Duino-elegiar: attdikta av Jon Fosse

Rainer Maria Rilke |
E-bøker | Sidetal: 61 | ISBN: 9788234009907

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
Rilkes hovudverk i norsk tolking.

Rainer Maria Rilke (fødd 1875 i Praha, død 1926 i Sveits) vert rekna som ein av dei aller viktigaste moderne tyskspråklege lyrikarane. Med sin bakgrunn i det tyskspråklege miljøet i Praha, som også Franz Kafka var ein del av, skreiv han fram ein unik forfattarskap. Hovudverket hans, «Duino-elegiar», ligg no føre på norsk i tolking av Jon Fosse. I år er det hundre år sidan det kanskje viktigaste året i historia til den modernistiske diktinga. I 1922 var Rilke etter ti års arbeid ferdig med «Duino-elegiar», same året gav T.S. Eliot ut «Det aude landet» og James Joyce «Ulysses». Jon Fosse har svært lenge vore oppteken av Rainer Maria Rilke og har også tidlegare attdikta tekstar av Rilke.

Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englars
ordenar? og sett at ein tok meg
brått til sitt hjarta: eg ville forgå
av hans sterkare nærvær. For det vakre er ingenting anna
enn byrjinga på det skrekkelege, som vi knapt held ut,
og held slik av, fordi det lognt lèt vera
å øydeleggje oss. Kvar engel er skrekkeleg.

Rainer Maria Rilke (1875-1926) var ein austerriksk forfattar og ein av dei verkeleg store diktarane tidleg på 1900-talet. Rilke var fyrst og fremst lyrikar, men han skreiv i fleire sjangrar og omsette mykje, særleg fransk lyrikk. Det finst også ei omfattande brevveksling etter Rainer Maria Rilke.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Fosse er mest kjend som dramatikar, men har også skrive litteratur av uvanleg høg kvalitet i andre sjangrar, både lyrikk og prosa. I 2021 fullførte han storverket Septologien. Fosse har gjennom heile sitt lange forfattarliv også arbeidd som omsetjar og attdiktar.

Bla-i-boka

Rainer Maria Rilke

Du likar kanskje desse

Sist sett på