Vennerød fekk Ibsenprisen 2005 for Dama i luka, og for Frank vann ho førsteprisen i ei norsk-svensk dramatevling i samband med hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga. Stykket vart trykt i Ung nordisk dramatikk (2005). I denne boka er det samla fire stykke, Meir, Ta meg på vengene, Dama i luka og Krokodillen.