{"title":"Haustens bøker 2026","description":"\u003cp\u003e\u003cmeta charset=\"utf-8\"\u003e\u003cspan\u003eNy bokhaust og nye bøker! Her er alle bøkene Samlaget gir ut hausten 2026.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","products":[{"product_id":"vaim-hotell","title":"Vaim hotell","description":"Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eVaim Hotell\u003c\/em\u003e er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.\u003cbr\u003eDette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":46740823671005,"sku":"9788234012518","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_fc004635-8033-4c4a-a84a-bc4164ede234.jpg?v=1756890277"},{"product_id":"det-morke-fastland-1980","title":"Det mørke fastland 1980","description":"Stavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMed \u003cem\u003eDet mørke fastland 1980\u003c\/em\u003e tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen \u003cem\u003eHundedagane\u003c\/em\u003e startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Arild Rein","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47115950686429,"sku":"9788234016622","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_4b5bb8ef-3443-4637-9e22-22898c9d1bc0.jpg?v=1765893887"},{"product_id":"ventrakl-1","title":"Ventrakl","description":"Den hybride diktbiografien \u003cem\u003eVentrakl\u003c\/em\u003e er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og korleis omsettingspraksis kan gjere rommet mellom litteratur og liv rikare.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cem\u003eVentrakl\u003c\/em\u003e er ei rørande bok om krig, sjukdom, kjærleik og dikting. Ho handlar om kva som er mogleg å overføre frå eit språk til eit anna, og om kor mykje av ein person som blir att etter dokumentasjon og mytebygging. Gjendiktingstematikken blir ytterlegare forsterka når Mathias R. Samuelsen må finne sine eigne metodar og strategiar for å overføre denne samtalen mellom Hawkey og Trakl til norsk.\u003cbr\u003e","brand":"Christian Hawkey","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47116298387677,"sku":"9788234014642","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_799e4bcc-adec-485a-9d3a-5bfc018ebd5e.jpg?v=1781100166"},{"product_id":"strikk-sokkar-30-fargerike-oppskrifter","title":"Strikk sokkar: 30 fargerike oppskrifter til store og små","description":"\u003cstrong\u003ePerfekt restestrikk\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFå plagg blir brukt like mykje som eit par gode sokkar. I denne inspirerande boka deler Ingvild Grane 30 perfeksjonerte oppskrifter på fargerike sokkar. Oppskriftene passar til heile familien, frå små barn til vaksne. Oppskriftene er detaljerte og enkle å forstå, slik at du kan følgje dei både om du har strikka mange sokkar før, eller du prøver deg på sokkestrikk for første gong. \u003cem\u003eStrikk sokkar \u003c\/em\u003eer ei bok du kan vende tilbake til, gong etter gong.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eAlle sokkane i boka er strikka i rein ull av norsk garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eIngvild Grane \u003c\/strong\u003e(f. 1982) har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. Ho har tidlegare gitt ut bøkene \u003cem\u003eStrikk med Ingvild frå @skaperrom,\u003c\/em\u003e \u003cem\u003e100 handlaga gåver \u003c\/em\u003eog \u003cem\u003eStrikk vottar\u003c\/em\u003e. Grane kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom anna utdanna journalist og arbeider med lydbøker i Fabel.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Ingvild Grane","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47912940667101,"sku":"9788234017155","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_dc5321a9-9a70-4a3e-882a-40da2086f5d1.jpg?v=1779365019"},{"product_id":"evig-fysen-nar-du-skal-lage-noko-ekstra-godt-vare-64-beste","title":"Evig fysen: når du skal lage noko ekstra godt : våre 64 beste oppskrifter","description":"I denne kokeboka deler Hans og John frå instagramprofilen @fysenpaa 64 nøye utvalde oppskrifter frå tre heimar.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eI del éin er du invitert på middag til Hans sin barndomsheim i havgapet på Vestlandet. Her får du servert rettar som fleskepannekaker, komler, laks og sveler. I del to får du vere med John til det kantonesiske og vietnamesiske kjøkkenet, der du får inspirasjon til ekte, god og tradisjonsrik mat frå både Hongkong og Vietnam – som du \u003cem\u003efår\u003c\/em\u003e \u003cem\u003etil\u003c\/em\u003e å lage heime på ditt eige kjøkken. Her er det berre å forsyne seg av phở, hot pot, wonton og mykje anna snadder. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSaman har Hans og John skapt ein felles heim fundert på dei ulike matkulturane sine, og dit får du bli med i den tredje og siste delen. Her skal me mellom anna innom det italienske, nordiske, japanske, thailandske og koreanske kjøkenet. Ta plass rundt det mørke eikebordet til Hans og John og smak på frukostar, forrettar, middagar og dessertar inspirerte av både oppvekst, reiser og restaurantbesøk.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cem\u003eEvig fysen\u003c\/em\u003e er eit resultat av to ting. Den første er den felles lidenskapen til Hans og John: mat. Den andre er Instagram-kontoen \u003cstrong\u003e@fysenpaa,\u003c\/strong\u003e som duoen starta i 2024. I boka fortel forfattarane historia om å finne seg sjølv og å finne kvarandre. Historia om å vere lukka og gøymd, for så plutseleg å servere mat saman til fleire tusen følgjarar i sosiale medium.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cem\u003eEvig fysen\u003c\/em\u003e er ei bok du tar fram når du vil nyte både livet og maten som smakar best – saman med dei som betyr aller mest.\u003cbr\u003e","brand":"Hans Hevrøy","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47912940765405,"sku":"9788234016134","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_947dfd05-b050-4d2c-bc89-d0cdd4cb3a97.jpg?v=1779264432"},{"product_id":"far-levde-og-sa-var-han-dod-traktormekanikk-trekkspelmusikk-heimebrenning-og","title":"Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimeb","description":"«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eLandbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eKven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eNoko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.\u003cbr\u003e","brand":"Bjørn Hatterud","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47966571233501,"sku":"9788234016455","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_d6d71f43-f220-4f05-80f8-9eccc5560aa7.jpg?v=1780473832"},{"product_id":"sja-der-gar-ein-barndom-om-lesaren-litteraturen-og-det-fortalde-1","title":"Sjå der går ein barndom: om lesaren, litteraturen og det fortalde","description":"Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som \u003cem\u003eVaffelhjarte\u003c\/em\u003e, \u003cem\u003eTonje Glimmerdal\u003c\/em\u003e og \u003cem\u003eOskar og eg \u003c\/em\u003ehar ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eInnimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til lokalavisa Synste Møre. Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eSjå, der går ein barndom \u003c\/em\u003eer ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma \u003cem\u003esi\u003c\/em\u003e. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. \u003cbr\u003e","brand":"Maria Parr","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47966572642525,"sku":"9788234016332","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_636a32bd-ea87-409f-8290-32ecf09228bd.jpg?v=1779908544"},{"product_id":"pa-stedet-hvil","title":"På stedet hvil","description":"Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, sender major Tandrum telegram direkte til overkonstabel Johan Ryer. Majoren ønskjer ikkje merksemd om saka no rett før storøvinga. Johan ser dette som ei gyllen moglegheit til å teste ut den nye fingeravtrykksmetoden og har trua på ei rask og vitskapleg oppklaring.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMed systera Sonja ved si side reiser han frå Ålesund, men det viser seg at kvinner ikkje er velkomne i leiren. Dermed må ho etterforske på eiga hand i bygda. Brått blir mordsaka vikla inn i ei anna skakande hending som dreg Sonja ned i hennar mørke, løyndomsfulle fortid.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ePå stedet hvil \u003c\/em\u003eer den andre boka i serien om syskenparet Ryer. Eit klassisk mysterium lagt til 1903, ei tid prega av store endringar, der unionen med Sverige knakar i samanføyingane. Sterke kjensler og meiningar brytst, og lojalitet blir sett på prøve både i og utanfor leiren.\u003cbr\u003e","brand":"Martin Baldysz","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975705084125,"sku":"9788234014734","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_82692f50-34cf-4e66-b4ee-e018984bf165.jpg?v=1780660951"},{"product_id":"eit-spor-til-endes","title":"Eit spor til endes","description":"Torstein veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFaren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og inntekter. Saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy frå løene, vedhogst og dyrestell.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003ePå nabogarden bur Theoline, ho er eit halvt år yngre enn Torstein. Ho er kvikk og uredd og hoppar like langt som gutane på ski. Ho er den beste vennen han har, men no ligg barndommen bak dei, og mangt er i endring.