Norsk = nynorsk og bokmål

Benthe Kolberg Jansson | Synnøve Skjong

Ei brei innføring i grunnleggjande nynorskdidaktikk. Forfattarane presenterer nynorsk i skolen i historisk perspektiv og viser korleis opplæring i begge målformer blir legitimert i skolen i dag. Boka tek utgangspunkt i Kunnskapsløftet og har døme frå praksis i skolen. Redaktørane og artikkelforfattarane har lang erfaring frå lærarutdanninga.

Tittelen Norsk = nynorsk og bokmål signaliserer perspektivet til forfattarane.  Dei vil bryte den vanlege og velkjende argumentasjonssirkelen som hentar næring frå ei problemorientert oppfatning av den norske språksituasjonen. Eit overordna perspektiv i boka er at nynorsk og bokmål er ein del av språkmangfaldet i Noreg , og at opplæring i to målformer er ein ressurs når ein skal utvikle språkkompetanse og norskspråkleg danning.

Boka tek opp til drøfting opplæring i både nynorsk som hovudmål og nynorsk som sidemål. I mange samanhengar vil ein arbeide med nynorskopplæringa på same måten, men vilkåra for å lære begge skriftspråka er ulike for dei to elevgruppene.

Sjølv om boka først og fremst dreier seg om nynorskopplæring, må ein sjå denne opplæringa i samanheng med opplæringa i bokmål, og dermed med norskopplæring generelt. Dette blir gjort i kapitla som handlar om nynorskopplæring på barnetrinnet og på ungdomstrinnet.  Boka tek også opp opplæring i begge målformer for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn. 

Eigne kapittel handlar om IKT i nynorskopplæring og arbeid med litteratur på nynorsk. Dei kan vere utgangspunkt for arbeid med nynorsk både som hovudmål og sidemål.




Meir frå Benthe Kolberg Jansson