Den vesle kjempeboka

Lars Mæhle | Anna Fiske

Illustrert av Anna FiskeDu har kanskje trudd at kjemper ikkje finst, eller at dei er akkurat slik som vi har høyrt om i eventyra? Men nei, alt dette er tull, kjempene er akkurat som deg og meg �� berre ein god del større.

Forfattaren kjenner nemleg ei kjempe som er 4,3 meter høg og heiter Sam. Han har bustete, raudt hår, masse frekner og ein stor og litt skeiv nase. Og gebiss. Ja, dét begynner alle kjemper med allereie i fireårsalderen! Dei er så gløymske at dei gløymer å pusse tenner, ser du. Og dei gløymer å ta av seg skoa også, det er det som skjer med Sam – og det handlar denne historia om. For no er det over to år sidan han skifte sko, og du kan berre ane korleis det kjem til å

lukte når han tek dei av! Ei ny fornøyeleg historie frå forfattaren av Harry og Ivar finn opp krutet.


ISBN: 9788252164640

Kategoriar: Anna Fiske, Lars Mæhle

Emneknagg: 2004, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Lars Mæhle