Landfastlykke: roman

Brit Bildøen |
Hefta | Sidetal: 227 | ISBN: 9788234000409

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Kunnskapsrikt og vittig om havarerte kjærleiksforhold og brukatastrofar.

Den dagen Mona skal til sjukehuset og få hjelp til å bli gravid, stikk ho av frå hovudstaden og mannen og køyrer heim til barndomsbygda.

Bruingeniøren skriv dagbok og tenker på Mona. Han veit ikkje at ho er på veg dit han er, men for lenge sidan kjente han ansiktet hennar betre enn sitt eige. Even tenker òg på Mona. Ho har ikkje fortalt kvifor ho reiser frå han, men han veit kva som plagar henne. Kva tenker Mona på? Tenker ho berre på seg sjølv, eller tenker ho på barnet ho ønsker seg? Ho reiser heim til barndomsøya, som skal bli landfast. Og snart vil dei tre møtast. Mona, bruingeniøren og Even.

BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga "Bilde av menn" og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for "Sju dagar i august" (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.

Meldingar

Brit Bildøen

Du likar kanskje desse

Sist sett på