Gratis og uforpliktande verdivurdering

Marit Eikemo |
Digital lydbok | ISBN: 9788252197433

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price379 kr
Hanne er lei av å sjå dei vellykka vennene frå studietida bu i villa med hage, mens ho sjølv går på veggane i den same gamle leilegheita, med mann og to små barn. Men no har draumehuset dukka opp. Vi følgjer Hanne og Andreas dei siste dagane før bodrunden. Mens dei går gjennom prospektet, rom for rom, blir også deira eige samliv kartlagt, og fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet og livet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? Gratis og uforpliktande verdivurdering er ein underhaldande og overraskande roman om draumen om det perfekte liv.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har vore tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og er no dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006, og Eikemo har til saman gitt ut fem romanar. Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Bøkene hennar er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnetog tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for forfattarskapen sin.

Meldingar

Marit Eikemo

Du likar kanskje desse

Sist sett på