Skeive linjer i norsk historie - frå norrøn tid til i dag

Hanne Marie Johansen

Skeiv eller LHBTI omfattar seksualitetar, kjønnsuttrykk og samliv som bryt med etablerte normer, og som utfordrar majoritetskulturen og tradisjonelt familieliv. Den store linja i skeiv historie er ei utvikling frå usynleggjering og straffeforfølging til psykiatrisk behandling, og vidare til likestilling i vår tid. Slik kan skeiv historie ved første augekast verke som ei stor forteljing om frigjering, men er dette heile historia?

I boka gir Hanne Marie Johansen ei første samla oppsummering av forskinga på skeive si historie i Noreg. Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. I eldre kjeldemateriale finn vi få spor etter skeive; korleis skal det tolkast? Og på kva måte har nyare likestillingspolitikk påverka skeives rettar og levekår? Omgrep som lesbisk, homofil og heterofil kan i dag bli oppfatta som utdaterte. Er det fordi rettigheitskampen er over, eller fordi nye forståingar av kjønn og seksualitet har slått igjennom?


ISBN: 9788252194814

Kategoriar: Høgskule og universitet, Kommande bøker

Emneknagg: 2019, LHBTI,

Sjanger: Historie og kulturvitskap


Meir frå Hanne Marie Johansen