Nivå fire

Dei hemmelege superheltane

Sylvia Heinlein | Sabine Wiemers | Ole Skogseide

169,00 kr

Willi, Mikke og Jonny har ein hemmeleg klubb: Dei er ”Dei beste”, og dei les helst superheltteikneseriar. Men ein dag kjem dei tre vennene på sporet av ei superstor hemmelegheit, og plutseleg står superheltane framfor dei i levande live.

Dei hemmelege superheltane er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapt for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.

Prinsesse Fibi og draken

Gudrun Likar | Sabine Büchner | Ole Skogseide

169,00 kr

Fibi er lei av å vere prinsesse. Ho drøymer om eventyr og heltedådar. Når ein gretten drake kjem og skremmer heile kongeriket, får ho endeleg sjansen: Modig dreg ho av stad for å møte det farlege uhyret…   

Prinsesse Fibi og draken er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Omsett av Ola Skogseide, Språkfolk.

Leseland. Nivå 4.