvandrar, isolert og uglesett, men samstundes kjenner han seg meir heime her enn nokon annan stad.","brand":"Atle Hansen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737197637783,"sku":"9788252176735","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"den-svartkledde-jenta-roman","title":"Den svartkledde jenta: roman","description":"Bekmørk og iskald grøss \n \nHanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne.  \n \nJenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. \n  \nKven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna? \nOg kor kjem dette forferdelege skriket frå? \n \nBoka er del av GRØSS OG GRU - ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"A. Audhild Solberg","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36737202782359,"sku":"9788252198201","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/vM5t8h0x4HXDPmnZVcCnAc56OfQZ5kZEsFCASaK1.jpg?v=1716514582"},{"product_id":"under","title":"Under","description":"Fascinerande undergangsforteljing frå eit framtidig Kina \n \nBarneheimsjenta Ela arbeider som alle andre jenter som slave på fabrikken til tyrannen Ingmor, som styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne, organisk mat finst ikkje, personleg fridom finst ikkje, og den som ikkje passar seg og gjer som ho er beden om, hamnar på blodtappingsbenken og kan ende med å måtte bøte med livet. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har ... \n \nUnder er første bok i framtidstriologien Søsteranarkistane. \n \nHilde K. Kvalvaag har skrive bøker for ungdom og vaksne. For Fengsla (2010) vann ho Brageprisen. Sturla Bang er debutant. Under er den første boka dei skriv i lag.","brand":"Sturla Bang","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740032856215,"sku":"9788252118995","price":169.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/MsucY0Z9vBuEoSreChMuMOADDNHG8C8N9tZXjHHG.jpg?v=1716490832"},{"product_id":"profesjonsetikk-for-psykologar-1","title":"Profesjonsetikk for psykologar","description":"Som psykolog vil ein stå overfor ei rekkje etiske utfordringar, både som behandlar og i andre roller. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis du kan bu deg på utfordrande situasjonar du kan møte som psykolog.\n\nForfattarane viser korleis profesjonsetikken spring ut av det samfunnsmandatet psykologar har. Profesjonsetiske retningslinjer (EPNP) og gjeldande lovverk blir gjennomgått, og tema som teieplikt, bruk av tvang, fagleg tvil og rolleforståing blir grundig behandla. Kjennskap til grunnlagsetikk er eit viktig bakteppe for etisk refleksjon, og i eit eige kapittel blir dei viktigaste etiske teoriane presentert. Her viser forfattarane korleis teoriane gir ulike inngangar til etiske dilemma. Forfattarane illustrerer typiske etiske problemfelt gjennom gjenkjennelege vignettar der studentane blir inviterte til å bruke «Den etiske beslutningsprosessen» for å oppøve etisk refleksjon. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel.\n\nNina Dalen (f. 1960) er psykologspesialist, privatpraktiserande psykolog og tidlegare leiar av Fagetisk råd. Ho er dessutan medlem av «Board of Ethics», som er etikkomiteen til den europeiske samanslutninga av psykologforeiningar. Dalen har tidlegare bidratt i fleire antologiar om profesjonsetikk og blogga om etikk på psykologforeningen.no.\n \nKnut Dalen (f. 1954) er professor i klinisk nevropsykologi og privatpraktiserande psykolog. Han har vore leiar for Fagetisk råd og er no leiar av ankeutvalet for fagetiske klagesaker i Norsk psykologforening. Dalen har vore medlem i REK Vest, Den nasjonale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk og det forskingsetiske ekspertpanelet til EU-kommisjonen, og er i dag medlem i Den rettsmedisinske kommisjon. Han har tidlegare gitt ut ei rekkje nasjonale og internasjonale publikasjonar og bokkapittel om profesjons- og forskingsetikk.","brand":"Nina Dalen","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740126769303,"sku":"9788234001116","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OLo1pLjsFI6vn2kAqFiF7yrl4cM2LytpZMCbBl55.jpg?v=1716487794"},{"product_id":"etikk-i-profesjonell-praksis-1","title":"Etikk i profesjonell praksis","description":"Korleis kan ein vere sikker på at ein handlar riktig i vanskelege situasjonar i profesjonelt arbeid? Kva hjelp får ein frå reglar og retningsliner, og kor mykje bør ein bruke eige skjønn når ein kjem i tvil om rett handling? \n\nDenne boka handlar om korleis profesjonsutøvarar kan reflektere i utfordrande situasjonar for å handle rett og godt . slik at publikum får tillit til profesjonen og den profesjonelle bevarer sjølvrespekten. Boka drøfter særskilte forventningar og krav til profesjonsetikken, og viser kva det vil seie å identifisere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i profesjonelt arbeid. Det blir gjort greie for nøkkelomgrep som opne og skjulte verdiar, normer, etikk og moral, og lesaren får ei innføring i sentrale etiske teoriar: dygdsetikk, pliktetikk, konsekvensetikk, diskursetikk og relasjonsetikk. \n\nAvslutningsvis blir etiske refleksjonsmodellar presenterte. For personar som har med andre menneske å gjere i arbeidet sitt, vil boka kunne gi både eit solid teoretisk grunnlag for refleksjon og vere ei praktisk handbok til hjelp i møte med profesjonsetiske utfordringar..","brand":"Einar Aadland","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740131782807,"sku":"9788252199512","price":239.