Lev vel, alle: roman
Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familen og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk. Reisa fører dei ut i den canadiske villmarka, der ingenting blir som dei hadde trudd.
Lev vel, alle er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.
Meldingar


"Boka tematiserer forholdet mellom foreldre og barn. Det moglege, nærast uoverstigelege gapet som kan opne seg mellom to som burde vere heilt nær. Desperasjonen i kjærleiken, den tynne lina mellom kjærleik og hat i nære relasjonar og den enorme mobiliseringa i kraft og vilje som kan kome når det verkeleg trengst."

Hilde K. Kvalvaag
Hilde K. Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen. Ho debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.
For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2008 gav ho ut si første bok for vaksne, romanen Skagerrak, som ho fekk Samlagsprisen for. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).
Fleire av bøkene hennar er omsett til tysk.
Litterære prisar
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 2010.
SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.
GURO SANDSDALENS LITTERATURPRIS
Guro Sandsdalens litteraturpris for 2006.
KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN PRIS FOR BARNE- OG UNGDOMSLITTERATUR
For Nattsommarfugl.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Hjarteklapp.
BRAGEPRISEN 2010
Brageprisen 2010 i klassen Barne- og ungdomslitteratur for Fengsla
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO