"Stilsikker skildring av menneske i skuggen av sivilisasjonskrasj, sjukdom og død. Med imponerande kontroll over språket manar diktaren fram eit klaustrofobisk rom av vald, liding og død. Teksten er ubehageleg i sin realistiske tyngde, den er rå og raspande og samstundes kjenslevar, den etterlet inga lettvint tru på ei meir human og varmare verd og manar til ettertanke. Jan Roar Leikvoll er allereie etter to bokutgivingar ein elegant, borande, ikkje-romantisk diktar å rekna med."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad
"Stilistisk er Leikvolls roman uhyre velformulert i sin totalt nøkterne, avskrelte form. Rystende, brutal, men tankevekkende."
Finn Stenstad, Tønsberg Blad
"Fiolinane er helt rå. Et mesterverk som bokstavelig talt går inn til margen...Jan Roar Leikvoll... et glødende, litterært talent."
Jan Roar Leikvoll (1974-2014) kom frå Frekhaug i Nordhordaland og studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) blei publisert posthumt. Han blei frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.
Bjørnsonstipendet 2011 Bokhandelens forfattarstipend 2013 Stipend på 200 000,-
Nynorsk Litteraturpris 2010
For Fiolinane
STIG SÆTERBAKKENS MINNEPRIS 2013
Samlagsprisen 2014
Sigmund Skard-stipendet
Sigmund Skard-stipendet for 2010
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO