Norsk historie 1814-1905: å byggje ein stat og skape ein nasjon
Dette er det tredje bandet i det nye historieverket til Samlaget og skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. I 2015 kjem ein revisjon av denne boka.
Boka har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap
og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nært knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen.
Jan Eivind Myhre
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO