Nivå to

Full fart!

Vegard Markhus

179,00 kr
Rine og Ravi gler seg til skitur med klassen. Men Lærar-Knut går altfor fort! Og pausar er for pyser, seier han. Så vil Lærar-Knut ta ein snarveg utanfor løypa. Det skulle han aldri ha gjort. 

Full fart!
er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 2.

Jenta i Blindgata

Linn T. Sunne | Camilla Billett

179,00 kr
Inga er ny i klassen. Tea og Teodor synest det er kjekt å komme på besøk til Inga. For ho bur heilt åleine. Dei kan gjere det dei vil! Men då dei leikar gøymsel, ser Teodor noko i spegelen, noko som gjer han livredd. 

Jenta i Blindgata er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Illustrert av Camilla Billett.

Leseland. Nivå 2.

Kong Eseløyre

Lesley Sims | Mike Gordon | Carl Gordon

179,00 kr

Psst! kongen har ein løyndom. Eg skal kviskre den til deg: Han har eseløyre. Og han skjuler dei under krona si.

Kong Eseløyre er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå engelsk ved Brit Bildøen.

Leseland. Nivå 2.

Den pysete katten

Russel Punter | Gustavo Mazali | Ole Skogseide

179,00 kr

«Du er litt av ein pysekatt!»

Katten Steinar er redd for det meste, så eit mørkt hus fullt av rare lydar er den siste staden han har lyst til å vere. Men klarer Steinar å vere modig når det trengst?

Den pysete katten er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Omsett av Ola Skogseide, Språkfolk.

Leseland. Nivå 2.

Den underlege draken

Katie Daynes | David Semple | Hanne Dale

179,00 kr

Og kva skjer når den barskaste drakedreparen av alle kjem på besøk til han?

Den underlege draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 2.

Epleslang

Vegard Markhus

179,00 kr

Rine og Ravi liker å lære nye ting. Men på skulen er ikkje dette lett. Lærar-Knut er nemleg veldig glad i bråk og tull, og han er ein meister i dårlege idear. Og ein må vel gjere slik læraren seier?

Epleslang er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 2.

Ånda i glaset

Katarina Genar

179,00 kr

Lettlesen og akkurat passe skummel!

Grete og Marius går på ein skule som er kjempegammal. Av og til skjer det mystiske ting der – det er gamle lærarar og elevar som går igjen! Men dei viser seg ikkje for kven som helst, og særleg ikkje for dei eldre elevane, sjølv om Sally gjerne vil det.

I dag vil Sally prøve å gjere ”ånda i glaset” i kjellaren. Men Grete og Marius er i tvil. Å kontakte ånder – i kjellaren, som er absolutt forbode område! Då kan jo kva som helst skje …

Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.

Les også:
Den mystiske skulen: Svartedama
Den mystiske skulen: Spøkelseshunden

Ånda i glaset er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 2.

Spøkelseshunden

Katarina Genar

179,00 kr

Ein spennande skule der spøkelse er daglegdags!

Grete elskar den mystiske skulen sin. Der finst det både ein rektor som går igjen, og ei latterfrøken som viser seg i spegelen på do. Og då Grete ser at det er bitemerke på arket hennar, og høyrer noko som knurrar og krafsar, forstår ho at det berre kan bety éin ting: Spøkelseshunden har vakna!

Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.

Les også:
Den mystiske skulen: Svartedama
Den mystiske skulen: Ånda i glaset

Spøkelseshunden er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 2.

Svartedama

Katarina Genar

179,00 kr

Spøkelse og magi og ein herleg spennande skule!

Skulen til Grete og Marius er kjempegammal. Over hundre år. Av og til skjer det mystiske ting. Det knirkar og knakar i veggane. Det er dei gamle lærarane og elevane som går igjen! Dei finst overalt. Men dei viser seg ikkje så ofte. I alle fall ikkje for kven som helst …

«Kven tør å vere med til Den svarte dama?» spør Sally i friminuttet.
Den svarte dama finst i spegelen på doen, og Sally veit korleis ein får henne til å komme fram. Eller rettare sagt: Ho trur at ho veit …

Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.

Les også:
Den mystiske skulen: Spøkelseshunden
Den mystiske skulen: Ånda i glaset

Svartedama er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 2.

