{"title":"marit o kaldhol","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003emarit o kaldhol\u003c\/strong\u003e (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHo debuterte med diktsamlinga \u003cem\u003eLattermilde\u003c\/em\u003e laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka \u003cem\u003eFarvel, Rune\u003c\/em\u003e (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ekaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen \u003cem\u003eBlondene gir seg ikkje,\u003c\/em\u003e der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom \u003cem\u003eKino\u003c\/em\u003e, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: \u003cem\u003esøkeord: ayotzintli\u003c\/em\u003e, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"sokeord-ayotzintli-1","title":"Søkeord : ayotzintli","description":"Mikke er hjemme alene mens moren og stefaren er på ferie i Chile. De andre i klassen er i gang med russefeiringen, men han vil ikke være med. Han har slått opp med Siri, og svarer ikke når hun sender meldinger. Han sitter ved pc-en om nettene og skriver dagbok og leser om skilpadder.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035894935,"sku":"9788234004087","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8jJJK1zbFsv3faKo51UmZNn1kOGw8YBgyFWz9ALp.jpg?v=1716488699"},{"product_id":"pa-vegen-star-ei-jente-med-kniv","title":"På vegen står ei jente med kniv","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42259662635229,"sku":"9788252145793","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"lattermilde-laken","title":"Lattermilde laken","description":null,"brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36737587150999,"sku":"9788252123760","price":153.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"alt-skal-sja-ut-som-floyel","title":"Alt skal sjå ut som fløyel","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42259632750813,"sku":"9788252142280","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}]},{"product_id":"alle-vi-noveller-for-ungdom","title":"Alle vi: noveller for ungdom","description":"Syv noveller om unge mennesker som på ulike måter er offer for foreldregenerasjonens maktbruk og uforstand.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36737826259095,"sku":"9788252141900","price":200.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"den-einaste-kjolen-ein-sirkel-dikt","title":"Den einaste kjolen: ein sirkel dikt","description":"Diktsirkelen følgjer eit poetisk eg gjennom ein topografi der fortider, notider og framtider utgjer høgdedrag, dalsøkk, elvar og sletter. Vandringa gjennom dette landskapet formidlar ei gjennomgripande utvikling der forsøket på å komme overeins med sitt eige liv - å finne ei overordna ro - er eit sentralt mål. Dette poetiske stordiktet viser ei mildare - og kanskje meir sårbar - side av Kaldhols poetiske evner.\n\n","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36739188326551,"sku":"9788252163155","price":250.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/STdrZ7kW0vSpaRCSp1Stb18JsvGG24aZckjxFgpg.jpg?v=1716504633"},{"product_id":"zweet","title":"Zweet","description":"Kva er sanning, kva er løgn?  \n \nAlarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg  gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje?  \nSusan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint?  \n  \nUlike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36739378118807,"sku":"9788252187342","price":259.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/HKA8XAbUIkfEPeEsp7vc373K5BZNDLPadO7OMjqM.jpg?v=1716512049"},{"product_id":"kino-roman","title":"Kino: roman","description":"Åtte noveller som tek utgangspunkt i skrekk- eller lystfantasiar mange unge vil kjenne att, og som viser korleis mange har det med seg sjølv i dei første tenåra. Ungdommane i desse novellene er sensitive, sårbare, innhylla i nye gleder og sansingar.  Her er innslag av erotisk vakning, men også av såra forventning og fortvilte sjølvkjensler. Personane i boka gjer erfaringar som set dei i kontakt med både realismen og poesien i livet.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740355424407,"sku":"9788252176889","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/dIDFNP0kZZVv3ZhohXwhRuMZ6mYEtrwqArZjDN58.jpg?v=1716509431"},{"product_id":"det-skulle-vere-sol-vi-skulle-reise-til-lodz-roman","title":"Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz: roman","description":"To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, bygger hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende.\nJenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? \nDet skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":42263966089437,"sku":"9788252184372","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QuNai2PFruZQcyBtejOnZadVrKzHON1Nym131Qhu.jpg?v=1716511254"},{"product_id":"darwins-sporvar-roman","title":"Darwins sporvar: roman","description":"Intenst om mor og dotter. I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis. Mor forsvann. Sally blei sendt til Samuel, ein fullstendig framand. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit stort sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik.  Nye bandasjar  Såret gror, seier dei  Såret gror ikkje  Du legg ei hand på panna mi Eg kan ikkje møte blikket ditt","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":42263965466845,"sku":"9788252181555","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/R9o1ADl6p9KjAKrbYWvuyEeDGvbDCv9nRwLw5dqW.jpg?v=1716510545"},{"product_id":"zweet-1","title":"Zweet","description":"Alarmen går og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje.  \nTiandeklassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjonen på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Finn dei henne før det er for seint? \nUlike tankar og ulike minne fer gjennom hovuda til dei tre ungdommane. Korleis er liva deira lenka saman? Kva er sanning, kva er løgn? Kven er modig, kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett? ","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36740763058327,"sku":"9788252187243","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Gwj1quXq2xuSro1Mmki9RYXnNs5ag13jHXAYjeUl.jpg?v=1716512030"},{"product_id":"reisa-til-h","title":"Reisa til H.","description":"Vesle Selma har ein kanin. Ein dag tek ho eit egg i kjøleskåpet og legg det i dokkesenga, for ho vil så gjerne ha ein kjukling òg. Kaninen skal ruge ut egget ...  \n \nSelma veit at slikt tek tid, ho gler seg og er tolmodig. Iblant kjenner ho på egget, og det er ikkje så veldig varmt, så kanskje kaninen ikkje er like flink til å ruge som ei høne. Men Selma skjenner ikkje på han for det, ho elskar nemleg kaninen sin. Og ho har store planar: Når kjuklingen kjem ut av egget, skal ho ta med seg dei to vennene og reise ut i verda.  \n \nTekst og bilete gjer denne boka til ei glad og god oppleving.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":42263967858909,"sku":"9788252186352","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/gl2o4XkqJsshPmmGFxeJPtOtXHK5QM0Fyrm7Mhps.jpg?v=1716511785"},{"product_id":"zweet-2","title":"Zweet","description":"Kva er sanning, kva er løgn? \n \nAlarmen går, og ungdomsskulen blir evakuert på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. 10. klassingane Lill Miriam, Susan og Ruben opplever den dramatiske situasjon på kvar sin måte. Lill Miriam tenkjer heilt annleis enn dei andre. Ho som er så oppteken av at honningbiene forsvinn, er plutseleg sjølv forsvunnen. Overlever ho eller ikkje? Susan har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Ruben er ny i landet og har berre ein venn, Lill Miriam. Klarer han å finne ut kvar ho gøymer seg før det er for seint? \n  \nUlike tankar og ulike minne fer gjennom hovudet på dei tre ungdommane. Korleis er liva deira knytte saman? Kva er sanning, og kva er løgn? Kven er modig, og kven er feig? Kven er tøff nok til å stå på for det ein kjenner er rett?","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":36741061345431,"sku":"9788252192124","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DqwI6N6Sx45tqZ3LwcVwEW6R5gqOVIgnloDUqzOl.jpg?v=1716513032"},{"product_id":"ta-forst-pa-di-eiga-maske-roman","title":"Ta først på di eiga maske: roman","description":"Med Chile i hjartet. \u003cbr\u003e\n Romanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. \u003cbr\u003e\n Medan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36741264703639,"sku":"9788234001239","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8kQRTwVf7CBZ5qRSfs4m13fgPBU1uRPbBQwCJjE9.jpg?v=1716487828"},{"product_id":"sokeord-ayotzintli","title":"Søkeord: ayotzintli","description":"Mikke er hjemme alene mens moren og stefaren er på ferie i Chile. De andre i klassen er i gang med russefeiringen, men han vil ikke være med. Han har slått opp med Siri, og svarer ikke når hun sender meldinger. Han sitter ved pc-en om nettene og skriver dagbok og leser om skilpadder.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36741816025239,"sku":"9788252176407","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/eSjDw1nzarS8GEyBITLSH1S8h1JjcOCuHAzdr9Rx.jpg?v=1716509322"},{"product_id":"z-for-sorry-roman","title":"Z for sorry: roman","description":"Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.\u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\n Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg?