Nivå fire

Apropos forelska

Linn T. Sunne | Julius Vidarssønn Langhoff

169,00 kr

Det er haustferie, og Tuva skal vere med mamma på båttur til Tyskland. Mamma seier at det blir kjempeartig, og at Tuva kjem til å få mange nye venner. Tuva synest ikkje ho treng nye venner. Det ho treng, er ein kjærast! Og det må vere Simon. Superkjekke Simon i klassen. Som har eit smil som gjer Tuva varm og full av sprett. Eit lite smil frå Simon er tusen gonger betre enn ein dustete båttur. Men på båten ser Tuva noko kjent, noko som får hjartet til å gjere eit stort hopp. Han? Her?

Apropos forelska er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Illustrert av Julius Vidarssønn Langhoff.

Leseland. Nivå 4.

Dei hemmelege superheltane

Sylvia Heinlein | Sabine Wiemers | Ole Skogseide

169,00 kr

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er ”Dei beste”, og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og plutseleg står superheltane framfor dei i levande live.

Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.

Feriefiasko

Bente Bratlund | Odd Henning Skyllingstad

169,00 kr
Sommarferien er rett rundt hjørnet, og alle gler seg til sol og sommar og ferietur. Ida skal til Italia, Ella skal til besteforeldra, og Bea seier ho skal noko hemmeleg. Noko veldig hemmeleg og veldig spennande. Ho må berre finne ut kva det hemmelege spennande kan vere. Og det er ikkje så lett når ferien berre er heime. 

Men ein dag skjer det noko. Og det er berre Bea som ser det. 

Feriefiasko er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

Leseland. Nivå 4.

Prinsesse Fibi og draken

Gudrun Likar | Sabine Büchner | Ole Skogseide

169,00 kr

Fibi er lei av å vere prinsesse. Ho drøymer om eventyr og heltedådar. Når ein gretten drake kjem og skremmer heile kongeriket, får ho endeleg sjansen: Modig dreg ho av stad for å møte det farlege uhyret…   

Prinsesse Fibi og draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Omsett av Ola Skogseide, Språkfolk.

Leseland. Nivå 4.

Prompebroren

Bente Bratlund | Odd Henning Skyllingstad

169,00 kr

Bea er ny på skulen. Ein dag fortel ho dei nye klassekameratane om broren sin. Prompebroren. Alle vil høyre meir. Så Bea fortel ei forteljing til, og så ei til, og så endå ei forteljing om broren som prompar heilt utan kontroll.

Alle elskar forteljingane til Bea. Men det er eit problem: Bea har ikkje ein prompebror, ho har ikkje ein vanleg bror eingong. Og no vil klassekameratane møte prompebroren.

Prompebroren er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

Leseland. Nivå 4.

 

Verdas forsvunne skattar

Jens Hansegård | Anders Nyberg | Ole Jan Borgund

169,00 kr

Men vegane til dei forvunne skattane er mange og vanskelege. Ein må våge å utforske underjordiske gangar, hoppe over djupe fjellkløfter og unngå livsfarlege feller. Ein må kunne knekkje mystiske koder og søkje i historiske dokument etter leietrådar. Men ein ting er heilt sikkert: Skattane finst der ute. Og dei ventar på å bli oppdaga.

Verdas forsvunne skattar er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Leseland. Nivå 4. Fakta

Verdas mystiske stader

Jens Hansegård | Anders Nyberg | Ole Jan Borgund

169,00 kr

På ei øy i Stillehavet står det store steinstatuar frå ein tapt sivilisasjon. Djupt nede i ein innsjø lever eit enormt udyr. Midt ute i ein ørken finst ein hemmeleg militærbase der romvesen har landa. Over heile verda er det mysterium. Med lettlesen tekst og detaljerte, spennande og morosame illustrasjonar er dette ei perfekt bok for nybyrjarlesaren – og for alle som liker spenning og eventyr!

Verdas mystiske stader er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Leseland. Nivå 4. Fakta

Verdas rekordbok

Jens Hansegård | Anders Nyberg | Ole Jan Borgund

169,00 kr

I denne boka er det mengder av spennande og morosame verdsrekordar. Her står jordas eigne rekordar i sentrum – frå stader og naturkrefter til dyr og vekstar: Det høgaste fjellet, det djupaste havet, den største vulkanen og det minste dyret – her er det samla!

Rekordane er imponerande, fortalde med spennande tekstar og illustrasjonar.

Verdas rekordbok er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Leseland. Nivå 4. Fakta

Verdas tøffaste dyr

Jens Hansegård | Anders Nyberg | Ole Jan Borgund

169,00 kr

Jorda er ein fantastisk planet. Her er alt frå glovarme ørkenar til iskalde polar. Her er det fjelltoppar som stikk opp over skyene, og hav som er mange kilometer djupe. Overalt tilpassar dyr seg – og overlever. Det finst insekt som frys til is om vinteren og tinar opp når det blir sommar. Det finst ormar som lever heile livet i nesten kokande vatn. Det finst til og med dyr som kan overleve ute i verdsrommet.

Møt verdas tøffaste dyr!

Verdas tøffaste dyr er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Leseland. Nivå 4. Fakta

Kattekrøll

Lars Mæhle

169,00 kr

Katteforviklingar!

Leo, den nye katten til naboen, er forsvunnen. Naboen skal på ferie og er fortvila over at Leo enno ikkje er kommen til rette. Ane og farfar lover å sjå etter den gulbrannete katten. Ane veit at det er vanskeleg for ein omplasseringskatt å finne vegen heim på eiga hand. Men ho veit enno ikkje kor mykje krøll som kan oppstå når ein skal redde ein katt – sjølv om ein berre prøver å hjelpe!

Kattekrøll er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.

Kidnappa

Bente Bratlund

169,00 kr

Tredje bok om Bea!

- Eg blei kidnappa, kviskrar ho.
- Kidnappa? spør eg.
Oda nikkar.
- Da eg var lita. Eg hugsar det ikkje. Men eg veit det no.

Oda fortel at ho blei kidnappa då ho var lita. Det er derfor ho ikkje liknar foreldra sine. Bea lover å halde på løyndommen, men ho er også nysgjerrig. For kven er dei eigentlege foreldra til Oda? Og kor er dei?

Kidnappa er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Les også:
Prompebroren
Feriefiasko

Leseland. Nivå 4.

Fiskelykke

Ingunn Røyset

169,00 kr

Vennskap, fisking - og ein irriterande katt!

I dag skal Jonas vere med Anna på moloen og fiske. Men Kvitpus vil ikkje la Jonas vere i fred. Det er umogleg å gjere stonga klar til fisketur når Kvitpus trakkar fram og tilbake akkurat der Jonas sit! Anna fortel at om ein katt må til dyrlegen, kjem han som regel ikkje heim. Kanskje Kvitpus ikkje er så irriterande likevel?

Fiskelykke er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.

Heksa Galla

Pia Strømstad

Kommande

Skumle barn og livredd heks!

Heksa Galla er livredd barn. Særleg dei som luskar rett utanfor huset. Når Galla ser barn, blir ho så redd at magien ikkje fungerer. Ho får ikkje til å trylle dei vekk!

Galla må få dei nysgjerrige ungane til å forsvinne, og legg ein plan for å bli kvitt dei for godt.

Heksa Galla er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.