Nivå tre

Bestevener

Moni Nilsson | Elin Lindell | Øystein Rosse

179,00 kr

Slatten har ingen å leike med. Det har han nesten aldri. Det er ganske så trist. For om ein ikkje kan å spele fotball, får ein ikkje vere med. Men når det flyttar ei ny jente inn i Paradis blir alt så mykje meir morosamt. Ho heiter Kaka, og har auge som skin som gull. Og ho er glad i å finne på heilt nye ting.

I serien Påfunn i Paradis.

Bestevener er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Cowboy-Claus og den prompande ponnien

Eva Muszynski | Karsten Teich | Ole Skogseide

179,00 kr

Cowboy-Claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han lydar frå maisåkeren …

Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Den beste verste fødselsdagen

Moni Nilsson | Elin Lindell | Øystein Rosse

179,00 kr

Endeleg har Kaka bursdag! Og endeleg får ho det ho ønskjer seg aller, aller mest. Ein sykkel!

Kaka og Slatten syklar heile dagen. Men plutseleg skrensar sykkelen til Kaka. Det går hòl på både kneet og sykkelen. Og alt er Slattens feil!

I serien Påfunn i Paradis.

Den beste verste fødselsdagen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Englar, kaker og lause tenner

Moni Nilsson | Elin Lindell | Øystein Rosse

179,00 kr

Kaka må ha kake. Men pengane strekk ikkje til. Heldigvis veit Slatten at ei tann er verd minst ti kroner. Men uheldigvis kjem den farlegaste og skumlaste gjengen og lagar kvalm.

I serien Påfunn i Paradis.

Englar, kaker og lause tenner er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Matias Maradona

Atle Berge | Henning Lystad

179,00 kr

Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymt att av sitt eige fotballag!

Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona?

 

Bøkene om Barcelona-gjengen tek fotball på alvor og set spelet i sentrum.

Illustrert av Henning Lystad.

Matias Maradona er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Slatten, Kaka og Tjuven

Moni Nilsson | Elin Lindell | Øystein Rosse

179,00 kr

Stakkars, stakkars Bomsen! Han er den einaste i Paradis som ikkje har ei eiga seng å sove i.

Ikkje eingong når det regnar. Kaka og Slatten bestemmer seg for å gjere noko med det. Alle dei andre barna i Paradis vil også hjelpe til. Alle unntatt Tjuven.

I serien Påfunn i Paradis.

Slatten, Kaka og Tjuven er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Spøkelsesnatt

Moni Nilsson | Elin Lindell | Øystein Rosse

179,00 kr

Det kriblar i magen til Slatten. Han skal overnatte hos Kaka for første gong. Far til Kaka er på jobb, så Slatten og Kaka skal vere heilt åleine heime. Slik som berre store barn kan. Dei ser på film og et godteri og kaker. Så ser dei ein film med veldig høg aldersgrense, sjølv om dei veit dei ikkje har lov til det. Alt er kjempekoseleg, heilt til det er tid for å gå å leggje seg.

For det er då spøkelsa kjem. Og vampyrane.

I serien Påfunn i Paradis.

Spøkelsesnatt er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 3.

Keeperkongen

Atle Berge

179,00 kr

Du har vel høyrt om Keeperkongen?

Det er ingen i Barcelona-gjengen som likar å stå i mål, men ingen hatar det så mykje som Aleksander. No er det hans tur igjen, sjølv om dei tapte 7-0 sist han måtte vere keeper ... Denne gongen har trenaren henta inn eksperthjelp til treninga. Kan Keeperkongen lære Aleksander å ta ballen med hendene?

Keeperkongen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland nivå 3.

Alle mann i forsvar!

Atle Berge

179,00 kr

Barcelona spelar aldri feigt! Så kva gjer Barcelona-gjengen når dei får beskjed om å spele alle mann i forsvar?

Barcelona-gjengen skal spele mot Storebø, det einaste laget i byen dei aldri har vunne mot. Men når trenarane bestemmer at dei skal spele alle mann i forsvar, må Leo gjere opprør. Trenarane er nemleg foreldra hans, og han må få dei til å forstå at Barcelona-gjengen hatar å spele feigt.

Alle mann i forsvar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland nivå 3.

Birk og Barcelona-gjengen

Atle Berge

179,00 kr

Får Birk bli med på laget?

Birk er ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med. Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelonagjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for!

Birk og Barcelona-gjengen er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland nivå 3.

Sjørøvarhistorier

Russel Punter | Christyan Fox | Brit Bildøen

179,00 kr

Gjer deg klar til å kaste loss med dei galnaste piratane på dei sju hav!

Kan Sigurd bli kvitt den plagsame papegøyen sin?

Klarer Molly å fri seg frå klørne til kaptein Spiss?

Og korleis skal Sam avsløre kven den maskerte piraten eigentleg er?

Kom om bord og finn ut!

Sjørøvarhistorier er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå engelsk ved Brit Bildøen.

Leseland. Nivå 3.

Prinsessa på erta

H.C. Andersen | Susanna Davidson | Mike Gordon

179,00 kr

Prins Preben vil gifte seg med ei ekte prinsesse. Men det er ikkje så enkelt å finne. Kanskje kan han klare det ved hjelp av ein fetter, ei heks og ei erta ...

Prinsessa på erta er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå engelsk ved Brit Bildøen.

Leseland. Nivå 3.