Last ned omslag

Bla-i-boka

Mjølketannmuseet

Marit O. Kaldhol

Absurde fablar og surrealistiske forteljingar

Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene.

Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.

Frå Bokmeldingar

«Teksten er grufullt morosam, og folk kan med fordel droppe Netflix ei lita stund og lese han høgt for kvarandre. [...] fornøyeleg og undringsskapande samling tekstar som også språkleg er svært gjennomarbeidd.»
Ingvild Bræin, Dag og Tid

«I sin nye bok beskriver Marit O. Kaldhol hvordan grensene mellom mennesker og dyr, beskyttelse og omsorgssvikt, foreldrerolle og hjelpeløshet hele tiden er uklare. Personene sliter med å være foreldre, med å være seg selv, med å ha omsorg for andre. Og selv om situasjonene de befinner seg i, gjerne er desperate, er behandlingen av dem lun, dempet og ofte humoristisk. [...] En sterkere dysterhet preger de siste novellene, som også tar opp virkelighetsorienterte problemstillinger som arveoppgjør. Muligens næres imidlertid et (kynisk) håp mot slutten: man kan lage musikk av det utroligste.»
Oda Vige Helle, Bergens Tidende




Meir frå Marit O. Kaldhol