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDå den vide fjellheimen kring Helleren byrjar å krevja meir enn han gir, må Torstein finna sin eigen veg. Ut i vinterens øydemarker, eit spor han følgjer.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Tore Kvæven","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975706689757,"sku":"9788234016660","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"astrup","title":"Astrup","description":"Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å gjere research til ein ny og grensesprengande Astrup-biografi. Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde eigentleg det store stipendrøveriet til Ludvig Karsten blitt behandla? Ragnar og Steffen vil no kaste eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren. Men dei kan jo ikkje berre jobbe. Dei må ete og ikkje minst drikke også.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eI løpet av opphaldet i Jølster og familiehytta til Ragnar prøver dei så godt dei kan å ha Astrup i fokus. Men andre spørsmål trenger seg på: Vil Oddvar Torsheim openberre seg? Finst det sjøorm i Jølstravatnet? Kvifor vaknar Ragnar med blod over heile seg? Kven tok bilde av Steffen og Ragnar då det var berre dei i hytta? Svara på dette og mykje meir får du i den geniale gonzobiografien \u003cem\u003eAstrup\u003c\/em\u003e.\u003cbr\u003e","brand":"Ragnar Hovland","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975787397341,"sku":"9788234014611","price":479.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_aaffab48-d880-4950-b012-cd9bb6c2caa4.jpg?v=1780319076"},{"product_id":"kjaerast","title":"Kjærast","description":"I 1997 skreiv Jon Fosse eit spelefilmmanus. Manuset, som den gong hadde tittelen \u003cem\u003eBad Moon Rising\u003c\/em\u003e, har no blitt til filmen \u003cem\u003eKjærast\u003c\/em\u003e regissert av Erik Poppe.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDet handlar om Asle og Gerd, som blir foreldre til ein gut, og for ei stund er lykka fullkommen. Asle reiser til sjøs. Gerd er heime aleine med barnet. Kor mykje toler kjærleiken?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHer får du manuset slik det var den gongen Fosse skreiv det, men også ein tekst av regissør Erik Poppe der han fortel om arbeidet med filmen. Boka inneheld også forteljinga om korleis manuset blei til. Det var Tom Remlov, i rolla som direktør i Norsk Film, som i si tid bad Fosse skriva eit filmmanus. Remlov fortel kva som skjedde den gongen.\u003cbr\u003e","brand":"Jon Fosse","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975787430109,"sku":"9788234018190","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"barnet-elden-vatnet","title":"Barnet, elden, vatnet","description":"Er det rett å få barn slik verda no utviklar seg? Og om ein skulle få barn: Vil det bli eit roleg barn? Eller ein rekekjepp? Kanskje har naturen og døde bestefedrar svaret, eller kanskje finst det ikkje svar?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMinna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om sjølv å få barn. Det handlar om å bryte med det som var vondt, og å berre vere så god som ein kan – og om kva føresetnader og ansvar ein har for oppvekst i ei verd der krig og naturtap breier om seg.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003e\u003cem\u003eBarnet, elden, vatnet\u003c\/em\u003e handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida.\u003cbr\u003e","brand":"Knut Ivar Bjørlykhaug","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975787462877,"sku":"9788234017858","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_08362e61-2b4d-4eba-b626-492bdf8534a9.jpg?v=1781262182"},{"product_id":"riv-meg-fra-alt-som-held-meg-tilbake","title":"Riv meg frå alt som held meg tilbake","description":"Nessa utanfor Stavanger, året er 1850. Nils har eigen gard og stor familie og er spart for armoda som breier om seg. Likevel kjenner han ei dragning mot noko nytt, mot Amerika. Han er overtydd om at han har fått eit kall, og bestemmer seg for å reise. Attende på garden står Margrete og dei seks barna deira, som no må klare seg sjølve. Ho er ikkje villig til å reise frå alt dei har bygd opp saman, frå familie og skyldfolk og dei tre små på kyrkjegarden.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI New York kjem Nils i kontakt med folk frå mormonrørsla som overtyder han om å følgje dei til Salt Lake Valley, ei reise som tar fleire månadar. Dei store og dramatiske hendingane Nils kjem ut for, skal kome til å endre livet hans for alltid.