Nordnes Sjøbad pumpar opp nytt vatn kvar morgon, og varmar det opp til kroppstemperatur. Vannstanden i Puddefjorden stig. Å krisemaksimere klimajournalistikken kan på sitt beste vere ei slags demokratiets høgdetrening: Dette er miljøet som Tommine kjem til når ho går mot den straumen som flyttar heim til Kristiansund. Tommine ville vere ein gamaldags, anonym og befriande rotlaus student i Bergen. Men på hamna i Kristiansund står også den viljesterke Pola. Også ho skal til Bergen. Dei tek følgje til Tommine finn raude T-ar i Stølsheimen, og følgjer disse. T-ane tek slutt der Blåisen begynner. Tommine blir bitt til eit tau for å krysse Blåisen på ein forsvarleg måte.
Pol er ei samling sprettande tekstar som vekslar mellom fjella omkring Bergen og glashuset i sentrum, mellom familieliv og ålmente, embetsstudium, og frilansjournalistikk, sjø og sjøbadet som pumpar vatn opp frå fjorden. Mette Karlsvik fekk Tarjei Vesaas' debutantpris 2005 for romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden. I 2007 kom Flytårn, ein roman som til fulle viste at ho er ein av dei mest spennande, unge forfattarane her i landet.
"... tek ein seg tid til å lesa setning for setning, slik ein les dikt, kan ein få mange fine opplevingar i lag med denne romanen."
Odd W. Surén, Dag og Tid
"... i økonomisk, minimalistisk stil streker Karlsvik opp byggverk, natur- og byomgivelser. Jeg tror hun ville være god på origami, på å vite akkurat hvor papiret skal håndteres sånn at det skapes helt nye, tredimensjonale figurer ut av en enkel firkant."
Silje Bekeng, Klassekampen
"Se og lær!"
Inger Marie Kjølstadmyr, Nationen
"Dei gjennomgåande korte setningane får eit nesten barnleg-intuitivt preg, men dei gjer samstundes språket kompakt og vibrerande av indre liv og meining. Til tider eit så vakkert og kreativt språk at det er ei estetisk nyting å lese det."
Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke
Mette Karlsvik
Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO