Dobbeltgjengaren

Ragnfrid Trohaug |
E-bøker | Sidetal: 220 | ISBN: 9788252191370

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
John går i sjuande og er litt av ein outsider, mest oppteken av gitaren og minidisc-opptakaren sin. Men ein dag vandrar Laura inn i livet hans, og ho tek affære den dagen dei oppdagar det som ser ut som Johns eigen dobbeltgjengar i ei russisk avis! Det utviklar seg til ei norsk-russisk detektivhistorie med mange ukjende personar og mykje action.

Dobbeltgjengaren er eit dramatisk høyrespel som kan lesast både som spenningsbok og som lesedrama eller sceneframføring. Høyrespelet blei framført i «Barnetimen for dei større» på NRK i 2003.

Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør, og har skrive fleire bøker for barn og unge. Bøkene hennar er omsette til mellom anna færøysk, svensk, nederlandsk, tysk og fransk.

Ragnfrid Trohaug

Du likar kanskje desse

Sist sett på