Irak blir invadert trass i demonstrasjonar verda over, og Inga blir invadert av kjensler ho ikkje styrer. Ho lærer mykje ho ikkje visste, både om byen og om seg sjølv. Den italienske fotballspelande Angelo på skuter medverkar sterkt til begge delar ... Ei frisk og underhaldande reisebok med Romantikk!
Helga Gunerius Eriksen
(f. 1950) er frå Stord og bur i Bergen. Ho har skrive over 20 biletbøker, romanar, essay, dikt og forteljingar for barn, ungdom og vaksne og delteke i fleire prosjekt med andre kunstnarar. Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med biletboka På stripejakt. I 1991 fekk ho Kritikarprisen for Finn Inga! (beste barne- og ungdomsbok), og i 2003 blei ho, saman med Gry Moursund, tildelt Brageprisen for Flugepapir. Ho var òg nominert til Kritikarprisen 2006 for Eg er på veg, og fikk Samlagsprisen i 2009. Eriksen har skrive to romanar for vaksne – Dersom du (1994) og Rut (2002). Kvadratiske konturar (1998) er ei kortprosa-biletbok for vaksne der Eriksen samarbeidde med Kurt Johannessen. I 2010 fekk Eriksen Ordknappen for Påls reise (2009), ei tilrettelagd bok for lesarar som treng enkel tekst og enkelt innhald. Eriksen er utdanna cand.mag. med faga keramikk og filosofi. I 2013 fullførte ho fordjupingskurs i dramatikk ved Norsk Barnebokinstitutt.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO