Norsk litterær årbok 2000

Hans H. Skei |
Hefta | ISBN: 9788252156973

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price310 kr
NLÅ 2000 inneheld mellom anna ti nye brev frå Alexander L. Kielland, og artiklar om Sandemose, Duun, Nygard, Vesaas og fleire. Boka gir også glimt frå Bokhausten 1999, og presenterer i to teoretiske artiklar såkalla "queer theory" og edisjonsfilologi. Bibliografien over norsk litteraturforsking er uunnverleg. Gå til den elektroniske bibliografien

Jesus i norsk 1990-talslitteratur. Dette er emne for ein av artiklane i Norsk litterær årbok 2000, som nettopp er komen på marknaden. Artikkelforfattaren Rolv Nøtvik Jakobsen har undersøkt kva som skjer med framstillinga av Jesus etter at Gud er vendt tilbake i norsk litteratur.

NLÅ byr elles på eit mangfald av interessante vinklingar på norsk samtidslitteratur, m.a. blir Dag Solstad lesen opp mot Ibsen, Bergljot Hobæk Haffs Skammen blir tolka i lys av Mikhail Bakhtins teoriar om den polyfone romanen, og søkelys blir sett på Rune Belsviks barnebøker om Dustefjerten.

Årboka byr og på nylesingar av eldre forfattarskap med artiklar om vitalistiske drag i Olav Duuns romanar, Aksel Sandemoses ironi, Cora Sandels Alberte som flanør og resepsjonen av Olav Nygards poesi.

NLÅ prentar i år ti hittil ukjende brev frå Alexander Kielland som Nasjonalbiblioteket har skaffa seg. To viktige teoretiske område innanfor litteraturvitskapen blir presenterte gjennom fyldige artiklar, nemleg "queer theory", som dreiar seg om homoforsking brukt på litteratur, og edisjonsfilologi, dvs. prinsipp for nyutgiving av eldre tekstar.

Årboka inneheld som vanleg presentasjon av vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris for 2000, den danske poeten Henrik Nordbrandt, og dessutan eit nyttig oversyn over den norske bokhausten 1999 og bibliografi over norsk litteraturforsking i fjor.

Hans H. Skei

Du likar kanskje desse

Sist sett på