Norsk litterær årbok 2004

Jørgen Magnus Sejersted |
Hefta | ISBN: 9788252163605

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
2003 var året da politikken på nytt blei eit tema i litteraturen, skriv redaktørane for Norsk Litterær Årbok 2004.

Åsne Seierstad toppa salsstatistikkane i skandinaviske bokhandlar, og den finske samfunnskritiske forfattaren Kari Hotakainen fekk Nordisk Råds litteraturpris. Tendensane på det litterære feltet det siste året blir oppsummerte i NLÅ 2004, der ein mellom anna kan lese Olaug Nilssens gjennomgang av romanåret 2003 og Hadle Oftedal Andersens gjennomgang av poesiåret 2003.

NLÅ 2004 inneheld dessutan artiklar om forfattarar som Knut Hamsun, Dag Solstad, Gunnar Larsen, Eldrid Lunden og Rune Christiansen. I tillegg trykkjer årboka ei hittil ukjend brevveksling mellom Olav Nygard og Tore Ørjasæter.

Bibliografi over norsk litteraturforsking bak i årboka inneheld som vanleg eit breitt oversyn over nye artiklar og bøker innanfor norsk litteraturforsking.

Jørgen M. Sejersted

Du likar kanskje desse

Sist sett på