Norwegerstraβe: frå Berlin til Stalheim via Nordkapp

Alexander HaüsserJørgen Norheim
Innbunden | Sidetal: 184 | ISBN: 9788252195729

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price349,00 kr

Skildring

Ei original og kunnskapsrik reiseskildring.

På ein rusletur gjennom Berlin går Jørgen Norheim og Alexander Häusser og undrar seg over alle dei norske gatenamna i byen. Gudvanger Straße, Nansenstraße og Frithjofstraße, dei finn namn henta frå historiske personar og stader så vel som frå mytar. Dei to kameratane bestemmer seg like godt for å dra til stadene i Noreg der namna kjem frå.

På turen følgjer dei Ivar Aasens metode ved å ta inn hos gamle kjenningar. For Jørgen blir turen på den måten òg ei reise tilbake til ungdomstida. Alexander har sin eigen motivasjon for å reise. Far hans var i Noreg som ung soldat under krigen. Han drøymde om å dra tilbake, men rakk det ikkje før han døydde. No vil Alexander prøve å finne ut kva det var med Noreg som gjorde at faren hadde ein så sterk lengt dit.

«Norwegerstraße» er både ei reiseskildring og ei mentalitets- og kulturhistorie, full av overraskande sprang undervegs.

Meldingar

Bla-i-boka

Jørgen Norheim

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på