Hjartekrigen

Liv Oddrun Larsen

Ein gut. Og to jenter. Slikt blir det krig av. Hjartekrig.

- Er det sant?
- Sant kva da?
- At du og Jakob er kjærastar? At han har spurt deg?
Vilde svarer ikkje.
Hege har eit glimt i auga som ikkje lover godt.
Erteglimtet. Det berykta erteglimtet.

Hjartekrigen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.



Meir frå Liv Oddrun Larsen