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI mellomtida er Margrete i ferd med å finne attende til Faltin, som hadde eit godt auge til henne før ho gifta seg med Nils. Kanskje er det mogleg å finne kjærleiken på nytt?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eRotnorsk bondekultur står mot den nye amerikanske draumen i første bandet av denne historiske romantrilogien, som tar for seg eit nokså ukjent kapittel i norsk historie, dei første norske mormonane.\u003cbr\u003e","brand":"Svanhild Olianna Nessa","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975867547869,"sku":"9788234017742","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"mikrodosering-av-dikt","title":"Mikrodosering av dikt","description":"\u003cem\u003eom du legg hovudet\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003elitt på skakke vil du\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ekan henda få høyra\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ekva dyra har på hjartet\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e \u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ejazzkonsert på låven\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003edu lyttar til svalenes\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ebrå moduleringar\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eoppunder takbjelken\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003e \u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003eDropen ytst på hasselbladet og dropen inst i augekråa, er han den same? At naturen er lyrisk, og lyrikk er naturleg, er premissane for Thor Magnus Tangerås’ fjerde diktsamling. Men natur og biomangfald er truga, og vår evne til merksemd, den ro og konsentrasjon som dikt krev, er svekt. Kan difor små, daglege dosar med dikt, «gylne drypp av nåde, små sting av nå», hjelpa oss til å koma nærare på naturen, oss sjølve og kvarandre?\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eDenne boka er eit moderne drottkvætt, eit hyllingsdikt til ei dronning – naturen sjølv. Dronninga vår er sjuk, og berre ein heilande age for alt levande kan gjera henne frisk igjen. Gjennom ein serie korte dikt, «destillerte av tårer og puss», blir lesaren invitert med på skogbad i bøkeblad, sommarvals i enga og hugsvalande svalestup. Drope for drope, som ei skål i ein stein, blir merksemda – om små skapningar, dvergmusa høgt på eit strå, og om små rørsler, solgangsbrisen i sivet – slipa og forma slik at kontakten med «fivrelde i kroppen» kan gjenopprettast.\u003cbr\u003e","brand":"Thor Magnus Tangerås","offers":[{"title":"Hefta","offer_id":47975869120733,"sku":"9788234018176","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"promille","title":"Promille","description":"Markus er femten år og har full kontroll. Han har gode venner, gode karakterar og ei søt jente som tekstar han dagleg. Men heime held ting på å gli ut av kontroll. Og det må aldri kome ut. Ingen, ikkje eingong dei som står han nærast, må få vite om mor hans og ølboksane ho prøver å skjule, eller vinflaskene ho prøver å gøyme unna. I alle fall må ingen få vite om det som skjedde i fjor vår.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eVeslesøstera Milla har ikkje merka noko, og pappa seier at alt er fint, at mamma har det betre no, og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Men pappa veit ingenting, og om ikkje Markus sjølv tek ansvar for familien, kjem alt snart til å rakne. Igjen.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMed \u003cem\u003ePromille \u003c\/em\u003ehar Tone E. Solheim skrive ei varm og klok bok om ansvar, drikkepress, alkoholisme i familien og det å miste kontrollen.\u003cbr\u003e","brand":"Tone E. Solheim","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975871742173,"sku":"9788234017056","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_8da12d4a-34f9-4df2-a007-0c1e443f5058.jpg?v=1781269431"},{"product_id":"stella-seier-sanninga-stort-sett","title":"Stella seier sanninga (stort sett)","description":"Det er snart jul, men Stella gruer seg. For både bestevenninna Rania og naboen Hillevi skal reise bort i ferien. Kven skal ho og mora feire saman med då? Når Stella får tenkt seg om, skjøner ho at to er for lite, dei må vera fleire. Og er ikkje eigentleg leilegheita deira stor nok til ein til?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eUtan at mora får vita det, begynner Stella å leite etter ein leigebuar. Det skal vise seg å vera lettare sagt enn gjort, for det er visst berre raringar som finst i denne byen. Når tankane tårnar seg opp i Stella, skriv ho dei ned på lappar i ei bok ho finn på biblioteket. Men kven er det som plutseleg begynner å svara ho?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eStella seier sanninga (stort sett) \u003c\/em\u003eer oppfølgjaren til den Kritikarpris-nominerte \u003cem\u003eStella står i det.\u003c\/em\u003e Boka er illustrert av fabelaktige Oda Valle.\u003cbr\u003e","brand":"Helene Guåker","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975899496669,"sku":"9788234017520","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_2a58fa25-e72b-4c58-84ee-f789bbc3d937.jpg?v=1781104060"},{"product_id":"saman-endra-dei-noreg-historia-om-arne-og-hulda-garborg","title":"Arne og Hulda Garborg: saman endra dei Noreg","description":"Ekteparet Arne og Hulda Garborg er to av Noregs største forfattarar, tenkarar og påverkarar gjennom tidene. Arne kjenner me kanskje best som forfattar av \u003cem\u003eFred \u003c\/em\u003eog \u003cem\u003eHaugtussa\u003c\/em\u003e, medan Hulda blir assosiert med bunaden.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMen det var aldri sjølvsagt at dei skulle bli så markante. I denne biografien blir me tekne med til barndomen deira, til Jæren, der Arne vaks opp med ein tyrannisk og psykisk sjuk far, og til Hamar, der Hulda eit av få barn med skilde foreldre.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eForfattaren Ørjan Zazzera Johansen, som har vore tilsett ved Nasjonalt Garborgsenter sidan 2011, fortel levande og engasjerande om korleis dei radikale tankane til Garborg-paret, til dømes om personleg fridom, likestilling og nasjonal identitetsbygging, har hatt stor betydning for korleis Noreg ser ut i dag. \u003cem\u003eArne og Hulda Garborg – saman endra dei Noreg \u003c\/em\u003eer også ei historie om stor kjærleik, om kreativt fellesskap og om å overleva som kunstnar i eit fattig Noreg.\u003cbr\u003eBoka er illustrert av Lars Henrik Eriksen.\u003cbr\u003e","brand":"Ørjan Zazzera Johansen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975899562205,"sku":"9788234015991","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"bak-med-helle","title":"Bak med Helle","description":"Helle Berg Leiren tok Noreg med storm då ho vann \u003cem\u003eBakemesterskapet junior\u003c\/em\u003e tidlegare i år. Med lekre bakverk og smakfulle kaker imponerte ho ein heil nasjon unge bakarar. No deler ho sine aller beste tips og triks for at både store og små kan lykkast på kjøkkenet. Kanskje får vi nokre forteljingar frå innspelinga og litt sladder frå bak kulissene også?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei bakebok som famnar om alt frå den heilt ferske som prøver seg framfor bakebollen for første gong, til den bakeglade som vil teste ut noko litt meir avansert. Helle deler sine favorittoppskrifter på alt frå brownies og cookies til kanelknutar og dekorative cupcakes.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eHer er noko for kvar smak, uavhengig om du har prøvd deg fleire gongar med slikkepotten i hand eller skal prøve for aller første gong. \u003cem\u003eBak med Helle\u003c\/em\u003e høyrer heime i alle heimar med bakeglade barn!\u003cbr\u003e","brand":"Helle Berg Leiren","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900184797,"sku":"9788234018169","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"kattekjendisen","title":"Kattekjendisen","description":null,"brand":"Ida Eva Neverdahl","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900217565,"sku":"9788234018022","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"31-dagar-i-oktober","title":"31 dagar i oktober","description":"Det nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e31 dagar i oktober \u003c\/em\u003eer ei grøsseleg spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween.\u003cbr\u003eBoka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.\u003cbr\u003e","brand":"Guro S. Auganes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900250333,"sku":"9788234015267","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_088342af-6927-4bde-b72b-ef7d869a2322.jpg?v=1781104046"},{"product_id":"husdraumar-forlatne-heimar-pa-vestlandet","title":"Husdraumar: forlatne heimar på Vestlandet","description":"Fotografen Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert forlatne hus. Forfattaren Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei historie om nokre av dei tomme husa. Grunnane til at lysa er sløkte og folk har reist, er blant anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eAarekol og Eikemo fortel blant anna historia om huset som står slik det gjorde den dagen han som budde der, vart myrda, om snikkaren som ville at huset skulle døy med han, om familiar som har gått frå gard og grunn, og om å bu under bergfall og få ein gigantisk steinblokk klint inntil husveggen. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eEi undersøking i 2026 synte at 200 000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strok.