Helge Torvund debuterte for 30 år sidan med diktsamlinga Hendene i byen. Han har sidan publisert ei lang rekkje diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar og essay. Alt er høy er hans 25. diktsamling. Her utvidar og utviklar han sitt poetiske univers. Gjennom lange linjer flettar han saman det barokke og det surrealistiske med eit inderleg biletspråk som rører seg på mange plan av tilværet. Sagt om forfattarskapen: "... [Torvund] står på jorda 'fylt til leppene av det verkelege'. Her står han og arbeider med forholdet mellom ord og ting. Ikkje ut frå ei naiv tru på einskap og heilskap i verda, men ut frå språkkunstnaren si mistru til klisjéfylt kvardagsspråk og sløvande maktspråk. Men Torvund sitt språkkritiske arbeid er ikkje - som hos tradisjonskritikarar som Georg Johannesen og Einar Økland - undergravande paradoksfylt eller ironisk negativt. Han lagar i staden presist sansa motbilete, set bitane saman på nye måtar, bygger nye samanhengar mellom røynd og ord." Sigrid Bø Grønstøl i Vestlandets historie, bind 3 Kultur (Vigmostad & Bjørke, 2006)
Meldingar
"Etter 30 år som poet står Torvund fram som forvandla [...] Med samlinga Alt er høy byd Torvund på eit poetisk panorama med rike og dels forvridne bilde prega av trolsk skjønnheit."
Sindre Ekrheim, Bergens Tidende
"Et litterært jordskjelv. Den strenge minimalismen er avløst av overdådig sang [...] Noe radikalt nyskapende har funnet sted i Torvunds forfatterskap. Det som skulle være et 30-årsjubileum, er blitt et vendepunkt. Det skjer ikke i et litterært vakuum, men Torvunds barokke blanding av sang og skriftlighet går samtidslyrikken en høy gang. Torvunds diktbok er noe så sjeldent i 2007 som nyskapende"
Håvard Rem, Dagbladet
"Helge Torvund syng som aldri før, og songen flettar saman ei radikal innsikt i det forgjengelege med ramsalt samtidskritikk og store kjærleikserklæringar"
Jan Inge Sørbø, Morgenbladet
"Som orgelbrus i blodet"
Inger Marie Kjølstadmyr, Nationen
"Sjeldan eller aldri har Torvund tidlegare gitt så mykje av seg sjølv og si eiga stemme, vist fram ein så fargerik palett og så mange fasettar av sitt talent, skrive så intenst og inspirert. Dette er eit høgdepunkt både i forfattarskapen og i lyrikkvåren så langt."
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
"Inspirert og lyrisk om menneskelivet [...] Å lese Helge Torvunds diktsamling Alt er høy er litt som å finne et stort gammelt tre å lene seg mot [...] en leseropplevelse av det sjeldne slaget [...] særegen skjønnhet"
Birgitte Hanssen, Vårt Land
Helge Torvund
(f. 1951) er lyrikar, kritikar og psykolog. Han debuterte med Hendene i byen i 1977 og har seinare gitt ut ei lang rekkje diktbøker. Han har også skrive barnebøker, fagbøker og gjendikta amerikansk lyrikk. Med samlinga Lyssmeden (1983) etablerte Torvund seg som ei solid lyrisk stemme i den norske litteraturen, og for Den monotone triumf (1989) blei han tildelt Nynorsk litteraturpris. Torvund har sidan gitt ut bøker nesten årleg, og i 1996 fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Alt er høy (2007) var Torvunds 25. diktsamling. Denne nyskapande samlinga vekte stor oppsikt i det litterære Noreg og blei mellom anna kalla eit «litterært jordskjelv». Gjennom lange linjer fletta Torvund saman det barokke og det surrealistiske i eit inderleg biletspråk, og både utvida og utvikla sitt poetiske univers. I Sjelsord (2008) viser Helge Torvund korleis orda kan vere forløysande i situasjonar der menneske er i endring, og drøftar språket si viktige rolle ved psykiske lidingar. Torvund arbeider som psykolog, er diktlærar på nettstaden Diktkammeret og var i mange år hovudmeldar av lyrikk i Dagbladet. Han bur på Ogna i Rogaland.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO