Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunarkborga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Heller enn å spele helt, ønskjer Dina eigentleg å vere heilt vanleg slik som den eldre broren Davin, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør sjå inn i.
Dette er første bok i den intenst spennande Skammar-serien, som no erobrar 10-14 årige fantasy-elskarar i land etter land.
"Den eneste bog der er lige så god som Harry Potter og Ringenes Herre," skriv ein dansk lesar i BogGuide om serien.
Meldingar
"Godt fortalt, drivende spennende"
Ola By Rise, Adresseavisen
"Kraftfull fantasy"
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende
"Kaaberbøl vet å ta vare på den gode historien ... direkte og replikksterkt språk ... det er grunn til å glede seg til forsettelsen"
Mette Hofsødegård, Dagbladet
"Betre enn Harry Potter...Spennande, truverdig og drivande godt skrive"
Nils Kvamsdal, Hordaland
"Vil trollbinde leserne"
Anne Cathrine Staume, NRK
"Uhyre spennende og fantasifull fortelling...kjempegøy å lese"
Vera Grønborg Aubert, Vårt Land
Lene Kaaberbøl
f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO