Norsk utvandringshistorie

Nils Olav Østrem

Opp gjennom historia har det vore fleire utvandringsbølgjer frå Noreg, m.a. til Nederland og Amerika. I denne boka tar forfattaren for seg den norske utvandringa frå 1600-talet og framover, med særleg vekt på den store utvandringa til Amerika.

Medan forskarar tidlegare la vekt på økonomiske årsaker til utvandring, legg ein i dag sterkare vekt på kulturelle årsaker til migrasjon. I boka viser forfattaren at kontakt med gamlelandet gjennom brev, slektsnettverk og kjedemigrasjon var med å skape ein sjølvforsterkande kultur for utvandring. Og i denne utvandrarkulturen blei det å emigrere oppfatta som både akseptert og ønskjeleg for å oppnå betre kår.

Den nye reviderte utgåva er oppdatert med ny migrasjonshistorisk forsking og med ny litteratur på feltet.

Nils Olav Østrem (f. 1961) er professor i historie ved Universitetet i Stavanger. Østrem har tidlegare publisert ei rekkje artiklar og bøker, m.a. avhandlinga Utvandrarkultur : ei migrasjonshistorisk undersøkjing av Skjold prestegjeld 1837–1914.

 

UTSYN>INNSIKT

er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.


ISBN: 9788252184952

Kategoriar: Alle bøker, Nils Olav Østrem

Emneknagg:

Sjanger: høgskule og universitet


Meir frå Nils Olav Østrem