Juleroser 2021

ISBN: MA521114

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr

Store kunstopplevingar til jul

Juleroser er eit vakkert illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre
av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne. Redaktør Herborg Kråkevik fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. Ho og Samlaget vil gi folk store kunstopplevingar til jul.

Juleroser 2021 har bidrag frå mellom andre Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Demian Vitanza og Christer Karlstad har laga ein ekfrase, Alfred Fidjestøl har intervjua Åge Aleksandersen, Karoline Krüger har skrive den nye julesongen «Syng sang», og framsida er illustrert av Christopher Rådlund. I tillegg får du tre flotte kunsttrykk som du kan ta ut og ramme inn.

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok ho opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I 2018 vart også tradisjonen med julehefte for barn tatt opp att med Barnas Juleroser. I adventstida i år er ho aktuell med nye hefte, Barnas Juleroser-album og Juleroser-turné saman med Juleroser kvintetten, Mathias Eick, Linda Eide og Vigdis Hjorth.

Herborg Kråkevik

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på