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/tjkuSTiIIJEA8KhktVEeqgGrbYzKr9sRTf86kQtC.jpg?v=1716514934"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2014","title":"Norsk litterær årbok 2013","description":"I NLÅ 2013 skriv Marta Norheim om prosaåret 2012, Espen Stueland om lyrikkåret og Marius Wulfsberg om kritikkåret. Ingrid Mathisen tolkar Kristofer Uppdal med vekt på mannleg kraft og omsorg, medan Claus Elholm Andersen skriv om fedrar og søner hos Karl Ove Knausgård. Knut Faldbakkens Uår. Aftenlandet (1974) blir nylesen av Henning Howlid Wærp i eit økokritisk perspektiv.","brand":"Heming Gujord","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740137025687,"sku":"9788252199925","price":310.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/aeHRwYYtTLGGi02xJAixsM43jaVmZoVHoPvJdaUv.jpg?v=1716515080"},{"product_id":"barne-og-ungdomslitteratur-motet-med-lesaren-1","title":"Barne- og ungdomslitteratur: møtet med lesaren","description":"Dagens barne- og ungdomslitteratur bruker ei mengd ulike verkemiddel, det påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leik-teori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, enten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen barn og unge skaper sjølv, som fan-fiction. Boka er skriven for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.","brand":"Kristin Ørjasæter","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740139090071,"sku":"9788252199468","price":310.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/IZ4wx2xyQKuqeHrcFDXqUSOMwqWbzjznFm2HWJ1S.jpg?v=1716514915"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2017","title":"Norsk litterær årbok 2017","description":"Norsk litterær årbok inneheld litteraturvitskaplege artiklar som samanfattar fjoråret. Den danske lyrikkforskaren Louise Mønster skriv om det norske lyrikkåret 2016. Frode Helmich Pedersen presenterer ei kritisk kartlegging av røyndomslitteraturen og den norske debatten kring den, medan Carina Franzén løftar fram nyansane i forfattarskapen til vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris, Katarina Frostenson. Årboka inneheld dessutan fleire artiklar som krinsar kring etiske spørsmål, to artiklar om øko-kritisk lesing av litteratur, nylesingar av Helene Dickmar og Nini Roll Ankers tekstar og ein sjangerkritisk diskusjon av dramatiske opningar.","brand":"Nora Simonhjell","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740145643671,"sku":"9788252199659","price":310.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Qq9sb3M1OSmbEFgJov6zJJcuBwsw0wIIkgNQalDh.jpg?v=1716514962"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2012","title":"Norsk litterær årbok 2012","description":"NLÅ 2012 oppsummerer det litterære fjoråret, og inneheld litteraturvitskaplege artiklar om ulike emne. Hans Hauge portretterer Atle Kittang, Nora Simonhjell tolkar vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, og Eivind Tjønneland oppsummerer kritikkåret med eit spesielt blikk på Knausgård-resepsjonen. For å nemne nokre.","brand":"Heming Gujord","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740151967895,"sku":"9788252199994","price":310.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/O1gMsKeswjXtdhvMJXyexSFYNwTGTczVn8uZr1bC.jpg?v=1716515087"},{"product_id":"english-teaching-strategies-methods-for-english-teachers-of-10-to-16-year-olds-2","title":"English teaching strategies: methods for English teachers of 10 to 16-year-olds","description":"English Teaching Strategies er ei didaktikkbok i engelsk for mellomtrinnet og ungdomstrinnet som er laga for norske forhold og etter norske læreplanar. Boka rettar seg mot lærarar og mot studentar i engelsk i allmennlærarutdanninga. Forfattarane drøftar korleis ein kan arbeide med ulike emneområde innanfor engelskfaget: munnlege aktivitetar, lesing og skriftleg framstilling. Den nye utgåva er oppdatert etter endringane i læreplanen, og oppdatert med tanke på den digitale kvardagen vi har i dag.","brand":"Ion Drew","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740154228887,"sku":"9788252199666","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/GndCe28AvpJlgFH1AJlOWigdq7bKPylZqm2YMlQL.jpg?v=1716514980"},{"product_id":"norsk-litteraer-arbok-2019","title":"Norsk litterær årbok 2014","description":"Årboka består som vanleg av artiklar som oppsummerer det litterære fjoråret og litteraturvitskaplege artiklar om likt og ulikt. I årets utgåve skriv Nora Simonhjell, Kristoffer Juul-Larsen og Trond Haugen høvesvis om poesi-, prosa- og kritikkåret. Lars Handesten skriv om Kim Leine som vann Nordisk råds litteraturpris for romanen Profeterne i Evighedsfjorden. Elles kan ein finne artiklar om biletbøker, om litteraturen og litteraturfaget, om vitneskildringar, om ishavslitteratur og om forfattarar som Henrik Wergeland, Olav Aukrust, Dag Solstad, Helle Helle og Karl Ove Knausgård.","brand":"Heming Gujord","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740156850327,"sku":"9788252199864","price":310.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/IN3Q4ez05pGJdyw8nP8P4xsTkGX3Ne8NOCXqslvt.jpg?v=1716515052"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/nynorske-e-boker.oembed?page=22","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}