Nivå tre

Cowboy-Claus og den prompande ponnien

Eva Muszynski | Karsten Teich | Ole Skogseide

179,00 kr

Cowboy-Claus er ikkje som cowboyane i Det ville vesten. Han har ikkje hest. Han har kua Rosa og grisen Lisa, og han har ein grønsakhage. Men ein dag høyrer han lydar frå maisåkeren …

Cowboy-Claus og den prompande ponnien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.

Felline, professor Pål og kjemisettet

Martin Baltscheit | Ulf K. | Ole Skogseide

179,00 kr

Pål har lenge ønskt seg ein stor, farleg hund som kan passe på han og skremme alle i heile verda. Men når han får oppfylt ønsket sitt, blir han fryktelig skuffa: Felline er nemleg lita og slett ikkje farleg. Men han har jo kjemisettet sitt …

Felline, professor Pål og kjemisettet er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.


Matias Maradona

Atle Berge | Henning Lystad

179,00 kr

Barcelona-gjengen skal spele cup. Endeleg skal dei få møte FK Maradona! På skulen har alle snakka om cupen heile veka. Men så skjer det utenkjelege: Matias rekk ikkje bussen. Han har blitt gløymt att av sitt eige fotballag!

Matias er lei av å bli gløymd, lei av å sitje på benken og lei av å ikkje bli bytt inn. Så kva gjer han når han blir spurd om å spele spiss på FK Maradona?

 

Bøkene om Barcelona-gjengen tek fotball på alvor og set spelet i sentrum.

Illustrert av Henning Lystad.

Matias Maradona er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 3.