Den magiske dyrebutikken. Mira

Lin Hallberg

179,00 kr

Les om Miras eventyr i den magiske dyrebutikken!

Mira drøymer om eit eige dyr. Ein venn, ein å vere glad i. Mira veit at det finst ein magisk dyrebutikk i byen, og dit skal ho reise når ho har spart opp nok til å kjøpe eit kjæledyr. Ho sparer og sparer, og ein dag set ho seg på bussen. Men då ho kjem til den magiske dyrebutikken, er han litt skummel. Det jobbar ei mystisk dame der, og det er rare lydar overalt. Vil Mira få sitt eige dyr til slutt? Ein venn, ein å vere glad i?

Mira er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Øystein Rosse.

Leseland. Nivå 2.

Stupe-Stig

Anna R. Folkestad

179,00 kr

Luftig svev med Knut - og ein litt for ivrig onkel

Knut vil fly med drake! Men onkel Stig vil vere med i ein stupekonkurranse. For då kan han vinne pokal. Men stupinga går ikkje heilt som planlagt. 

Stupe-Stig er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 2.

Hjelp! Eit spøkelseshus!

Jo Salmson

156,00 kr 179,00 kr
Det spøker på klassetur!

I dag skal heile klassen på tur. Dei skal til eit spøkelseshus. Der skal dei spise ein skummel lunsj: Hardkokt egg og grøn gugge. Og så skal dei få høyre om den store spøkelsesslekta til Hubert-ane. Men spøkelser finst jo ikkje på ekte, då! Eller?

Hjelp! Eit spøkelseshus! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Ester lengtar

Lin Hallberg

156,00 kr 179,00 kr

Fantasifullt om vennskap

Ester kjenner ingen i byen. På gata ser ho ein gut med ein hund. Ester vil også ha eit dyr ho kan vere venn med. Ho drar til Den magiske dyrebutikken der den merkelege dama jobbar. Har ho nok pengar til å kjøpe seg ein venn?

Ester lengtar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Omsett av Øystein Rosse

Vil du ha katt?

Trude Tjensvold

156,00 kr 179,00 kr

Kvar kan Rusken bu?

Kvar kan Rusken bu?
– Sett den kassa før? spør Gro.
Gunnar rister på hovudet.

Noko pip frå kassa.
Nokon klynkar frå kassa.

– Kva kan det vere? spør Gunnar.

Søskena Gro og Gunnar finn ei kasse. I kassa ligg det ein katt. Katten heiter Rusken og treng ein ny heim. Kanskje nokon i blokka deira vil ha ny katt? Og kan ein slange og ein katt bu saman?

Vil du ha katt? er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Hjelp! Det brenn! (Leseland nivå 2)

Jo Salmson

156,00 kr 179,00 kr

Dramatikk i parken

Ein liten hund skader seg på glasbrot i parken. Barna bestemmer seg for å rydde parken for glasbrot og søppel. Men sola skin på det tørre graset, og den fine ryddedagen endar nesten med katastrofe.

Omsett av Øystein Rosse.

Hjelp! Det brenn! er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Ut i rommet (Leseland nivå 2)

Anders Totland

156,00 kr 179,00 kr

Ei reise ut i verdsrommet

Tenk at det faktisk har vore nokon på månen! Alva drøymer også om å reise ut i rommet. Men må ho vente heilt til ho blir stor?

«Ut i rommet» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Storebror (Leseland nivå 2)

Maria Parr

156,00 kr 179,00 kr

Draumen om ein storebror

«Eg vil ha ein storebror!
Kvifor har eg berre teite Elida?»

Dette er ei bok om å ønskje seg ein storebror. For tenk så fint det hadde vore å ha nokon som passa på når du tek skulebussen, og som alltid tek deg med på fotballtrening. Men er alle storebrør slik? Og kva med dei som berre har ei irriterande veslesøster?

«Storebror» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Ein venn til Leo (Leseland nivå 2)

Lin Hallberg

156,00 kr 179,00 kr

Kven vil leike med Leo?

Leo klarer ikkje å sitje stille på skulen sjølv om læraren seier at han må det. Ingen i klassen vil leike med han. Så får han vite om Den magiske dyrebutikken. Kanskje dama i dyrebutikken kan finne eit dyr som passar til akkurat han?

Omsett av Øystein Rosse.

«Ein venn til Leo» er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.