{"title":"Lydbøker","description":"\u003ca href=\"https:\/\/samlaget.no\/pages\/sporsmal-ebok-og-lydbok\"\u003eSlik nyttar du e-bøker og lydbøker frå samlaget.no \u0026gt;\u003c\/a\u003e","products":[{"product_id":"fredlaus-2","title":"Fredlaus","description":"Eg som hadde trudd eg skulle vere åleine her, og så var det eit renn av folk!\n \nOg brått fekk eg igjen ei kjensle av at eg ikkje var åleine. Det er ikkje ei slik kjensle eg bruker å få, som regel veit eg når eg er åleine og når eg ikkje er det. Det var vel faktisk første gong eg hadde denne kjensla. Eg visste at i skogen skal ein stole på kjenslene sine. På instinkta og på dei indre røystene. Og ein skal sove lett, alltid med ei ladd børse ved sida av senga.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737018888343,"sku":"9788234004278","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/DgVnG3UiFPEH6rmnGjvXyT6JZUWisSaCAuKMaC1Z.jpg?v=1716488773"},{"product_id":"nyryddinga","title":"Nyryddinga: roman","description":"Ti år gamle Geir bur på eit småbruk der dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønster, styrt av årstidene og arbeidet. Men så blir far til Geir sjuk. Frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp: Dei skal bli sauebønder og skihopparar bare dei blir vaksne. Ei veksande interesse for jenter kjem òg inn i bildet, og ein byjentekjærast dukkar opp.","brand":"Sigmund Løvåsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019314327,"sku":"9788234004292","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qc6r1PhQoQEMlX7nihTLblJOA7FrDqSoSmRV8VAP.jpg?v=1716488777"},{"product_id":"mercedes-1","title":"Mercedes","description":"Det er ikkje så lett når ein enno ikkje har fylt 14 og mora forsvinn etter at faren har prøvd å treffe henne med kaffikanna.","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737019609239,"sku":"9788234004315","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/HJyvRIycWOp5gPGQq2220zrIL9x0fzIbNxhNMKZx.jpg?v=1716488785"},{"product_id":"septologien-iii-v-eg-er-ein-annan-2","title":"Eg er ein annan","description":"Andre bok i «Septologien»\n\nKunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.\n\nMedan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.\n\nI andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.\n\n«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.\n\nNominasjonar og prisar til Septologien:\n\nDet andre namnet:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2020\nLanglista til The International Booker Prize 2020\nNominert til Kritikarprisen 2019\nNominert til Brageprisen 2019\nNominert til Stadsteaterns Internationella pris\nNynorsk litteraturpris 2019\n\nEg er ein annan:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2021\nNominert til Kritikarprisen 2020\n\nEit nytt namn:\n\nLanglista til Dublin Literary Award 2022\nKortlista til The international Booker Prize 2022\nFinalist til National Book Award 2022\nKritikarprisen 2021\nBrageprisen 2021","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737020493975,"sku":"9788234004728","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OsaU1swfx72RqZJMg7NANJJaCXIs7EFUXlBLk4Qv.jpg?v=1716515824"},{"product_id":"flyt","title":"Flyt","description":"Seksten år gamle Anette har alt, pluss ein kjærast som ho ikkje eigong vil ha. Eller vil ho ha han likevel?\nDet veit ho ikkje. Det er i det heile mykje Anette ikkje er heilt sikker på både når det gjeld kjærasten Fredrik, ekstypen Bobby, livet, skolen og han rare guten i tredje gym. Men på den rappkjefta og frekke måten sin utforskar ho uredd livet, og seier ikkje nei verken til fest eller rus. Ho har full kontroll. Flyt er ein sjølvstendig oppfølgjar til Kunsten å inhalera.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737031897239,"sku":"9788234004186","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Cqgm4RWEjMVLEQL18hlOL3oN6xceQXlKaLiGwf0C.jpg?v=1716488739"},{"product_id":"engleslakt","title":"Engleslakt","description":"Journalistspiren Engel og venninna Irene mottar ubehagelige tekstmeldinger etter en fest. For første gang blir Engel usikker på om alt egner seg på trykk, og om det finnes handlinger som bare kan hevnes - ikke tilgis. Dette er den siste boken i trilogien om Engel Winge.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737032323223,"sku":"9788234004179","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/bPGooGRYsPWG45uMxdOOD38r5IvPrU9qvvt5KPuT.jpg?v=1716488736"},{"product_id":"englefjes","title":"Englefjes","description":"Første bok i ein rå trilogi for ungdom! Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes og har fått teften av ei god sak. Hyttefolk som bryt bygningslova like ved eit fuglereservat og hindrar fri ferdsel i strandsona. Engel skyr ingen metodar for å skaffa bevis, men det viser seg snart at skjergarden rundt Tysnes skjuler verre ting enn ulovlige hyttenaust. I si jakt på sanninga og ei god sak for avisa, kjem Engel stadig i trøbbel med politiet både for hærverk og båttjuveri. Når ho får teften av mord, finn ho det best å ta saka i eigne hender. Engel blir nøydd til å lura mordaren i ei felle, og ho har inga anna lokkedue enn seg sjølv.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737032421527,"sku":"9788234004155","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/R7kLSwXcmUcxuHO5oH0KxixQiRbiUCQyZ9fjJKHK.jpg?v=1716488727"},{"product_id":"englejakt","title":"Englejakt","description":"I Englejakt har ei synsk dame kjend frå ein tv-serie kome på ferie til Tysnes. Engel er skeptisk til overnaturlige greier, derfor overtalar ho kjendisen til å bli med til Marøya. Det viser seg snart at ikkje alle spøkelsa på Marøya er like døde, og at vondskapen til dei levande er grenselaus.","brand":"Ingelin Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033207959,"sku":"9788234004162","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/f8xDxsFb6FN6hrwIPR2xZYeriRwclqreJWDhwsIS.jpg?v=1716488731"},{"product_id":"eksperimentet","title":"Eksperimentet","description":"Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar \n \nTvillingane Amund og Amanda skal på ferie til besteforeldra på Sørlandet. På toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men så får dei uventa besøk som ikkje gjennomskodar spøken, og då blir det vanskeleg å byte tilbake ... \n \nEksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek mange barn: Fantasien om å vere motsett kjønn.","brand":"Harald Nortun","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033666711,"sku":"9788234004148","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/elHR3DmkphEhiKAoRamPbEkWq0ofrFyS27V7UJGJ.jpg?v=1716488723"},{"product_id":"bouvetoya-2052","title":"Bouvetøya 2052: roman","description":"Året er 2052. Startskotet går for tidenes heftigaste nett-reality, ein klimakonkurranse på isolerte Bouvetøya i Sørishavet.  \nEin ungdom frå kvar verdsdel, kvar med sine unike eigenskapar, skal knive om enorme pengesummar. Dei skal vere offline i tre dagar, mens resten av verda kan følgje dei gjennom liveoverføringar. Men er Bouvetøya 2052 verkeleg ein sjanse til å endre planetens framtid? Mot si vilje blir den norske aktivisten Roland vikla inn i eit spel på liv og død.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737033896087,"sku":"9788234004117","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/QEB2odLeslChPa2Y4hXUXK4W74n5qonrne1Vo44r.jpg?v=1716488712"},{"product_id":"ingen-er-sa-trygg-i-fare","title":"Ingen er så trygg i fare","description":"Vår nære historie er bakteppe for hovudpersonen Kapos forteljing. I eit fritt framhald av romanen Mars frå 1998, får Kapo no omsorg for den etterlatne arvingen etter det styrta Babel-konsernet. For Kapo blir dette byrjinga på eit nytt liv, og han kjenner behov for å finne ut meir om sin eigen familie. Med ei mor som opplevde evakueringa av Finnmark etter andre verdskrigen, og ein russisk soldat som mogleg far, betyr denne jakta på opphavet eit djupt dykk ned i norsk og russisk etterkrigshistorie.","brand":"Jørgen Norheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737034223767,"sku":"9788234004131","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/26GsXc3E8n0qQz0DJYosTgtoHaXsc76r682WQWwK.jpg?v=1716488719"},{"product_id":"dodeboka","title":"Dødeboka: fantasyroman","description":"Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: Han må reise frå heimstaden Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Han må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umuleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennene sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik. Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekattar. Men først må dei få fatt i Dødeboka, den glømte og gjømte protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skriftet. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umulege oppdrageti riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide? Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der gammelegyptisk religion dannar bakteppet.