\u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\n Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36742029181079,"sku":"9788252193961","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ffC0bPVMwLBZ5w7DxJoTnawPImW3yua0sP4agt4s.jpg?v=1716513538"},{"product_id":"mjolketannmuseet-forteljingar","title":"Mjølketannmuseet: forteljingar","description":"Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene. \n \nMjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske. ","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":36742058311831,"sku":"9788252196566","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/csTubBGyRPoOUx4UplYeEICllulI4Ti5ZBYMBcdV.jpg?v=1716514157"},{"product_id":"z-for-sorry-roman-1","title":"Z for sorry: roman","description":"Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt \ner nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.  \nMen kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg?  \nSusan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.  \n \nMarit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten \ni 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36745257812119,"sku":"9788252193978","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6gZ2IHcy7GXu0Q6DRoFON87ZqZQKEuDJqXr8Skk8.jpg?v=1716513546"},{"product_id":"mjolketannmuseet-forteljingar-1","title":"Mjølketannmuseet: forteljingar","description":"Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene.\n \nMjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med \nein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36745309618327,"sku":"9788252196627","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/fMLmL4wlCOWvnToFgIQK2NFA36R1aD4A9G3WozFN.jpg?v=1716514178"},{"product_id":"z-for-sorry","title":"Z for sorry","description":"Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.  \nMen kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.  \n \nMarit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745660039319,"sku":"9788234002977","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PFAZZEIDP6J5UVdJwdZjZK9RuULSVu5dVTYYz4QI.jpg?v=1716488370"},{"product_id":"ta-forst-pa-di-eiga-maske-roman-1","title":"Ta først på di eiga maske: roman","description":"Med Chile i hjartet. \nRomanen følger Rut på reise til Chile i 2017. Endeleg skal ho bli kjent med landet til ungdomskjærasten Luis, som kom til Noreg som flyktning frå militærdiktaturet i Chile i 1980-åra. Samtidig tar minna henne med tilbake i tid, på ei reise gjennom skjelsettande hendingar i chilensk samtidshistorie og til åra dei to hadde saman. Til då det berre var dei to, Rut og Luis, og ho ikkje såg kva politikk hadde med kjærleiken å gjere. \nMedan Rut prøver å forstå korfor det gjekk som det gjekk, både med Chile og kjærasten, kjem opplevingar frå hennar eigen barndom nærare enn på lenge. Ho hugsar saknet etter ei mor som ikkje evna å vere til stades. Undervegs kjenner ho også ei uro for Rakel, den unge dottera heime, som sender så knappe tekstmeldingar.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":36746054172823,"sku":"9788234001246","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/mAzMWCOey9yBKpd7jS5Z2UswI03IoRgsP8C1UvzV.jpg?v=1716487837"},{"product_id":"enno-var-dei-kroppar","title":"Enno var dei kroppar","description":"Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt. \n \nRapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn. \n \nEi kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barnebarn ser fram mot å krysse ei landegrense. \n \nBakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over. \n \nMarit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":38258318672023,"sku":"9788234004544","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/VQARfmC6QQzYJlWyeIaHa6bC9LnTAT4BQ9AvsWNV.jpg?v=1716488843"},{"product_id":"enno-var-dei-kroppar-1","title":"Enno var dei kroppar","description":"Alle forteljingane i Marit O Kaldhols nye novellesamling enno var dei kroppar tek utgangspunkt i små og store hendingar i verda, ikkje minst nyheitssaker om menneske på flukt. \n \nRapportar om mangel på vatn, avskoging, etnisk utreinsking og konkrete følgjer for menneska som blir ramma, er dikta inn. \n \nEi kvinne finn ein baby forlaten i ein park, ein skog blir invadert, ei bestemor med to barnebarn ser fram mot å krysse ei landegrense. \n \nBakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Mange av desse menneska lever under harde kår. Nokre er komne fram dit dei skal, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over. \n \nMarit O Kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":38258620989591,"sku":"9788234004551","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/mZJodDGqgHheZgcO4UZA41mtHOhfkFI1b9JEoSJv.jpg?v=1716488847"},{"product_id":"i-huda-er-gud-ein-munn-romanpoesi","title":"I huda er gud ein munn","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257792663773,"sku":"9788252151152","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/products\/i-huda-er-gud-ein-munn--romanpoesi.jpg?v=1641235228"},{"product_id":"maria","title":"Maria","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42257796169949,"sku":"9788252126556","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/products\/Maria.jpg?v=1641235359"},{"product_id":"blondene-gir-seg-ikkje","title":"Blondene gir seg ikkje","description":"\u003cp\u003eGjennom eit flettverk av barndomsskildringar og hendingar frå vaksenlivet, presenterer Marit Kaldhol eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Kaldhol har skrive bøker for både barn og vaksne, både romanar, dikt og biletbøker.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257834705117,"sku":"9788252169201","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OwbHPk3MiAGEVrcfj9cypO9DEA4QySVkyY5PpBS3.jpg?v=1716507396"},{"product_id":"darwins-sporvar","title":"Darwins sporvar","description":"\u003cp\u003eI eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis. \u003c\/p\u003e\n \u003cp\u003ePå kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257836114141,"sku":"9788252181494","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/3pU0OW12Z8hfMw561bIblj41hbMqBBkaxnOAEXlG.jpg?v=1716510661"},{"product_id":"det-skulle-vere-sol-vi-skulle-reise-til-lodz","title":"Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz","description":"\u003cp\u003eTo søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende.\u003c\/p\u003e\n \u003cp\u003eJenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny?\u003c\/p\u003e\n \u003cp\u003e\u003cem\u003eDet skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz\u003c\/em\u003e er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257838997725,"sku":"9788252184365","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/xjFbgQQsSBAx6l0lPFd6RIvW3eoNWK0iI4Q7f2XC.jpg?v=1716511364"},{"product_id":"ein-augneblink-kanskje-to","title":"Ein augneblink, kanskje to","description":"\u003cp\u003eSamtidig som forteljinga er djup, er ho lett og dansande. \"Det er ei merkverdig bok som kan omhandle drastiske ting som tungsindig mor, ugrei far og døyande mormor, og likevel vere så frisk og glad og svellande,\" seier konsulenten. Lesaren blir dregen inn i den unge jentas svingande tankar og stemningar nokre evige sommardagar. Forfattaren har skapt ei bok som vil leve lenge i lesaren.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257842045149,"sku":"9788252158649","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DbcUmUe2hTCiQx5BM8t8qgAKax5qlOwQdhj2gHgU.jpg?v=1716503261"},{"product_id":"farvel-rune","title":"Farvel, Rune","description":"Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd - men faktisk har vore utseld ei tid. Vesle Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarer å leve vidare. Boka er eit ypparleg utgangspunkt for samtale med barn om død og sorg. Sidan boka kom ut første gong i 1986 er ho blitt kjend og kjær i ei rekkje land, og har har fått prestisjetunge internasjonale prisar.\n\n","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257844043997,"sku":"9788252126860","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/73JKfLkZ4I9Rm7zbbMjQN41GvVJZWuAGrBJhNw8h.jpg?v=1716490984"},{"product_id":"ho-som-ror","title":"Ho som ror","description":"\u003cp\u003e\u003ci\u003eho kjem til fjorden\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan er der\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan ligg roleg\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan ser ikkje vekk\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan spør ikkje kor ho har vore\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan seier ikkje kor ho skal fare\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ehan tar imot henne held båten hennar\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003eho kjem til fjorden han er ein venn\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003ei dag ligg han roleg pustar under henne\u003c\/i\u003e \u003c\/p\u003e\u003cp\u003e\u003ci\u003e\u003c\/i\u003e\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eho ror medan hendene hans grip inn i landskapet\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257848369373,"sku":"9788252170115","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/xqEmL6eQ0LbbV1eFH5Fa2NrVsTb1FACxGsOOB8Kl.jpg?v=1716507753"},{"product_id":"innbrotstjuven","title":"Innbrotstjuven","description":"\u003cp\u003eHistoriene om Peder byggjer opp ei spenning som rører ved vår angst for at det kjente plutseleg kan snu ei anna side til. Vi blir førte rett inn i konkrete situasjonar der Peder mistar kontrollen og opplever skrekk og angst. . Den klaustrofobiske kjensla som oppstår er allmenn og gjenkjenneleg. Forteljingane om Peder er ei bok for alle, uansett alder.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257850269917,"sku":"9788252164091","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OGxq4xJ7A8ezwyzkcS0aZWQ4SNwvV7W86TD2gxwR.jpg?v=1716505271"},{"product_id":"likevel","title":"Likevel","description":"\u003ch7\u003eALDRI SÅ LANGT HEIMAFRÅ\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003ealdri lenger heimafrå\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eenn at der finst ei trapp\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eå sette seg på\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003ealdri lenger heimafrå\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eenn at lyden av vatn\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003enår øyret mot kveld\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003ealdri lenger heimafrå\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eenn at skuggen gir kvild\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003etil nattekroppen\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003ealdri så langt heimafrå\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eat ikkje ansiktet har ei innside\u003c\/h7\u003e\u003ch7\u003eder bordet er dekka\u003c\/h7\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":42257855906013,"sku":"9788252157079","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/3PwiqoASETF3bYz6vXchnY77LnDW07BBRw4rGFdw.jpg?v=1716502674"},{"product_id":"stilk-med-to","title":"Stilk med to","description":"\u003cp\u003eDei reinskorne dikta har enkle, klare bilete og utrykkjer ekte kjensler og erfaringar. Boka har karakter og ein personleg tone, men er open for lesaren anten han berre vil sjå inn i eit univers eller identifisere seg med den som talar i dikta. Justyna Nyka har laga sterke, særmerkte bilete. Ei bok med identitet og poetisk venleik.\u003c\/p\u003e","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257874583773,"sku":"9788252159509","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/SDxVywybHqiOLbIt0JvLtdSRMPVzcxWXIvDFiMiH.jpg?v=1716503672"},{"product_id":"fro","title":"Frø","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42257909285085,"sku":"9788252152296","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/products\/froe--dikt-for-unge.jpg?v=1641237016"},{"product_id":"reisa-til-h-antikvariat","title":"Reisa til H.","description":"","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42264719982813,"sku":"9788252166187","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/5zRGU7C0u3EnaAguhBy1D9ZTePqLw9zypaX4a2rO.jpg?v=1716506443"},{"product_id":"pa-ei-trapp-i-universet","title":"På ei trapp i universet: dikt","description":"Kor langt ut finst universet? \nKor kom livet frå? \nKorleis kan jorda vere lita som eit flugeegg? \nKven skal varme oss når sola sloknar? \n \nEin katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær. \n \nDiktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"E-bøker","offer_id":42874355744989,"sku":"9788234008252","price":229.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/nnaKOM3WX6UeTYCgrr75xYwSD9lRweN8uAbX0wEg.jpg?v=1716489982"},{"product_id":"pa-ei-trapp-i-universet-1","title":"På ei trapp i universet: dikt","description":"Kor langt ut finst universet? \nKor kom livet frå? \nKorleis kan jorda vere lita som eit flugeegg? \nKven skal varme oss når sola sloknar? \n \nEin katt og to barn sit på trappa til eit hus i skogkanten. Dei filosoferer om røynda og universet, om det minste og det største, om det dei ser, og det dei ikkje kan sjå. Ikkje minst oppdagar dei at det finst ufatteleg mange slag egg. På ekspedisjonar i skogen og til fjorden blir både fortid og framtid, fantasi og vitskap levande og nær. \n \nDiktsamlinga er vakkert illustrert av Susanna Kajermo.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":42874355777757,"sku":"9788234008245","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/yre4pZkkWFbGI8lTHyXxJMb01EypOcZXTWTeN1kq.jpg?v=1716489977"}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/collections\/Marit-Kaldhol_3fdec774-f72b-4d46-9a6f-5f002732dc63.jpeg?v=1611223427","url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/marit-kaldhol\/1983.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}