Frå gamle fjell til magma

Jan Inge Sørbø

Spennande nylesing av den nynorske lyrikken! Jan Inge Sørbø viser korleis nynorske dikt gjennom 150 år finn sitt særpreg, korleis dei endrar seg frå klassisisme via ekstatiske romantikk til modernisme – heile tida med dei gamle tekstane som ressonansbotn.

Den nynorske lyrikken kan godt lesast som ein eigen tradisjon, som skil seg frå bokmålslyrikken. I denne essaysamlinga viser Jan Inge Sørbø korleis impulsane frå Ivar Aasen har forplanta seg til stadig nye generasjonar nynorsklyrikarar. Men sjølv om Ivar Aasen er sjølve farsfiguren i den nynorske lyrikken, er nynorsk lyrikk i utprega grad levande litteratur – som tek tekstar opp i seg og skapar nye tekstar. Dei nynorske lyrikarane på 1800- og 1900-talet representerer både eit framhald og ei radikal omkasting av impulsane frå Aasen.

Jan Inge Sørbø viser korleis nynorske dikt gjennom hundre og femti år finn sitt særpreg, korleis dei endrar seg frå klassisisme via ekstatisk romantikk til modernisme – heile tida med dei gamle tekstane som ressonansbotn. Med skarpt blikk både for verknadshistoria og dei enkelte dikta presenterer Jan Inge Sørbø spennande og originale nylesingar av Ivar Aasen, Arne Garborg, Olav Aukrust, Jakob Sande, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Marie Takvam, Alfred Hauge, Kjartan Fløgstad og Paal-Helge Haugen.


ISBN: 9788252164435

Kategoriar: Jan Inge Sørbø

Emneknagg: 2004, Hefta,

Sjanger: Unknown Type


Meir frå Jan Inge Sørbø