\u003cbr\u003e","brand":"Marita Aarekol","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900283101,"sku":"9788234016356","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"borodino-1","title":"Borodino","description":"Då niesa sender melding frå Paris om at ho har fått ein son, men samstundes er blitt alvorleg sjuk, begynner den gamle læraren straks å skrive eit brev til henne. Det hastar å svare på dei spørsmåla ho stilte som barn: Kven er vi, onkel, og kor kjem vi frå?\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eI eit forsøk på å fortelje om kva plass slekta deira har i verda, trekker han tråden attende til starten av 1800-talet, til Tomas Øvstigard, som deltok i Napoleonskrigane. Det er ei historie om kjærleik, tap og håp som flettar seg inn i livet til etterkommarane på det farlege vinterfisket, om Tomas-på-kvelvet, som overlevde, og vidare fram til slutten av 1900-talet, då han sjølv, niesa og resten av familien ei kort stund levde saman.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eMens han skriv, innser han at 200 år ikkje er så lenge, at eit menneskeliv er kort, men også fullt av det vi strevar med til alle tider. Han skriv seg inn mot si eiga store skuld, og brevet blir eit skriftemål til både niesa og son hennar.\u003cbr\u003e","brand":"Øystein Orten","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900315869,"sku":"9788234017322","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_92542a5d-45a8-4f76-82f6-0a78e0c1887a.jpg?v=1781100173"},{"product_id":"raus-og-nadelaus-historia-om-trond-mohn","title":"Raus og nådelaus: historia om Trond Mohn","description":null,"brand":"Anne Kari Hinna","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900381405,"sku":"9788234017223","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"hopp-i-havet","title":"Hopp i havet","description":null,"brand":"Trude Tjensvold","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900446941,"sku":"9788234017032","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"trolltunga-eit-vilt-stykke-norgeshistorie-1","title":"Trolltunga: eit vilt stykke Norgeshistorie","description":"Trolltunga i Hardanger vart eit nasjonalt ikon og ein internasjonal turistattraksjon på rekordtid. I 2010 gjekk 800 fotturistar til Trolltunga. Åtte år seinare hadde talet stige til 87 000. Kvifor ville plutseleg heile verda til Trolltunga? Og kva problem skapte det med turgåarar som tok fatt på den ti timar lange turen med crocs og sandalar?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eTuristane kom til Odda og Hardanger allereie på slutten av 1800-talet. Ikkje for å gå til Trolltunga, men for å sjå fjell og fjord og beundre Tyssestrengene og Ringedalsfossen, som var blant dei høgste og flottaste fossefalla i landet. Men så kom kraftutbyggarane og anleggsarbeidarane med slegger, bor og dynamitt, for å bygge den norske velferdsstaten. Odda og Tyssedal vart industristader, dei staselege fossane blei lagde i røyr, og turistane forsvann.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei absurd og underhaldande historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Det handlar om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som har evne til å snu seg rundt.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eI dag er ringen slutta, turistane er tilbake, mykje takka vere Trolltunga.\u003cbr\u003e","brand":"Halvor Folgerø","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900512477,"sku":"9788234015748","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_216aed8b-0554-4060-b000-5b113355b549.jpg?v=1781265773"},{"product_id":"livet-er-eit-sprakshov-kva-spraket-har-gjort-med-meg","title":"Livet er eit språksjov: kva språket har gjort med meg","description":"Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. Bli med inn i dei språklege fenomena Linda er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå sekundærkrenkt til reinspikka undertrykt. Frå journalistutdanning til oppseiing i NRK.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er ei generell og personleg forteljing om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: SPRÅKET!\u003cbr\u003e","brand":"Linda Eide","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975900545245,"sku":"9788234015205","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_4ad2a3dc-95b5-4403-900a-b391f5d70f07.jpg?v=1780905791"},{"product_id":"fine-sting-handbok-i-fritt-broderi","title":"Broderisting: grunnbok i fritt broderi","description":"Anten du broderer moderne eller tradisjonelt, lite eller stort, røft eller finsleg, er stinga grunnlaget for arbeidet. \u003cem\u003eBroderi-sting\u003c\/em\u003e samlar dei viktigaste broderistinga i eit lite og oversiktleg hefte. Her lærer du dei grunnleggjande stinga, korleis dei kan varierast, og korleis enkeltsting kan setjast saman til linjer, flater og motiv. Alt er forklart med tydelege arbeidsteikningar, og boka tek deg frå det heilt enkle til meir avanserte sting som krev litt øving.