Ein Edens hage

Knut Markhus |
Innbunden | ISBN: 9788252156904

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price400 kr
"Eg trur ikkje noko land i verda har lågare moralsk standard"

Då Europa oppdaga Noreg på 1800-talet, fløymde det over med reiseskildringar. Hundrevis av bøker kom ut og sentralt i svært mange av dei stod Hordaland. Ein Edens hage er ei samling med godbitar som boblar over av forteljeglede, fantastiske opplevingar og grufulle eller sjarmerande opplevingar med "dei innfødde". Dette er temperamentsfull lokalhistorie frå ei tid då Hordaland var den perfekte leikegrinda for romantiske eventyrarar.

Turistløypa gjekk, då som no, helst mellom Bergen, Voss og Hardanger, og det er frå desse områda dei fleste rapportane kjem. Saman med forfattarens eigne artiklar gir dei levande bilde av hordalandsturismen fram til 1914 å frå dei første sjokkerte engelskmennene vende heim kring 1830, til masseturistane bølgja inn i fylket mot slutten av 1800-talet og noko inn i neste hundreåret.

Boka er gjennomillustrert med skisser, teikningar og biletuttrykk å utf?rte av utanlandske kunstnarar som følgde turistrutene og let seg rive med, først og fremst av den "sublime", "avsindige" og "jomfruelege" naturen.

Knut Markhus

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på