Nivå tre

Superrask

Dan Höjer | Peter Demervall

179,00 kr

Fartsfylte og lettlesne fakta!

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Kva heiter den raskaste greske guden? Og kor fort svømmer eigentleg eit menneske – i forhold til ein hai?

Dette er ei bok om det å vere rask. Her møter vi raske fuglar, tog, menneske og planetar. Og ein får tenkt igjennom: Er det alltid best å vere rask? Boka har mange spennande og morosame fakta, og artige, fartsfylte illustrasjonar.

Superrask er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Supersterk
Supersmart

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Supersmart

Dan Höjer | Per Demervall

179,00 kr

Om smarte dyr, oppfinningar og menneske

Kva betyr det eigentleg når ein seier at nokon er smart? Og har storleiken på hjernen noko å seie?

I denne boka møter du historiske personar som er kjende for smarte oppfinningar og oppdagingar, mellom andre Albert Einstein, Marie Curie og Leonardo da Vinci. Men det finst også ulike måtar å vere smart på. Ein kan til dømes vere kjensle-smart, altså flink til å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler.

Supersmart tek for seg ulike rekordar i det å vere smart. Boka kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.

Supersmart er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Superrask
Supersterk

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Supersterk

Dan Höjer | Per Demervall

179,00 kr

Morosame fakta om muskuløse folk og galne styrkerekordar

I denne boka møter vi Magnus, eit av dei sterkaste menneska i verda, og handbakmeisteren Heidi frå byen Ensamheten i Sverige. Men her er også greske boksarar, «sterke» sirkusmenn, gudar, barnevakter og små, supersterke maurar …

Teksten er full av spennande og morosame fakta, og tek også for seg fordelar og ulemper ved det å vere sterk. Dei spenstige illustrasjonane tilfører tekstane ein ekstra humoristisk dimensjon.

Supersterk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Les også:
Superrask
Supersmart

Leseland. FAKTA. Nivå 3.

Varehuset

Petrus Dahlin

179,00 kr

Les på eige ansvar!

Ester har funne draumekjolen. Kvar gong ho går til skulen, ser ho han i butikkvindauget. Ein dag går Ester inn og tek med seg kjolen til prøverommet. Ho beundrar kjolen i spegelen og gløymer tida heilt. Så oppdagar ho at senteret har stengt! Først er det ganske spennande å vere åleine med alle varene (og godteriet!). Men då Ester forstår at ho ikkje er åleine, blir det ganske uhyggjeleg …

Varehuset er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Rideturen

Malin Eriksson

Kommande

Dramatisk ridetur i skogen!

Endeleg har Stig ein hest han kan ri. Sjølv om han berre låner ponnien Bim, er det som om Bim er berre Stig sin.

Ein dag vil Ellen galoppere med ponniane i skogen. Då ramlar Stig av! Det går bra med Stig, men Bim haltar. Tenk om Stig ikkje får ri Bim meir!

Rideturen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Hjartekrigen

Liv Oddrun Larsen

Kommande

Ein gut. Og to jenter. Slikt blir det krig av. Hjartekrig.

- Er det sant?
- Sant kva da?
- At du og Jakob er kjærastar? At han har spurt deg?
Vilde svarer ikkje.
Hege har eit glimt i auga som ikkje lover godt.
Erteglimtet. Det berykta erteglimtet.

Hjartekrigen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Raketten

Annika Lundholm Moberg

Kommande

Vennskap og fantasi

Parva er ei jente med mykje fantasi. På skulen vil ho bli venn med Bea, den tøffe jenta i klassen. Men Bea bryr seg ikkje om Parva. Det vil Parva endre på, og ho bestemmer seg for å byggje ein imponerande rakett. Men då ho kjem på skulen i raketten sin, ler dei andre.

Fantasien er berre i vegen. Den må vekk, bestemmer Parva seg for.

Raketten er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Randi bur i koffert

Nancy Øvrehus

Kommande

Kan ein bu i koffert?

Har du høyrt om nokon som bur i koffert? Då Randi høyrer at tante bur i koffert, får ho også lyst til å prøve. Det blir ikkje heilt som ho hadde tenkt seg ...

Randi bur i koffert er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Den raude hansken

Malin Eriksson

Kommande

Lettlesbok om å lære å ri!

Stig vil bli like flink til å ri som Ellen. Men då må han øve, og det er ikkje så lett å øve på mamma sin store hest! Aller helst skulle Stig hatt ein ponni, akkurat slik som Ellen har.

Ein dag mistar Stig hansken sin. Ellen finn han, og dei byrjar å prate. Kanskje Ellen kan hjelpe Stig?

Den raude hansken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Kvar er Lurven?

Bente Bratlund

Kommande

Forsvunnen hund!

Hunden Lurven er Tores aller beste venn. Ein dag då Tore kjem heim frå teater, er Lurven sporlaust forsvunnen! Tore leitar saman med mamma og pappa, men når natta kjem, er Lurven framleis borte. Kvar kan Lurven vere?

Kvar er Lurven? er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Robot-Birk (Leseland nivå 3)

Atle Berge

156,00 kr 179,00 kr

Ny bok om Barcelona-gjengen!

Barcelona-gjengen er klare for årets første kamp, men så må Birk på sjukehus. Det er krise. Han har gleda seg til å spele kamp heile vinteren. No får han ikkje sett kampen eingong! Korleis skal vennene greie å få han ut frå sjukehuset og ned på fotballbana?

«Robot-Birk» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Jenta i kista (Leseland nivå 3)

Laura Djupvik

156,00 kr 179,00 kr

Spanande Leseland-grøss

I eit stort og gammalt hus står ei kiste.
Men ingen veit kva kista gøymer.
For over 100 år sidan budde det ein lykkeleg familie i huset.
Men no vil ingen bu der.
Alle romma er tomme, alle utanom loftet, der kista står.
Men så, ein dag, blir kista opna.

«Jenta i kista» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.