Last ned omslag

Bla-i-boka

Reformasjonen

Sigrun Høgetveit Berg

I 1517 offentleggjorde Martin Luther tesane sine mot avlatshandelen og pavekyrkja. Dette vart det avgjerande skiljet i den prosessen me kallar reformasjonen, ei rørsle som kom til å splitte den katolske kyrkja og teikne eit nytt konfesjonelt europakart. 


Reformasjonen tok ulik form utover i Europa. I Noreg vart ei ny kyrkjeordning innført ovanfrå, i eit stats- og kyrkjekupp der landet også mista sitt statlege sjølvstende. Det er sagt om reformasjonen i Noreg at han kom brått og uførebudd, og vart gjennomført med større einsretting enn andre stader. Men kvifor kom omveltingane så brått, og kvifor vart konfesjonsendringa så einsretta?

I denne boka får vi for første gong ei samla framstilling av reformasjonen i Noreg sett i ein europeisk kontekst. Forfattaren ser på årsaker og verknader og legg vekt på å sjå dei politiske og religiøse sidene i samanheng.

Frå Bokmeldingar

Sigrun Høgetveit Berg har den beste gjennomgangen av hvordan reformasjonen påvirket Norge, og hun gjør det ved å sammenligne med utviklingen i andre land. Boken hennes er nok den som kommer nærmest å gi en samlet fremstilling av reformasjonen, både teologisk og politisk.
Gunnar Kagge, Aftenposten


ISBN: 9788252192209

Kategoriar: Alle bøker, Høgskule og universitet, Sigrun Høgetveit Berg

Emneknagg: 2017, Hefta, Nyheit,

Sjanger: Historie og kulturvitskap


Meir frå Sigrun Høgetveit Berg