Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price899 kr
Forventa i sal: 01.11.2022
Norsk flora har vore Noregs mest brukte
vitskaplege flora dei siste 70 åra. Her finn ein
alle dei meir enn 3500 artane av karplantar
som er funne i landet, om lag 2500 av dei med
identifikasjonsnøklar og omtale, opplysningar
om økologi og utbreiing og kommentarar
om systematikk. Norsk flora er den einaste
floraen som inneheld nøklar: ein lettfatteleg
steg-for-steg-metode for å kunne identifisere
plantar presist. Boka dekkjer alle plantar
som er funne viltveksande på fastlandet og
dei arktiske øyane, både dei heimlege og dei
framande plantane, og både dei som er medvite
innførte, og dei som har kome utilsikta med
menneskeleg aktivitet. Fleire forfattarar
har vore med i arbeidet med denne utgåva.
Storparten av dei artane som er omtala, er
òg illustrerte. Boka inneheld om lag 3200
strekteikningar, og meir enn 400 av desse er
nye for denne utgåva.
Norsk flora har kome ut med ei ny utgåve om
lag kvart tiande år sidan 1944 under ulike
namn (Norsk flora, Norsk og svensk flora og
Norsk, svensk, finsk flora). I denne 8. utgåva
er det kome med meir enn 500 nye plantar
som er funne eller i alle fall påviste dei siste
åra. Teksten og nøklane er omarbeidde, og
informasjonen om utbreiing og økologi
er oppdatert slik at floraen syner dei store
endringane i norsk flora dei siste 15 åra sidan
førre utgåva.

Reidar Elven (f. 1947) er pensjonert professor
og konservator frå Naturhistorisk museum ved
Universitetet i Oslo. Spesialfelta hans er norsk flora,
vegetasjon og plantegeografi.

Charlotte S. Bjorå (f. 1973) er
førsteamanuensis og konservator ved
Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Spesialfeltet hennar er botanisk systematikk.

Eli Fremstad (f. 1945) er pensjonert
konservator frå Vitskapsmuseet ved Noregs
teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim.
Spesialfelta hennar er norsk vegetasjon og flora.

Hanne Hegre (f. 1972) er dr.scient. frå
Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er botanisk
systematikk.

Heidi Solstad (f. 1971) er dr.scient. frå
Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er botanisk
systematikk.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på