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737034518679,"sku":"9788234004124","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/UCBGK6qCKl75jfj7ZIqO0Me0W10Burur7p2EvRyk.jpg?v=1716488716"},{"product_id":"nattsommarfugl","title":"Nattsommarfugl","description":"Johanne er på sommarbesøk hos mormor og morfar. Mattias er ein gut.som ho kjenner seg forelska i, og ho blir med han på hytta. Dei blir på ein måte kjærastar, men ein slengmerknad øydelegg alt, og brått er ikkje Johanne interessert i han lenger. Ho slår opp. Dagen etter får ho vite at Mattias er forsvunnen.","brand":"Hilde K. Kvalvaag","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035141271,"sku":"9788234004100","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/GiC9r2kkYQluOilFmzIpoNuDfaJVb0PVflkSEEIK.jpg?v=1716488707"},{"product_id":"jon-fosse-poet-pa-guds-jord-1","title":"Jon Fosse: poet på Guds jord","description":"Biografien er basert på ei rekkje samtalar med Jon Fosse om liv, kunst og dikting. Her kjem vi nærare innpå forfattaren, og høyrer om alt frå oppvekst med gitar og danseband i bygda Strandebarm i Hordaland, cocktailparty i Paris, 12-åringens hemmelege skriverom, til dei store teaterscenene i Europa. Vi får høre om vegen frå teaterhat til internasjonalt gjennombrot, om forlagsrefusjonar og kritikarhyllest, og om ein mann som meiner han først og fremst er ein poet på Guds jord.","brand":"Cecilie N. Seiness","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035239575,"sku":"9788234004063","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/qNGOpTYZFGmNkJKkKz8tdtGEi8Z8jievUcsVdWSo.jpg?v=1716488696"},{"product_id":"sokeord-ayotzintli-1","title":"Søkeord : ayotzintli","description":"Mikke er hjemme alene mens moren og stefaren er på ferie i Chile. De andre i klassen er i gang med russefeiringen, men han vil ikke være med. Han har slått opp med Siri, og svarer ikke når hun sender meldinger. Han sitter ved pc-en om nettene og skriver dagbok og leser om skilpadder.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737035894935,"sku":"9788234004087","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8jJJK1zbFsv3faKo51UmZNn1kOGw8YBgyFWz9ALp.jpg?v=1716488699"},{"product_id":"fengsla","title":"Fengsla","description":"Snart 16 år gamle Idun er den flinkeste i klassen. En dag får Idun vite at kusinen hennes, Mai, kommer for å bo hos dem. Men med Mai følger det trøbbel, og Idun lar Mai trekke seg inn i en farlig affære.","brand":"Hilde K. Kvalvaag","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036288151,"sku":"9788234004094","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/csN1E41vXsfz0RDhN18aBIMcTVm5ta4USFlRTL5u.jpg?v=1716488704"},{"product_id":"venneringen-bente-og-kami-2","title":"Venneringen","description":"Alt ligg til rette for at Bente og venninnene skal få ei fin ferieveke på hytta. Men ingenting blir som ho har tenkt.  \nVenninnene Kami og Ingrid har hemmelege ting på gang som ho ikkje får vite om. I hytteområdet skjer det innbrot og valdtekt, og jentene blir dratt inn i etterforskinga. Bente får ei bildemelding som tyder på at ein eller annan følgjer godt med på alt dei gjer. Dessutan er det vanskeleg å forstå om Marius eigentleg er forelska i henne.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036779671,"sku":"9788234004056","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/IlESZSIoBHNWLoXXLujWoYFnpNYYl40zID6Xva5R.jpg?v=1716488692"},{"product_id":"hyttemysteriet-stian-og-stine-2","title":"Hyttemysteriet: roman","description":"For over 60 år sidan flytta Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har ho budd i Oslo. Der har ho hatt to ekteskap, oppfostra fire barn og arbeidd som journalist. I dag er ho 80 år, enkje og kallar seg ein livets frilansar.\nUlstrup er ei velkjend radio.stemme som veit å få menneske i tale. No fortel ho frå sitt eige liv. Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737036976279,"sku":"9788234004025","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/m1GMVw7x4HObZvWGMK3nLYhOKt55TeImAGPgOvLS.jpg?v=1716488680"},{"product_id":"pa-flukt","title":"På flukt: roman","description":"Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Bad ho dei om hjelp?\nNeste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.\nMagnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737038155927,"sku":"9788234004049","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/zJD9KUqmfoG7DugPe0w0FdUMPVAug7dbDBDQAQ52.jpg?v=1716488688"},{"product_id":"motorsykkelmysteriet-stian-og-stine-1","title":"Motorsykkelmysteriet: roman","description":"Første bok i spenningsserien om Stian og Stine  i pocket! \n \nStian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det fl aks at både Stian og Stine liker å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fl eire skumle situasjonar.  \n \nMagnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fl eire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039532183,"sku":"9788234004032","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/Poq4nKSXxoVdwaih7HqyCH9fle5gHgY3ETKNDAFB.jpg?v=1716488684"},{"product_id":"inn-i-elden","title":"Inn i elden","description":"Finnmark, 1600-tallet. De to unge jentene Elen og Dorothe havner på hver sin side i den grufulle heksejakten. Elen er datter av en \"klok kone\", mens Dorothe er riksmannsdatter fra København. De to jentenes liv krysser hverandre da Dorothe blir giftet bort og flytter til Vardø med mannen sin.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039925399,"sku":"9788234004001","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/oOH1DMZtLbAA7qdlDr3WUhFgrOX4PMMYvlXh8u4S.jpg?v=1716488671"},{"product_id":"blod-pa-hendene","title":"Blod på hendene: roman","description":"Kari Marie Eiker (Kami, blant venner) er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien.  \nKampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande. \nSamtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene! \nBlod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.","brand":"Magnhild Bruheim","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737039990935,"sku":"9788234004018","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PHPPUeymaS3RH5Gldh9FXIgDXyQwN6Rm1LhqVzaJ.jpg?v=1716488675"},{"product_id":"ingen-ma-vite","title":"Ingen må vite","description":"Året er 1734. 14-årige Ingeborg dett på isen, og får hjelp av Mikkel til å kome seg opp. Ingeborg blir forelska i Mikkel, og byrjar å drøyme om han om nettene. Men det fins eit hinder mellom dei, ein farlig løyndom som må bli avslørt, og som vil få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Dette er forfattarens debutroman.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737040220311,"sku":"9788234003998","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/j2LxQCZ1lkIgoZMXhI4ckePFTzxK1hUeo1uPglxB.jpg?v=1716488667"},{"product_id":"heksejakt-og-heksebrenning-i-europa","title":"Heksejakt og heksebrenning i Europa","description":"Då hekseri og trolldom var blodig alvor!\n\nFrå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.\n\nHeksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft.\n\nHistorikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?\n\nHeksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.","brand":"Aina Basso","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737040547991,"sku":"9788234003981","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/hNwycMdmSvbHFy6NO3QlqdqIy5Pnl9jgJSJqX3HM.jpg?v=1716488663"},{"product_id":"tonje-glimmerdal-4","title":"Tonje Glimmerdal","description":"Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald på 74 år, og dei to kjenner kvarandre ut og inn.  \nEller gjer dei eigentleg det?  \nEin dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan våren kjempar med snøen og får fjella til å glitre og elva til å buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: Fart og sjølvtillit! \n \n «Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!» \n \nOpplesing: Maria Parr","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36737133248663,"sku":"9788252194609","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_a1d342f5-c963-40c7-820d-232d47af010d.jpg?v=1749715467"},{"product_id":"tung-tids-tale-roman-2","title":"Tung tids tale: roman","description":"Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. \n\nEin liten gut mistar språket og forandrar personlegheit. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorgen og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. \n\nMødre skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept og kva er å gi opp? Tung tids tale er ein sterk historie om å vere foreldre til eit funksjonshemma barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. \n\nOlaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med \"Få meg på, for faen\" i 2005. Boka braut tabuar knytt til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I boka og teaterstykket \"Stort og stygt\" tematiserer ho det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre for første gong. Med \"Tung tids tale\" bryt ho igjen tabuer, denne gong med ein uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn.","brand":"Olaug Nilssen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745274622103,"sku":"9788252195477","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/OrUmWkToF70qm9G4qXsP3Qmrdc35p8QhbJajZv6e.jpg?v=1716515468"},{"product_id":"den-dunkle-dottera","title":"Den dunkle dottera","description":"Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie aleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt ein av støyande, napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir opptatt av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og vere sjalu på den unge jenta og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien. \nElena Ferrante er av The New York Times omtalt som \"ein av dei største romanforfattarane i vår tid\". Dei kraftfulle romanane har gripe lesarar over heile verda. «ei intens gjennomtenking av kvinneliv og moderskap frå forfattaren av Svikne dagar» World Literature Today. «sjokkerande oppriktig, direkte og ugløymeleg. Med enkle middel byggjer ho opp ei kraftfull forteljing.» Publishers Weekly.\n \nElena Ferrante har sidan 1992 gitt ut fleire kritikarroste romanar. Med Napoli-kvartetten fekk Ferrante eit stort internasjonalt gjennombrot. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante. \n \nOpplesing: Gjertrud L. Jynge","brand":"Elena Ferrante","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745275605143,"sku":"9788252195781","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/xh6ABDw7uGFh8rzLepJqh96rt04EppGTtRPIBKOU.jpg?v=1716514002"},{"product_id":"lykka-er-ein-sjeldan-fugl","title":"Lykka er ein sjeldan fugl","description":"Stor roman om kjærleik, håp og nye sjansar i Lykka er ein sjeldan fugl.   \n   \nDen suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Han er utmatta, forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare og grunnmuren livet hans er bygd på begynner å breste. Då han får eit usignert brev med meldinga «Anouk er død», strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Charles og Kate blir tiltrekte av kvarandre, men ingenting er gitt på førehand.   \n   \nAlle som lét seg begeistre av Gavaldas førre roman, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Nok ein gong har Anna Gavalda, som har forført millionar lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede.   \n   \nTove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt. \n \nOpplesing: Anderz Eide","brand":"Anna Gavalda","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745276555415,"sku":"9788252194616","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/KC8iXXV0FUVP8QaRKgnLNZVV24l03rGvSrER8KiK.jpg?v=1716513703"},{"product_id":"eg-er-eg-er-eg-er-dikt-for-barn-2","title":"Eg er eg er eg er: dikt for barn","description":"Nominert til Brageprisen og Kritikarprisen 2016. \n \nGjennom trettini dikt skildrar «Eg er eg er eg er» korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung.   \n  \nBrageprisvinnar Ruth Lillegraven som har fornya samtidslyrikken for vaksne, viser med «Eg er eg er eg er» at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen. Design: Torill Stranger, Stranger Design.","brand":"Ruth Lillegraven","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745277571223,"sku":"9788252196078","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/XoZjTYhWEjy2E54ssawwGuan2zpcD4KOp25KHEUe.jpg?v=1716514070"},{"product_id":"der-det-finst-fuglar-1","title":"Der det finst fuglar","description":"Ein litterær pageturner.  \n \n«Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.  \n \nFor å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?  \n \n«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.  \n \nFrå dansk ved Ingvild Holvik.","brand":"Maren Uthaug","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745414639767,"sku":"9788234003684","price":379.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6YgxfQSj9sHoo6piQZFDBut9NPKUfvRUwvvud9ah.jpg?v=1716515472"},{"product_id":"den-andre-sostera","title":"Den andre søstera","description":"Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer. I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma. Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på? Boka er del av Grøss og gru - ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Laura Djupvik","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745558950039,"sku":"9788234002960","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/4kMD0b7TRKz7Kw4iykxsg90SFPYzqwhzexGtJf7j.jpg?v=1716488366"},{"product_id":"vaffelhjarte","title":"Vaffelhjarte","description":"Morosamt og lett om glede og alvor, venskap og sorg og om lengten etter å vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. I boka følgjer vi Trille og Lena gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira, der dei lagar taubane mellom husa, leikar andre verdskrig og opptrer som gatemusikantar. Då er det bra dei har slike som farfar og tante-farmor til å ordne opp. Men kva om det skjer noko som ingen kan ordne opp i? \u003cbr\u003eHjartevarmande! «Kjærligheten til barndom og oppvekstmiljø gir boken en helt egen varme.» Guri Fjeldberg, Bergens Tidende «Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss.» Marianne Lystrup, Vårt Land Opplesing: Maria Parr\u003cbr\u003e","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745560391831,"sku":"9788252194593","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_4f2c8c5f-d107-44ed-b333-bb84ca280174.jpg?v=1749715471"},{"product_id":"keeperen-og-havet-3","title":"Keeperen og havet","description":"Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han skal gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han begynner å bli gammal. Dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene dette året, vennane i Knert-Mathilde. For kva skal ein gjere når ein vert einsam i båten, fanga i orkanar, herja med på trening og når ingen lenger bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! For som Lena Lid seier i pressa situasjonar: No må de søren kverke meg vakne, der framme!   \n   \nMaria Parr (fødd 1981) har hatt stor suksess med bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Begge romanane er omsett til over tjue ulike språk, vunne ei rekke prisar og blitt teater-framsyning på nokre av landets største hovudscener. Vaffelhjarte blei fjernsynsserie på NRK og har hatt internasjonal suksess. Keeperen og havet er eit frittståande framhald av Vaffelhjarte. \n \nOpplesing: Maria Parr","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745561735319,"sku":"9788252195095","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_dcaf74c1-718a-4be8-b1ea-9a9cd1ef0072.jpg?v=1749715462"},{"product_id":"ollis-3","title":"Ollis","description":"Morosam, gripande og spennande barnebok av debutant.\n  \nHeime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var.\n  \nHeldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit? Ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot.  \n  \nIllustrert av Nora Brech.   \n  \nIngunn Thon (f. 1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner ho også frå Påskemorgen og Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.","brand":"Ingunn Thon","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745650274455,"sku":"9788252195101","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/YDnvlA9JJXF8QNdPNmftSYYvVyaXYnbNhVsS48uH.jpg?v=1716513832"},{"product_id":"jakta-pa-firkloveren-3","title":"Jakta på firkløveren","description":"Sjarmerande og ellevilt! \n \nDet er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta - ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. \n \nOg snart skal ein gut flytte inn i Kråkeslottet. No skal dei bli tre - det må jo bli trippelt så kjekt! \n \nMen når den nye guten kjem, forstår Alvar at sommaren blir ganske annleis enn han har sett for seg.  \n \nDet blir sjalusi, krangel og forviklingar.  \n \nAlvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.  \n \n \nChristian Wiik Gjerde (f. 1981) voks opp i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre og er busett i Oslo. Han er utdanna pedagog, og har jobba både som produsent, lærar og som programleiar i NRK Super\/NRK P1. Jakta på firkløveren er hans debutbok.","brand":"Christian Wiik Gjerde","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745653223575,"sku":"9788252193282","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/XGeNl7EOgLFPzPewu34uf5GGxaZtTmnWFCxnJkvt.jpg?v=1716513325"},{"product_id":"galderstjerna-5","title":"Galderstjerna","description":"Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik! Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor fi nn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?\n\nVegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.","brand":"Asbjørn Rydland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745654632599,"sku":"9788234002991","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/UYj4jvVjDTJxMArUSynsej9KGdLBk9otBIdQzbIW.jpg?v=1716488374"},{"product_id":"draumsende-1","title":"Draumsende","description":"Mystiske og brutale draumar kjem til Eirik samtidig som han reiser djupare inn i Ingenmannsland. Kva betyr desse draumane? Saman med vennene Khalid og Maria må Eirik stole på sine eigne evner for å finna ut av det. Kampen mot anzilane er i ferd med å ta ei farleg vending, men kva skal til for at vegandi skal ta åtvaringane hans på alvor før det er for seint?\n\nDraumsende tar oss med tilbake til eit fantastisk univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. Endeleg er oppfølgjaren til Upris-vinnande Galderstjerna her!","brand":"Asbjørn Rydland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745655189655,"sku":"9788234003004","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/ke4ckeuDR6KmN2VAUFy6rn6rIYukSZ0JCRZZNuMB.jpg?v=1716488378"},{"product_id":"mareritt","title":"Mareritt","description":"Mareritt til alle døgnets tider! Mattias bråvaknar av skriket til ei jente. Han har drøymt om røyk og flammer. Det både lukta og høyrdest ut som ekte brann. Det er som om skrekken til jenta set seg i Mattias. Draumane vil ikkje gi seg. Kven er jenta som skrik? Kva vil ho?\nBoka er del av Grøss og gru - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Linn T. Sunne","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745655615639,"sku":"9788234003165","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/RyWsCEdCFNKklpHp5Vl3nMQc2gO1NGaDNYGl8Q10.jpg?v=1716488432"},{"product_id":"den-tolvte-spelaren","title":"Den tolvte spelaren","description":"Grøss i ei tåkelagd bygd! \nKevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg. Kven er den tolvte spelaren? \nBoka er del av \"Grøss og gru\" - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Tor Arve Røssland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745656696983,"sku":"9788234003035","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/AA7qwtgS9NqbSQCzlaiAAMVRIZkyAcat8y8vwG3f.jpg?v=1716488382"},{"product_id":"andromeda","title":"Andromeda","description":"Slagkraftig ungdomsroman!\n\nWilliam og Samuel gav seg fader ikkje heller. Dei snøfta og slo og dundra laus. Nevane hamra og hamra. Dei var langt inne i ein sinnssvak rus av sprit og raseri. Det verste var at eg godt visste kva for tilstand dei var i. I eit mørke bortanfor alt. Der ein har gløymt alle reglar og all folkeskikk.\n16 år gamle Simon har blitt flytta til ein ny fosterheim i ein liten dal på Vestlandet. Han trur han skal få ein lett match med å hevde seg her, men ting utviklar seg annleis enn han trur.\n\nAndromeda er ein roman om unge menneske som på ulikt vis kjenner seg utanfor og annleis. Det er ei dramatisk historie om svik og lojalitet, posisjonering og sosialt spel.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745657417879,"sku":"9788234003172","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/XGFwfTJoZfRdRarD7Je1ZqxlXVwRDQaSQMYrdNjQ.jpg?v=1716488437"},{"product_id":"djevelen-vil-alltid-finne-deg","title":"Djevelen vil alltid finne deg","description":"Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på?","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745657974935,"sku":"9788234003042","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/5vifCKrjZjAxSTew4VHfdNJ5iARqRvzA0iko5cpL.jpg?v=1716488393"},{"product_id":"dod-eller-levande","title":"Død eller levande","description":"Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom - og inn i Bekkedalen. .","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745658466455,"sku":"9788234003158","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PFZTPDax8KzVuWG8P1wbaC1PM8H2RUcTrhmZoFyx.jpg?v=1716488428"},{"product_id":"jag-ar-supermann","title":"Jag är Supermann","description":"Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo. Og midt i alt dette finst det truleg også ein rømling, i skjul, ein eller annan stad.\n\nHistoriene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda. Noko som gjer det heile verdt det.","brand":"Lars Mæhle","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745659547799,"sku":"9788234003066","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/8UD6gimXEF20hQb5CgtL84YnFNWogCQe4nfaf071.jpg?v=1716488388"},{"product_id":"z-for-sorry","title":"Z for sorry","description":"Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.  \nMen kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.  \n \nMarit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen søkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den største barnebokprisen i verda, for tredje gong.","brand":"Marit Kaldhol","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745660039319,"sku":"9788234002977","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/PFAZZEIDP6J5UVdJwdZjZK9RuULSVu5dVTYYz4QI.jpg?v=1716488370"},{"product_id":"stavanger-stories-novellekrans-5","title":"Stavanger stories 1: novellekrans","description":"Fjorten forteljingar med humor og action!\n\n«Ingen veit kva tid det er over, kva tid hjartet sluttar å slå. Det kan skje kva tid som helst, med kven som helst. Men dette tenkjer ikkje Betty på no, ikkje enno. Det er for tidleg. Ho har enno ikkje møtt Døden.»\n\nI Stavanger stories møter vi søskena Betty, Broremann og Duxen. Betty har eit nærare forhold til mormor enn til mor, Broremann blir sett på den største prøven så langt i livet då han må leggje ut i båt åleine, og Duxen tabbar seg loddrett ut som russ. I novelleform opplever vi tre søsken og deira ulike møte med livet, døden, gleda, saknet og kjærleiken.   \n  \nDette er den første av fleire novellesamlingar om ungdommane frå Stavanger.","brand":"Terje Torkildsen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745661055127,"sku":"9788234003134","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/6yMc9Cm7a3mM5JBg3AATptKaY1vsWetn5kJH94ar.jpg?v=1716488420"},{"product_id":"den-svartkledde-jenta","title":"Den svartkledde jenta","description":"Bekmørk og iskald grøss! \nHanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor oppsøker ho Hanna? Og kor kjem dette forferdelege skriket frå?","brand":"A. Audhild Solberg","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745661743255,"sku":"9788234003080","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/sIDfsXqszIagVRvozijia5IJc2lvb1riXxetdchh.jpg?v=1716488400"},{"product_id":"dumme-dumme-hjarte","title":"Dumme, dumme hjarte","description":"Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget - og hamnar opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på når det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist danser ballett som om det står om liv og død. Ja, ho danser som om det er hennar siste dans her på jorda.","brand":"Linda Klakken","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745662103703,"sku":"9788234003097","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/TGlqJDehpffBXg2SBbnVuuQb6241zZkJnp3tsryY.jpg?v=1716488404"},{"product_id":"apetryne","title":"Apetryne","description":"- Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon. Ivar byrjar å le høgt. Han hoppar rundt bålet som ei ape medan han peikar på meg. \n\n- Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger! \nApetryne er ei bok om vennskap, om forelsking, om å vere utanfor og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg. \n\nAtle Hansen er forfattar og musikar og har skrive ei rekkje bøker for både barn og vaksne.","brand":"Atle Hansen","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745663447191,"sku":"9788234003028","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/zK4kACXKbPke3IT4zRky5Jy37A9mlaMyTZmn1f6k.jpg?v=1716488409"},{"product_id":"hjarteklapp-2","title":"Hjarteklapp","description":"13 år gamle Ingvild Halvorsen trur ho kjem til å døy av hjartestans, akkurat som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel...\nI mellomtida filmar Ingvild seg sjølv, så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr.","brand":"Hilde K. Kvalvaag","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745663709335,"sku":"9788234003073","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/7LY8zQuFHV3gJEjQiC5w324ESSgjHsBYUIEoiUsL.jpg?v=1716488396"},{"product_id":"bestem-deg-tony-t-bestem-deg-1","title":"Bestem deg, Tony T, bestem deg!","description":"Engasjerande om flukt og handlekraft.\nTony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti.\nUtvikla i samarbeid med Leser søker bok.","brand":"Erna Osland","offers":[{"title":"Digital lydbok","offer_id":36745664594071,"sku":"9788234003189","price":279.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/P5i4oKtdcq1EcLGLei4fJW45gCjdD2v8DU5iiYEY.jpg?v=1716488441"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/lydboker-1.oembed?page=10","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}