Det andre namnet
Skildring
Første bok i storverk frå Jon Fosse. Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.
Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feire jul med søstera si. Asle blir alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for første gong bli med på julefeiring hos søstera.
Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette første bandet av Septologien handlar tilbakeblikka om barndommen. Det handlar om Asle og søstera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som blei borte på sjøen.
«Septologien» er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smake med egg og flesk.
Sitat frå melding
«Terningkast 6 : "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til." Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende»
Jon Fosse
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei uendeleg rekkje prisar både i inn- og utland.
Sidan Fosses litterære debut med romanen Raudt, svart i 1983 har vi i Det Norske Samlaget fått følgje ein produktiv forfattarskap i stor utvikling og utbreiing. Vi har sett ein forfattar, som etter å ha etablert seg solid som romanforfattar, poet og barnebokforfattar, har gjort dramatikar av seg og opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke i samtidslitteraturen.
Fosse kjem frå Strandebarm på Vestlandet. Han er gift og har fem barn. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og seinare kom det fleire romanar, diktsamlingar og etter kvart barnebøker og essaysamlingar. Til saman har Fosse gjeve ut 16 bøker med prosa, 10 diktsamlingar, 2 essaysamlingar, 9 barnebøker og har dessutan hatt premiere på 28 skodespel og 8 kortare stykke.
Fosse debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1993, og har med skodespel som Nokon kjem til å komme (1996), Ein sommars dag (1998), Draum om hausten(1999) og Eg er vinden (2008) oppnådd ein internasjonal suksess som manglar sidestykke.
Etter å ha vunne innpass på dei viktige scenene her i landet, kom det verkelege internasjonale gjennombrotet for dramatikken i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å komme i Nanterre utføre Paris. Året etter sette det anerkjende Berlinteatret Schaubühne og regissøren Thomas Ostermeier opp Namnet på teaterfestivalen i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
Fosse er i dag mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, både lyrikk og prosa. Gode eksempel på dette er romanane (1989), Melancholia I (1995) Melancholia II (1996), Morgon og kveld (2000) og Andvake (2007), samt diktsamlingane >Hund og engel (1992), Nye dikt (1997) og Auge i vind (2003). I 2013 var Fosse på bestseljarlistene med diktsamlinga Stein til stein. I 2014 kom Fosse med forteljinga Kveldsvævd. Med den boka avslutta Fosse den kritikarroste kjærleikstrilogien som starta med Andvake (2007) og Olavs draumar (2012).
Fosse er utdanna cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og konsulent og omsetjar av teaterstykke. Fosse var festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i 1998 og ved Festspillene i Bergen i 2005. I 2010 fekk han den internasjonale Ibsen-prisen.
I 2011 flytta han inn i statens æresbustad for kunstnarar, Grotten, i Slottsparken i Oslo. Han er i dag busett både i Bergen, Grotten i Oslo og i Hainburg i Austerrike.
I samband med 50-årsdagen til Jon Fosse, gav Samlaget ut biografien Jon Fosse. Poet på Guds jord av Cecilie Seiness.
I 2015 kom boka Mysteriet i trua av Eskil Skjedal, der Jon Fosse fortel om forholdet sitt til tru og katolisisme.
Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris 2015 for Trilogien. Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd (2014).
.
Litterære prisar
ÆRESDOKTOR
Ved Universitetet i Bergen
TILDELT STATENS ÆRESBUSTAD GROTTEN
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN
Den internasjonale Ibsenprisen 2010.
MEDALJE TILDELT AV BENEDIKT XVI
For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.
BERGEN KOMMUNE SIN KUNSTNARPRIS
Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).
SVENSKA AKADEMIENS NORDISKA PRIS
Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.
ÆRESMEDLEM I NORSKE DRAMATIKERES FORBUND
Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.
ANDERS JAHRES KULTURPRIS
Anders Jahres kulturpris for 2006.
BRAGES HEIDERSPRIS
Brages heiderspris for 2005.
KOMMANDØR AV ST. OLAVS ORDEN
Kommandør av St. Olavs Orden 2005.
PREMIO UBU
Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.
HEDDAPRISEN (HEDDAS ÆRESPRIS)
Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.
NORSK KULTURRÅDS ÆRESPRIS
Norsk kulturråds ærespris 2003.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Auge i vind.
RIDDER AV DEN NASJONALE FORTJENSTORDEN
Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.
BESTE UTANLANDSKE FORFATTAR, THEATER HEUTE
Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.
SKANDINAVISK NATIONALTEATERPRIS
For Dødsvariasjonar.
MELSOM-PRISEN
For Morgon og kveld.
HEIDERSMEDLEM I DET NORSKE SAMLAGET
Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.
KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS FOR BARNE- OG UNDOMSLITTERATUR
For Søster.
NESTROY-PRISEN
Nestroy-prisen for 2000.
NORDISK TEATERUNION SIN DRAMATIKARPRIS
For Ein sommars dag.
DOBLOUGPRISEN
Doblougprisen 1999.
GYLDENDALPRISEN
Gyldendalprisen 1999.
ÆRESMEDLEM AV NORSK SKUESPILLERFORBUND
Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.
ASCHEHOUGPRISEN
Aschehougprisen for 1997.
IBSENPRISEN
For Namnet.
MELSOM-PRISEN
For Melancholia I.
SUNNMØRSPRISEN
For Melancholia I.
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 1994.
ALFRED ANDERSSON-RYSSTS FOND
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.
NYNORSK BARNEBOKPRIS
Nynorsk barnebokpris 1993.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Bly og vatn.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO