Last ned omslag

Bla-i-boka

I ringane

Kristina Leganger Iversen

Urovekkjande, erotisk og eksplosiv roman

Jo ligg på baderomsgolvet under ein heimeabort. Korleis hamna ho her? Korleis kunne kjærleiken bli vond og umogleg å gi vidare? Gjennom fragment frå barndom og vaksenliv ser vi korleis Jo motvillig veks inn i denne kvinna som kjenner livet ebbe ut av seg. Dei ulike situasjonane som flimrar gjennom minnet, handlar om korleis vi leiker med kvarandre, som søsken, i familierelasjonar, i parforhold, om at leiken aldri berre er ein leik: For kven bestemmer reglane, når er vi frivillig med på leiken, og i ytste konsekvens: Når er det ikkje lenger berre ein leik? Jos relasjonar til broren Iben, faren, mora og kjærasten utforskar dei ulike nivåa av sosiale spel ein inngår i.

Dette er ei forteljing om identitet, kjønn og makt: Om kroppen som grense for alt vi kan bli, og alt vi kan vere. Kristina Leganger Iversens velskrivne roman kretsar om tema som ansvar, fridom og leik, og om valden som kviler over alt som ein skugge.

Frå Bokmeldingar

"Iversen er en skarp observatør og en uredd forfatter."
Erle Marie Sørheim, Dagbladet

"I ringane handler om hva vi gjør med hverandres kropper, om hvordan det kjennes - og hvordan det bakom følelsene ligger strukturer som samfunn, familie og makt (...) Motivene og repetisjonene, ringene i boken, er vakkert tegnet og valgt med omhu, de fremstår både originale og hensiktsmessige."
Carina Elisabteh Beddari, Morgenbladet



Meir frå Kristina Leganger Iversen