Robotsand: dikt

Åsa Maria Kraft |
E-bøker | Sidetal: 120 | ISBN: 9788234002250

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Ein poetisk kviskreleik

Dokka, både som leike og bilde, som representasjon for menneskeleg liv, er det fascinerande og tankevekkande utgangspunktet for Åsa Maria Krafts diktsamling Robotsand. Her høyrer vi stemmene frå padledokker - gravgåver i det gamle Egypt - og dokkene på øya Isla de las Munecas som er hengde opp i tre til minne om tapte barn. Vi møter også heimesnikra hundar plasserte i rundkøyringar og Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene.

Robotsand er engasjerande, open og leikande, og dikta blir som eit kjedebrev eller ein kviskreleik gjennom tida, der lesaren sjølv tar del i lyttearbeidet.

Den svenske poeten Åsa Maria Kraft (f. 1965) debuterte i 1997 med 4 påhitt. Bøkene hennar beveger seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og ho har mottatt fleire prisar for forfattarskapen sin. Med Robotsand frå 2018 blir Kraft for første gong utgitt på norsk.

Bla-i-boka

Åsa Maria Kraft

Du likar kanskje desse

Sist sett på