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eFine sting \u003c\/em\u003eer ei god startbok for deg som er ny – og eit nyttig oppslagsverk for deg som har brodert i mange år.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHeftet startar med ei kort innføring i materiale og utstyr, før stinga blir presenterte i ei logisk oppbygging. Heftet er laga for bruk: Formatet er hendig, og boka er meint å liggje open framfor deg medan du broderer.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eFine sting\u003c\/em\u003e er første hefte ut i Laga sin serie med handbøker. Alle bygde opp rundt same lest: grundige og enkle på same tid og i eit hendig format. Sjå laga.no for meir informasjon om komande utgjevingar.\u003cbr\u003e","brand":"Kathrine Gregersen","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":47975973781725,"sku":"9788234018107","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"det-gar-sikkert-bra-folk-eg-har-mott-og-ting-eg-har-laert","title":"Det går sikkert bra: folk eg har møtt, og ting eg har lært","description":null,"brand":"Arne Hjeltnes","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":48007744389341,"sku":"9788234017162","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}]},{"product_id":"forstetouch-1","title":"Førstetouch","description":"Det viktigaste i livet til Tuva er fotball. Ho går siste året på ungdomsskulen, og draumen hennar er å koma inn på toppidrettsgymnaset og få skikkeleg keepertrening. Alt ligg til rette for det, heilt til Sara begynner i klassen. Det er noko ved den nye jenta, og når Sara set auga i Tuva på fotballbanen, mistar ho heilt fokus. Tuva fell pladask, men kva er det eigentleg Sara vil med Tuva?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eFørstetouch \u003c\/em\u003eer ei bok om å mista fotfeste, om forelsking og fordommar – og om fotball.\u003cbr\u003e","brand":"Monica Laupsa","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":48015108931805,"sku":"9788234014291","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_1fcadbeb-2b9a-458b-8de8-9e9dbf5dfe84.jpg?v=1781104039"},{"product_id":"jotten-jotto-og-larsen-og-problemet-med-fastlegen","title":"Jotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen","description":"Ein dag når Jotten, Jotto og Larsen skal gå på soppsanking, har det skjedd noko svært merkeleg. Soppen er borte! Nokon har stole frå alle sopp-kassene i bygda. Kva i all verda skal dei ete no? Når Jotten blir så svolten at han trugar med å ete Larsen, søker Larsen tilflukt hos fastlegen. Ho er jo alltid så snill. Men korfor oppfører fastlegen seg så merkeleg? Og kva er den mystiske røyken som siv opp frå bakken?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eJotten, Jotto og Larsen og problemet med fastlegen \u003c\/em\u003eer ei humoristisk og fantasifull historie om fellesskap, einsemd og skikkeleg god sopp.\u003cbr\u003e","brand":"Marianne Gretteberg Engedal","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":48015109259485,"sku":"9788234015250","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_a437898d-b498-4d59-b1cc-b018430a6c73.jpg?v=1781104043"},{"product_id":"ingen-kan-na-oss","title":"Ingen kan nå oss","description":"Heilt sidan Dima kom flyttande til Moldvik frå mottaket, har ho og Jenni vore uskiljelege. No ventar tiande klasse, og Jenni og Dima gler seg vilt. Dei skal feste, dei skal sette opp framsyningar med teatergruppa – og er det ikkje noko ekstra spesielt med Sigurd, den nye guten i klassen? Men heime hos Dima har eit mørke teke plass i faren. Kva er det han ikkje fortel?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eEin dag står ein politibil utanfor huset deira, og verda fell saman. I lag med familien vert Dima send ut av landet. Jenni står knust og aleine att. Korleis kan ho hjelpe bestevenninna si heim?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eIngen kan nå oss\u003c\/em\u003e er ei medrivande forteljing om sterkt vennskap, om krafta i kunsten og om å freiste å halde fast når ytre krefter vil slite ein sund.\u003cbr\u003e","brand":"Hilde Myklebust","offers":[{"title":"Innbunden","offer_id":48015110373597,"sku":"9788234014413","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":false}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0721\/6979\/files\/jpg_d91e53e2-1519-4934-a665-2272b7f3ea9d.jpg?v=1781104056"}],"url":"https:\/\/samlaget.no\/collections\/haustens-boker-2026.oembed","provider":"Samlaget","version":"1.0","type":"link"}