Tekst i tid og rom: norsk språkhistorie

Bente Aamotsbakken | Hildegunn Otnes |
Hefta | Sidetal: 279 | ISBN: 9788252182415

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price389 kr

Tradisjonell språkhistorie er i denne læreboka sett saman med tekstanalytiske og didaktiske perspektiv. Tekstdøma står i sentrum og illustrerer endring og variasjon så vel i tid som i geografisk og sosialt rom. Boka fell i to delar, der første delen er eit språkhistorisk lengdesnitt, medan andre delen går nærmare inn på ulike språklege tema. Fleire aspekt er representerte: bøyingsformer og lydverk, tale og skrift, sakprosasjangrar og læreplanar, personnamn og stadnamn. Den nye utgåva er oppdatert etter den nye rettskrivingsnormen for nynorsk. Boka er primært skriven for lærarstudentar som tar fordjupingseining i norsk, men er òg aktuell for bachelorstudentar og norsklærarar. Hildegunn Otnes er førsteamanuensis ved PLU, NTNU, og Bente Aamotsbakken er professor ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Vestfold. Dei har undervist på mange nivå i skoleverket, og har gitt ut ei rekkje bøker som blir nytta i høgare utdanningsinstitusjonar.

Hildegunn Otnes

Du likar kanskje desse

Sist sett på