Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.
Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.
Punktet
Å stå på dette punktet
og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut
alt som er og alt som blir og ikkje.
Vi kjem til å gifte oss.
Vi kjem til å gå frå kvarandre.
Vi kjem til å gifte oss
og gå frå kvarandre.
Nett her
nett no
er alt like sannsynleg.
Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga "Eg et før eg kjem".
Sitat frå melding
["\u00abEn h\u00f8yst original, varm og klartenkt unders\u00f8kelse av lengselens tvetydighet. Les og l\u00e6r.\u00bb<\/span> - Sissel Gran<\/span>","\u00abVakre dikt om den desperate lengselen etter \u00e5 h\u00f8re til [.] Forfatteren har noe sjeldent her, det \u00e5 kunne fremst\u00e5 s\u00e5 hudl\u00f8s, s\u00e5 i behov for kj\u00e6rlighet og bekreftelse, uten samtidig \u00e5 virke kokett, alltid med et flammende h\u00e5p om varighet og stabilitet\u00bb<\/span> - Fartein Horgar, Adresseavisen <\/span>","\u00abMest kvart dikt tematiserer kj\u00e6rleikens makt i eit eller anna tonelag, ljost eller m\u00f8rkt, og ganske ofte med ei humoristisk vinkling. Skrivem\u00e5ten hennar er frisk og freidig, noko ein lett kan sj\u00e5 i dei dikta eg siterer. Og poeten varierer og turnerer emnet sitt s\u00e5 sikkert at det aldri vert keisamt.\u00bb<\/span> - Kjetil Berthelsen, Dag og Tid <\/span>"]
Bla-i-boka
Kari Anne Bye
(f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga Eg et før eg kjem.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO